Hopp til hovedinnhold

Bærekraftige energinarrativer

Tekstilindustrimuseet er ein del av nettverksprosjektet "Bærekraftige energinarrativer - industrimuseum møter klimakrisen". Prosjektet set fokus på industrimusea sine mandat før og no, og undersøker korleis dette kan brukast kritisk til å utvikle nye narrativ om industri og energi.

  • Elv med brunt flaumvatn i bratt landskap.
    Flaum i Milaelva ved Salhus Tricotagefabrik, 2007. Tekstilindustrimuseet

Kva historier fortel vi om industri og energi?

Industrimusea er tett knytte til klimaspørsmålet, då dei teknisk-industrielle musea i dag stiller ut, forvaltar og formidlar den samfunnsformasjonen som står bak klimaendringane. Prosjektet tek utgangspunkt i at musea ikkje er passive gjenforteljarar av energi- og industrihistoria, men er aktivt med på å lage den. Målet er å auke forståinga av korleis energi og industri har blitt organisert, formidla og gjort til allmenn kunnskap gjennom musea sine forteljingar. 

Prosjektet ynskjer å:​

    • utvikle nye narrativ om energi, industri og klima
  • bidra til museologisk kunnskap om teknikk- og industrimuseum og museal formidling og forvalting av klimaspørsmålet
  • utvikle meir relevante samlingsregistreringar

Bærekraftige energinarrativer er leia av Norsk Teknisk Museum, i regi av Nettverk for teknologi- og industrihistorie. Prosjektet er støtta av Kulturdirektoratet, og utført i samarbeid med Norsk Teknisk Museum, Oljemuseet, Oslo museum, NVE si museumsordning og Vestfoldmuseene ved Aluminiumsmuseet.

Korleis arbeider industrimusea med klimaendringane?

To tilsette ved Tekstilindustrimuset deltek i ulike arbeidspakkar i prosjektet. I 2023 har vi kartlagt klimaendringane sin plass i musea i nettverket saman med Norsk Teknisk Museum, og publiserte prosjektrapporten i mai. Rapporten undersøker i kva grad klimaendringane er til stades i musea sine planar, samlingsforvaltning og arbeid generelt. Svara vi har fått viser at mange museum arbeider breitt med klima og berekraft, samtidig viser undersøkinga at dette er ein forholdsvis ny kontekst å sjå samlingane i. 

Rapporten føreslår blant anna å bruke emneord knytt til klima og miljø for å gjere det lettare å finne fram til materiale knytt til temaet på DigitaltMuseum. Desse er lagt inn som eit tillegg i datasettet Emneord for foto. 

For å ta i bruk lista i Primus, gå til KulturNav-import > Felleslister:

  • for å bruke heile datasettet som motivemneord for foto: vel Emneord​ for foto
  • for å bruke berre dei miljø- og klimarelaterte emneorda til foto: vel Miljø og klima - motivemneord
  • for å bruke dei miljø- og klimarelaterte emneorda som emneord til gjenstandar: vel Miljø og klima - emneord

Nytt undervisningsopplegg

Vi utarbeider òg «Buksa mi», eit undervisningsopplegg om klede i samarbeid med Oslo museum, som no er i ferd med å bli prøvd ut på skular, og vil bidra til ein fagfellevurdert antologi i prosjektet. «Buksa mi»er eit er eit undervisningstilbod som utfordrar elevar på ungdomstrinnet til å komme med konkrete forslag til korleis vi kan stoppe verdas overproduksjon og overforbruk av tekstilar.

Museum24:Portal - 2024.10.30
Grunnstilsett-versjon: 1