Hopp til hovedinnhold

Eit berekraftig utopolis?

Gruppeutstillinga Eit berekraftig utopolis?, med kunstnarane Audgunn Naustdal Holsen, Silje Heggren og Torunn Halseid Marø, viser måleri, tekstilarbeid og installasjonar.

17.02.–14.04.2019

Arbeida viser til både industri og handverk, til det å tru på det umogelege, og det å ta vare på det me har, til omsorg og omtanke, til å ha draumar, og til det å erkjenne korleis røynda er her og no. Er det mogeleg å tru på ei berekraftig framtid? Velkomen til debatt kring temaet!

Kurator: Anneli Belsvik Aras.

Om kunstnarane:

Audgunn Naustdal Holsen (f. 1954) er utdanna ved Statens Høyskole for Kunsthåndverk og Design (no KMD/UiB) i Bergen i åra 1981-1984. Ho tok diplom med spesialisering innan tekstiltrykk og farging i 1986. Etter utdanninga har ho hatt tekstilverkstad i Førde sentrum og i Holsen. Ei tid underviste ho i formgjevingsfag i vidaregåande skule, men arbeider no som tekstilkunstnar på heiltid. Industri møter handverk i mange av Holsen sine arbeid, og ho er oppteken av berekraft, både når det gjeld materialval og utnytting av restar frå eigen kunstproduksjon. Avfall frå eitt prosjekt har potensiale til å bli ein ressurs i neste prosjekt.

Ho har hatt fleire utsmykkingsoppdrag, og er innkjøpt av kunstindustrimuséa i Oslo, Bergen og Trondheim, samt av Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Holsen har hatt separatutstillingar og delteke på juryerte gruppeutstillingar nasjonalt og internasjonalt.


Silje Heggren (f. 1978) er ein Bergensbasert biletkunstnar og kunsthistorikar. Ho vart uteksaminert frå Vestlandets Kunstakademi i Bergen i 2002, og i tillegg har ho fullført ein mastergrad i kunsthistorie ved UiB i 2017.

Heggren jobbar primært med måleri, teikning og grafikk. Dei seinaste åra har Heggren vore oppteken av evighetsmaskinar, maskinell estetikk og utopiske konstruksjonar. Arbeida hennar er umiddelbare, fargesterke og direkte, men dei inviterer også til vidare refleksjon og fabulering. Bileta hennar er måla med klåre, monokrome fargeflater satt stramt opp mot kvarandre, der penselstrøka ikkje er synlege.

Heggren har hatt ei rekke separatutstillingar i inn- og utland, og ho er bl.a. innkjøpt av Norsk Kulturråd, Kunstmuseene KODE og til Statoil sine samlingar.


Torunn Halseid Marø (f. 1967 i Haugesund) utdanna seg fyrst til dekoratør, men fann etter nokre år i yrket ut at ho ønskja å ta steget ut for å bli kunstnar. Ho byrja som student ved institutt for tekstil ved Statens høgskole for Kunsthåndverk og Design (no KMD/UiB) i 1994, eit naturleg materialval etter å ha tilbrakt store delar av barndomen med å lære tekstile teknikkar frå mormora si. Marø brenn såleis særskilt for tekstilhistorie, kulturhistorie og kvinnehistorie, og i mange tilfelle fell desse tre også saman. Ein vil kunne finne spor av gamalt tekstilhandverk i dei fleste av arbeida hennar. Slik uttrykkjer arbeida til Marø både omsorg og ressursutnytting, slik våre formødrer i si tid var tvungne til.

Marø vart uteksaminert med mastergrad i spesialisert kunst i 2001. Ho omtalar det å ta kunstutdanning, og det å leve som kunstnar, som ein modningsprosess som framleis pågår.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1