Hopp til hovudinnhald

Galleri Salhus: Eli Raa Nilsen

Minneutstilling for billedkunstnar Eli Raa Nilsen frå Salhus.

Minneutstilling for billedkunstnar Eli Raa Nilsen frå Salhus.

Tekstilindustrimuseet
23. feb. – 11 .april 2025
  • Thor Brødreskift

Søndag 23.feb. kl. 14 opna Galleri Salhus minneutstilling etter kunstnaren Eli Raa Nilsen. 

Stor takk til Knt Langeland for opningstale, og til Wenche Dorothea Haukland som spelte fløyte på opninga.

Eli Raa Nilsen var utdanna frå Kunstakademiet i Bergen på 1980-talet, og har etterlatt seg ei stor mengd teikningar og måleri.

Denne utstillinga viser eit utval bilete frå ulike periodar i hennar kunstnarskap, og er kuratert av Anneli Belsvik Aras og Siri Angela Gamborg.

Eli Raa Nilsen vaks opp i Salhus, og det er stas for Galleri Salhus å få vise denne utstillinga t.o.m. 11.april.

Utstillinga er ope onsdag-fredag 11-15 og søndag 12-17.

Viktig informasjon: kaféen er for tida stengt grunna sykdom. Du er velkomen til å ete eigen nistepakke i kaféen og museet spanderer kaffi/te.

Lån ein kunstkoffert!

Vi har utvikla ein kunstkoffert med spanande oppgåver for barn. Bli med på kunstjakt og lag din eigen rimtusse. Det er gratis å låne kofferten.

Hjarteleg velkomen!

  • 1/6
    Thor Brødreskift
  • 2/6
    Thor Brødreskift
  • 3/6
    Thor Brødreskift
  • 4/6
    Thor Brødreskift
  • 5/6
    Thor Brødreskift
  • 6/6
    Thor Brødreskift

Om utstillinga og kunstnaren

Det fyrste som slår oss i Eli Raa Nilsens målarkunst er dei frodige og strålande fargane, klåre og metta eller glidande inn i mørkare og meir subtile fargeklangar. Dei fortel oss om livsglede og energi, men og at livet har mørkare og meir skjulte sider som kanskje berre kunstnaren sjølv ser spora av i det ferdige måleriet. Denne dualiteten ligg og i formene, som ofte balanserer mellom det skarpt definerte og det uklåre. Ved fyrste augnekast kan vi kanskje tru at bileta er enkle og lettfattelege, men stoppar vi litt lenger opp ved dei, dukkar ofte nye og meir subtile figurar og former opp bak eller innimellom hovudfigurane.  

Her er mange tema og mange teknikkar, ikkje uvanleg for eit kreativt og ope sinn, som alltid og kanskje litt rastlaust er på veg framover mot noko nytt og uoppdaga.  

Grenseoverskridande titlar som «Magisk teater», «Getsemane» og «Sirkus» definerer verda som ein scene der store og små forteljingar går føre seg på mange plan – og kan tolkast på mange måtar.  

Det figurative og forteljande i denne utstillinga er ein raud tråd det gjev meining å sjå nærare på. Her er vaksne, born og dyr, historiske, mytiske og religiøse figurar. Forteljinga er gjerne iscenesett i omgjevnader mellom konkrete hus og natur og det utflytande rommet utan synlege grenser. Forteljingane er ofte henta frå ei for oss kjent kulturarv; symbol frå eventyr, myter og segner, bibelske scener og skikkelsar leiar oss inn i og forbi tilværet sin materielle røyndom, og vidare ut i det grenselause rom. 

Også vestlandsnaturen, husa i landskapet, og det heilt abstrakte måleriet har Eli Raa Nilsen utforska. Det konkret figurative med dei to badande borna, der målinga berre så vidt dekkar lerretet, og dei tjukke pastose strøka i dei seinare landskapsmåleria, viser ei årelang utforsking av oljemediet. I alt dette følgjer fargane med. Som ho sjølv uttrykte det: - Eg etterstrebar dualitet i bileta mine, samspel og spenning mellom fargar. Eg ser etterklang av opplevingar på lerretet, og justerer for å få tonane i samspelet til å utgjera ein komposisjon.* 

Eli Raa Nilsen formidla mykje av seg sjølv både i ord og handling, i intervju og lesarinnlegg, om lokale og globale tema, med medlemskap i sosiale og politiske fora. For ein open person i møte med nye folk og nye impulsar, vart måleriet med sine uendelege mogelegheiter for variasjonar av lys, skugge, fargar og former det rette mediet å uttrykkje seg gjennom.   

Ei mindre gruppe bilete her er portrett, to sjølvportrett og ei sjarmerande skisse frå ein skogstur er blant dei. Her kjem kunstaren sin mjuke og fine strek og personlege karakter tydeleg fram. 

I ei omfattande utstilling av oljemåleri skal vi heller ikkje gløyme bileta i pastellteknikk med gjenkjennelege motiv frå folkeeventyra våre. Her kan borna glede seg! 

av Siri Angela Gamborg

Kunsthistorikar

Foto frå opninga

  • 1/6
    Opning av utstillinga Eli Raa Nilsen Thor Brødreskift
  • 2/6
    Opning av utstillinga Eli Raa Nilsen Thor Brødreskift
  • 3/6
    Opning av utstillinga Eli Raa Nilsen Thor Brødreskift
  • 4/6
    Opning av utstillinga Eli Raa Nilsen Thor Brødreskift
  • 5/6
    Opning av utstillinga Eli Raa Nilsen Thor Brødreskift
  • 6/6
    Opning av utstillinga Eli Raa Nilsen Thor Brødreskift

Opningstale ved Knut Langeland

Eli Raa Nilsen skilte seg tidleg ut. Liten, lett, smilande og livsglad. Ho var som ein skjør fugl som flaug frå grein til grein. Nyfiken på livet.

 

Slik omtrent begynner omtalen av Eli Raa Nilsen i Julekalenderen for Salhus, luke 15 i 2022.

 

Eg har ingen kunstfaglege forutsetningar for å vurdera Eli sin kunst, men heldigvis er det slik med kunsten at han snakkar til oss med ulik røyst alt etter kven vi er. Eg ser i kunsten til Eli ganske mykje forskjellig. Fargerikdom, ein barnsleg glede, kjærleik til menneske, men også til dyr og natur, eg ser åndeleghet, religiøsitet og eksistensiell undring.

 

Eg kjende ikkje Eli inngåande, ho budde mesteparten av livet sitt borte frå Salhus. Men i bileta hennar ligg, trur eg, mykje av hennar personleghet. Ein naivitet, ein skjørhet, ein sårbarhet, ein lengt etter eit ideal som i praksis viser seg å vera så fortvilande uoppnåeleg. Fordi vi menneske notorisk viser seg å vera forderva av vår tilbøyelighet til vekst og velstand, til overflod og eigesjuke.

 

Eli var motsatsen til denne vår tids aller giftigaste styggedom. Eli var befriande frigjort frå ambisjonen om materiell overflod. Desto meir oppteken av det mellommenneskelege. Av relasjonar, av ei djupare meining, av hopehavet med naturen, av godhet og kjærleik.

 

Eli var ei typisk kunstnarsjel. Sprituell, søkjande, undrande, drøymande, poetisk, filosofisk og mystisk er ord som blir brukt om henne. Endå om ho ikkje var religiøs i ordets rette tyding, hadde ho ei religiøs og poetisk tilnærming til livet. Ho hadde ein medfødd sut for dei svake og stemmelause, og denne empatien går det an å kjenna att i bileta og installasjonane hennar.

 

Det var tydeleg for alle, også for dei av oss som berre kjende henne perifert, at Eli var spesiell. Spesiell er ein tvetydig karakteristikk, men i ei lita bygd har den lett for å vera negativt lada, og det kan sjølvsagt kosta å skilja seg ut frå alle dei som vel ein meir tradisjonell veg enn den Eli tok. Eg trur ikkje det kosta for Eli. Ho var kompromisslaust seg sjølv. Truleg ville det ha kosta henne mykje meir å vera ein annan enn den ho var fødd til å vera. I realiteten var nok Eli ei som ikkje for nokon pris kunne gå på akkord med sine eigne verdiar og det ho opplevde som eit kall i livet. Å bli kunstnar.

 

Eli blei kunstnar, og i Salhus hadde ho mange som hadde gått opp den stien for henne. Salhus er historisk sett bemerkelsesverdig rik på kunstnarar. Waldemar Johnsen, Monrad Holm Johnsen og Salhuskvintetten, Jacob Salhus, Gunnar Slettebakken, Bjørn Jensen og Salhusvinskvetten, for å nemna nokre av dei mest markante. Vi såg dei først og fremst som heilt alminnelege sambygdingar, men kunstnarar var og er dei også, så gode som nokon.

 

Slik var det med Eli også. Ujålete og alminneleg, først og fremst sambygding.

 

Det er ei stor ære for meg å få lov til å opna denne utstillinga og samtidig, heilt for eigen rekning, innlemma Eli Raa Nilsen i denne Salhus sin Walk of Fame. Eg håpar alle som er her i dag, let ordet gå om denne kunstnarsjela, og denne utstillinga, som er med og gir Salhus karakter, identitet, stolthet og sjølvtillit.

 

Så då gjer eg som dei kongelege og andre notabilitetar gjer ved slike høve; erklærer denne utstillinga av Eli Raa Nilsen sin kunst for opna!

Museum24:Portal - 2025.03.18
Grunnstilsett-versjon: 2