Hopp til hovedinnhold

Gruppeutstilling: Far Out Oddity

Seks unge kunstnarar står bak sommarutstillinga Far Out Oddity på Norsk Trikotasjemuseum i Salhus. Alle kunstnarane har ein felles bakgrunn frå tekstil på Kunsthøgskolen i Bergen, men dei har stilt kvarandre fritt i forhold til tema, materiale, uttrykksform og innhald. Det har skapt ei variert utstilling der dei ulike verka både snakkar saman og utfyllar kvarandre, men på sett og vis også er i opposisjon til kvarandre.

28.05.–12.09.2010

Tittelen refererer til kunstnarlege prosessar i eit større perspektiv. Ordet «oddity» viser til noko som er besynderleg og annleis. I denne samanhengen handlar det om å skape ei anna vinkling på kvardagen, historia og samtida, og om å legge til rette for undring og engasjement. Tatoverte kvinner, slitesterke husmødrer og hjernevaska sexobjekt er berre litt av typegalleriet du møter på utstillinga. I tillegg handlar det og om ein fascinasjon for forholdet mellom kultur og natur, menneskelege band og kjensler.

Mona Høie (1987) har fokusert på 20-talets freakshow og kvinnelege tatoverte oddities. Aoi Yoshizawa (1983) er interessert i tekstil som eit medium i menneskelege relasjonar. Kan tekstil som materiale hjelpe oss å kommunisere med kvarandre? Kiyoshi Yamamoto Farias (1982) er fascinert av naturen. Med tekstil og lys vil han inne i utstillingsrommet skape ein installasjon som gir ei kjensle av å vere ute og i naturen. Tora Endestad Bjørkheim (1986) utforskar madonna/hore-komplekset med utgangpunkt i kvinna som både sexobjekt og husmor. Marit Tunestveit Dyre (1983) har jobba med positive kjensler og opplevingar, og fokusert på korleis desse fysisk påverkar kroppen. Er det mogeleg å visualisere kjensler? Elisabeth Petch (1986) tar utgangspunkt i eigen familie og gjennom eit tekstilt assosiasjonsmateriale portretterer ho ein generasjon slitesterke kvinner. 

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1