Hopp til hovedinnhold

Klostersaum til folket!

Kva har broderiet som hobby hatt å seie for norske kvinner og menn, og kvar er det i dag?

Nål. Tråd. Kjærleik – ei utstilling om broderi

19.06.2016–03.09.2017

Norsk Trikotasjemuseum har overteke bedriftsarkivet og tekstilar etter Gunnar Pedersen AS, ein av dei store norske broderiaktørane i siste halvdelen av 1900-talet. Utstillinga viser tekstilar, foto og mønster frå samlinga og trekkjer linjer til samtida. Gunnar Pedersen AS (1915-86) var ein av dei fremste norske representantane for det kommersielle broderiet på 1900-talet. På denne tida har broderiet blitt allemannseige, og vert selt gjennom brodeributikkar, veke- og mønsterblad. Bilpute, klokkestreng, pyntehandkle og benkeduk: ei kvar flate har plass til ein brodert tekstil. Kva har vekeblads-broderia hatt å seie for interiøret i norske hus?

Samlinga etter Gunnar Pedersen A/S er ei gullgruve av mønster, tekstilar og foto, med hovudvekt på 1950–80-talet. I denne utstillinga vil vi blant anna løfte fram 1970-talets store farsott, klostersaumen, frå gløymeboka.

Broderi: no

I 2016 er det ikkje lenger broderioppskrifter i Det Nye, og vi kjøper gjerne bordduken ferdig på IKEA. Strikking har er i vinden, men kva rolle har broderiet som hobby i dag? Og kva broderer folk? For å få svar på dette har vi invitert publikum til å sende oss foto av broderi dei har laga etter år 2000. 70 av desse er ein del av utstillinga: frå Bergen til Bærum, Skien til Stjørdal.

Vi tek imot fleire bidrag og viser dei på skjerm gjennom heile utstillingsperioden, og inviterer alle til å bli med på eit fellesprosjekt i utstillingsrommet. Send foto av ditt broderi til hanne.dale@muho.no. 


Utstillinga er produsert ved Norsk Trikotasjemuseum
Utstillingsansvarleg: Ann Kristin Ramstrøm.
Prosjektansvar og tekst: Hanne Dale
Design: Geir Goosen

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1