Hopp til hovedinnhold

Karin Aurora Lindell: Lindells mobile tekstilfabrikk

Med kunstutstillinga til biletkunstnar Karin Aurora Lindell (1955) ynskjer Norsk Trikotasjemuseum å setje fokus på dagens globale tekstilindustri. Lindell har lenge vore oppteken av tekstilbransjen og (anti)verdiane i den, og i denne utstillinga stiller ho spørsmål rundt globalisering, menneskeverd, arbeidsmiljø, pengar og forbrukarmakt i tekstilbransjen gjennom verka Syerske og Corps de ballet.

05.06.–12.10.2014

Bakgrunnen for verket Corps de ballett er fabrikkbrannane i land som Bangladesh og Kambodsja, der tittelen viser til at dei bangladeshiske syerskene er totalt usynlege for forbrukarane, og at arbeidsplassen deira kan bli ein dødsballett. I installasjonen Syerske viser scenografien til maleria til barokkunstnaren Vermeer. Han malte fleire kvardagsscener med kvinner som arbeider stillferdig. I utstillinga til Lindell er den barokke idyllen broten; i dagens eksportmarknad av tekstilar føregår arbeidet til syerskene (kvinner og barn) i støyande, livsfarlege fabrikkar saman med hundrevis av andre arbeidarar, ikkje i heimlege interiør som hos Vermeer. 

Syerske (2007–2017) er Karin Aurora Lindells performative installasjon. I denne spelar ho sjølv hovudrolla, der ho trakterer symaskina, river remser av lerretsstoff og stryk band. Ni symaskiner, forvridde som om dei har blitt utsette for brann, er òg ein sentral del av utstillinga. Desse er lydsette av musikkteknikar Knut Olai Mjøs Helle. Lyden frå maskinene som «syr» gir publikum ei kjensle av strev og slit gjennom nålene som tråkkar i veg.

 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1