Hopp til hovedinnhold

Søren Zeuth: Rana Plaza Fashion

Rana Plaza husa fem tekstilfabrikkar som produserte kler til globale tekstilkonsern og til vestlige motehus. Bygningen hadde åtte etasjar, men hadde kun tillatelse til å bygge fem. Dagen før kollapsen hadde inspektørar evakuert arbeidarar sidan det var oppdaga revner i bygningskonstruksjonen. Likevel vart arbeidarane beordra og trua tilbake på jobb av fabrikkleiinga. På morgonen gjekk straumen og generatorane starta opp. Deira sterke bevegelsar fekk bygningen til å kollapse. Søren Zeuth har tatt foto av restane etter fabrikken og snakka med tekstilarbeidarane som overlevde katastrofen.

09.04.–20.09.2015

Zeuth sitt mål er ikkje bare å peike på sorga og elende etter denne grusomme katastrofen, men å peike på kva konsekvensane blir når det er forbode, eller ein blir trua på livet, dersom ein organiserer seg i fagforeiningar i ein av verdast største industri, tekstilindustrien. Dette gjeld ikkje bare i Bangladesh, men og i andre land kor tekstilindustrien har etablert seg i dag. Han viser også at fråveret av politisk styring, lokalt og globalt, fører til umenneskelege forhold blant arbeidarane, både i tekstilindustrien og i andre industriar kor produksjonen er flytta til såkalla lågkostland.

Framtiden i våre hender leverte i februar i år ein rapport som omhandlar arbeidsforholda til arbeidarar i tekstil- og elektronikkindustrien i India, «Mind the gap»: Mange av fabrikkane i rapporten produserer varer for norske kleskjeder som mellom anna Dressmann, Cubus, Bik Bok og Carlings. Rapporten viser at arbeidarane mellom anna har dårlige arbeidsforhold, låge lønningar og få rettigheter. Mange slit i tillegg med gjeld dei ikkje klarer å betale unna.

24. april 2015 var det på dagen to år sidan Rana Plaza kollapsa, og framleis grev etterlatte i ruinane etter spor frå sine kjære som dokumentasjon på at dei arbeidde ved fabrikken, og finn dei det, kan det vere at dei får erstatning. Men pr i dag er det lite å hente for dei som sit igjen, ingen vil påta seg ansvaret og dermed betale ut erstatningar som dei treng til medisin eller anna.

Arild Hermstad, leiar av Framtiden i våre hender, opna utstillinga. Søren Zeuth var til stades, og det var musikalske innslag ved Albert og Elise.

 

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1