Hopp til hovedinnhold

Stoff, støy, strev, stemmer

Ei utstilling som samanliknar og ser på tekstilarbeiderne sine arbeidsforhold i Bangalore i India i dag og trekker linjene tilbake til tekstilindustrien i Salhus og Norge.

Frå Salhus til Bangalore – ei utstilling om dagens tekstilarbeidarar i India

2013–2018 – Skulehuset


Eit sentralt tema er å belyse rolla som fagforeiningane har hatt i Norge for å betre rettighetane til arbeiderne. Våren 2012 var to tilsette ved museet i India på eit feltarbeid, Mariela Norheim og Åshild Thorsen (prosjektleiar). Deira hovedkontakt i Bangalore, kor det bur og arbeidarar 500 000 i tekstilindustrien, var fagforeininga GATWU. GATWU fortel om mange av dei same utfordringane som ein kjempa for i Norge for over 100 år sidan: regulering av arbeidstid, hindre ubetalt pålagt overtid, kjempe fram rettane til fri og ferie, kjempe for ei lønn å leve for og ikkje kun ei minstelønn.

I India tar fagforeningane ei ekstra rolle utover kva vi vanlegvis er vane med i dag, nemleg å kjempe for at barna til tekstilarbeidarane får ordna og trygge passordningar og slepp å vere overlatt til seg sjølve mens foreldra er på tekstilfabrikken. Dei set også fokus på retten til å jobbe i ein fabrikkbygning som er sikra mot brann og dei kjemper for eit forbud mot seksuell trakkasering og uthenging på fabrikkane.

Foto, korte dokumentarfilmar, ein "indisk leilighet" som viser buforholda til tekstilarbeidarane. Informasjon om tekstilindustrien i Norge og India, og om fagforeningane si rolle, er kva vi viser i denne utstillinga.

Utstillinga er produsert ved Norsk Trikotasjemuseum. Alle foto i utstillinga: Åshild Sunde Feyling Thorsen. Fotoet her er frå då ho og Mariela Norheim var heime hos ein av dei mange hundre tusen som jobbar i tekstilindustrien i Bangalore. Eigne undervisingsopplegg for barn og unge frå og med hausten 2013. Utstillinga er eit bidrag til Stemmerettsjubileet 2013.

Ustillinga er støtta av Bergen kommune, Hordaland Fylkeskommune, Fritt Ord, Norsk kulturråd, BKK og Barne- likestilling- og inkluderingsdepartementet.
 
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1