Salhus Jaquardveveri vart oppretta av fabrikkeigar Jurg Clausen, eldste son av Philip Christian Clausen eigar og disponent ved Salhus Tricotagefabrik. Jurg var fabrikkeigar og disponent ved veveriet til hans død i 1949.
Salhus Væverier var den første ullvarefabrikken som installerte eige jaquardveveri. Ein jaquardvev bruker holkort til å skapa mønster i vovne tekstil – og blir ofte nemnt som forløparen for programmering og digital databehandling. Salhus Væverier produserte jaquardvevde sengeteppe, ullteppe, bordteppe, møbelstoff og plysj og dessutan finare broderstoff, kamgarn, flanellar og dresstøyar.
Prøysisk Junkervælde i Salhus?
Ei av dei meir dramatiske hendingane i Salhus fabrikkhistorie fann stad våren 1920. Salhus fagforeining vart etablert i 1919 og bestod av arbeidarar frå både veveriet og trikotasjefabrikken. Ei av dei viktigaste sakene til fagforeininga var tarifflønn, på linje med landstariffen til tekstilarbeidarane på kr. 1,70 per time. Salhusarbeidarane låg på 1.50 per time. Fabrikkeigarane (og brørne) Emil og Jurg Clausen nekta å gå til forhandlingsbordet med fagforeininga, og 1. mars svarte Salhusarbeidarane med å leggja ned arbeidet i begge fabrikkane.
I ein artikkel i avisa «Arbeidet» frå 29.4 1920 får brørne Clausen gjennomgå. «Seiersrusen har bragt herrene til at drive forfølgelse mot dem som hadde vaaget at gaa i spidsen med krav om høiere løn. Der er arbeidere som har været i fabrikken i 10, 15 og 20 aar, som nu er negtet at komme tilbake til arbeidspladsen. De skal traffes fordi de var saa fræk at be om 20 øres tilllæg.» Mangeårige arbeidarar som var i front i fagforeininga og i streikesaka vart altså nekta å komma tilbake til fabrikken, andre streikande vart også trua med å bli kasta ut av heimane sine. Dei fleste budde i bustader som var eigd av fabrikken.
Laurdag 8. mai vart streiken avblåsen og fabrikkane starta på nytt. Det viste seg då at dei mest aktive arbeidarane bak streiken ikkje vart tekne inn igjen i arbeidet. Dette vart oppfatta som streikebryteri av Samorganisasjonen i Bergen som lenge hadde følgt kampen til salshusarbeidarane for tarifflønn.
12. mai 1920 skriv Bergen Arbeiderblad om dramatiske tilstandar ved veveriet i Salhus. «I formiddag kom der en motorbaad med 40 mand av Ordensvernet ind til Salhus, og den «røde Garde» rykkede ind i Salhus Væverier, hvor det fjernede 3 uorganiserte arbeidere fra fabrikken. De tog dem likesaagodt for sikkerhets skyld med sig til Bergen!.» Avisa Arbeidet beskriv den same hendinga med litt andre ord. At Arbeidernes Ordesvern har rydda opp i utålelege forhold på ein roleg og effektiv måte. Ei anna kjelde påstår at det også blir halde ein flammande appell om solidaritet, samhald og alvoret i streikebryteri. I løpet av ettermiddagen kom ei båtlast med politi til Salhus. Frå 12. mai til 7. juni same år er politiet til stades med patruljar i Salhus for å hindra liknande angrep på fabrikkane.
Historia fortel vidare at Clausen bad alle fagorganiserte og streikande om å ta han i handa og lova at dei ikkje igjen skulle laga til bråk på arbeidsplassen. I løpet av sommaren blir det endåtil påstått at dei arbeidarane som er att fekk påslag i lønn tilsvarande dei 20 øra dei hadde bede om. Fagforeiningsleiarane derimot, fekk rydda seg og familiane sine ut av bustadene til fabrikken og søkja arbeid andre stad. Det var kanskje ikkje så lett då brørne Clausen i tillegg hadde sendt ut åtvaringar om bråkmakarane til andre tekstilfabrikkar i området.
Fagforeningen vart lagd ned etter kort tid og først i 1945 får ein ei fast fagforeining i Salhus.
Veveriet heldt fram med å produsera vovne stoff, teppe og produkt fram til dei vart nedlagde i 1977. Trikotasjefabrikken kjøpte bygningsmassen som vart brukt til lager og fabrikkutsal. I dag rommar det som står igjen av bygningsmassen private leilegheiter.