Hopp til hovudinnhald

Sy prosjektveske med Zenab Mahmood

Lær deg å sy en zero-waste prosjektveske med Zenab fra Symesterskapet.

Tekstilindustrimuseet
06. mai 2025
17.00 – 20.30
07. mai 2025
17.00 – 20.30
  • Zenab Mahmood

Sy di eiga zero-waste prosjektveske

Lær deg å sy ei zero-waste prosjektveske! Veska er perfekt for hobbyprosjekta dine. Den har utallege moglegheiter for tilpassing og er ein fantastisk måte å bruke kreativiteten din på.  

Alt du treng, er eit kvadratisk stoffstykke (+ fôr) og ein genial bretteteknikk (origami) – og vips, så har du ei prosjektveske som er både zero waste og like fin på innsida som på utsida.  

Du kan sy den så enkelt som skildra ovanfor, eller du kan gjere ho meir avansert med ei glidelåslomme.

Kurshalder: Zenab Mahmood

Zenab er kjend for det norske folket etter deltakinga si i Symesterskapet. Ho elskar gjenbruk, vintage og plantefarging.

Ho kjøper minst mogleg nytt og handlar hovudsakleg second hand. Søm er ein stor del av kvardagen hennar.

 Praktisk informasjon

  • Dato: 6. og 7. mai kl. 17:00–20:30.
    (Same kurs blir halde begge dagane, så meld deg på éin av dei.)
  •  Nivå: Nybyrjar – erfaren
  • Pris: 2500,- (inkluderer varm suppe med brød og kaffi/te)
  •  Merk! Dersom det er for få påmeldte, blir kurset avlyst seinast 10. april. Kjøpte billettar blir då refunderte umiddelbart. Elles blir billettar ikkje refunderte

Ta med:

  • Eiga symaskin (eller kontakt oss om du ønskjer å låne, vi har nokre få tilgjengelege)
  •  Saks, knappenåler/klyper og måleband

Materiale

  • Stoff: 1 x 1 meter hovudstoff + 1 x 1 meter fôrstoff (bør vere fast, ikkje for tynt eller for tjukt)

  • Glidelås: 20–30 cm

  • Bomullssnor: 2–3 meter, 4–10 mm omkrins (avhengig av storleiken på veska)

  • Alternativt: Breitt bomullsband kan òg brukast

  • Sytråd

    Utstyrspakke kan kjøpast for kr 400,-

    Send e-post til bestilling.tim@muho.no dersom du ønskjer å kjøpe utstyrspakke på kurset. Vi sender òg ut ei påminning om dette tre veker før kurset.

    .
Museum24:Portal - 2025.03.18
Grunnstilsett-versjon: 2