Hopp til hovedinnhold

New life dressing

Norsk Kunsthåndverkeres temautstilling 2023.

15. oktober - 12. november:

Siv Støldal: New life dressing på Tekstilindustrimuseet

Utstillinga er ein del av Norske Kunsthåndverkere si Temautstillingen 2023: Time will tell, she already does

Opning 15. oktober kl 14.00, på Tekstilindustrimuseet i Salhus

Praktisk informasjon

Opninga 15. oktober finn stad i Galleri Salhus på Tekstilindustrimuseet i Salhus, frå kl 14.00-17.00. For å komme deg til Salhus med offentleg transport, ta buss 3 eller 4 til Åsane terminal, og så buss 35 til Salhus kai.

Tekstilindustrimuseet er ope ons - fre 11.00-15.00, søn frå 12.00-17.00.

Gratis inngang til utstillingsopninga.

Om utstillinga

Som ein del av Time will tell, she already does, som er årets utgåve av Temautstillingen arrangert av Norske Kunsthåndverkere og kuratert av Daniela Ramos Arias og Mathijs van Geest, fyller Siv Støldal utstillingsromma i Galleri Salhus på Tekstilindustrimuseet med sitt pågåande prosjekt New Life Dressing. Prosjektet er ein tredelt serie der Støldal utforskar rolla klede speler, i stadig skiftande liv og under dei ulike reisene folk legg ut på.

På Tekstilindustrimuseet presenterer Støldal karakteren The Traveller, tidlegare vist på Hordaland kunstsenter. Utstillinga på Tekstilindustrimuseet vil ta ei ny form og slik tilby andre lesingar, sidan verket denne gong vil innehalde referansar til den tidlegare tekstilfabrikken i Salhus. Støldal har samarbeidd med kunstnar og fotograf Kim Jacobson To om ein serie fotografi og ein film, i desse blir me introduserte for begge karakterane hennar, både The Traveller og The Believer. Utstillinga omfattar òg lydarbeid av Rudi Valdersnes og installasjonen Tie Dye De La Mere med fotografi tatt av Synne Sofi Bårdsdatter Bønes.

Mens The Traveller ser på klede i samband med fysisk rørsle og endringane ein går gjennom når ein flyttar seg frå ein kontekst til ein annan, fortel The Believer om indre reiser, spiritualitet og tru. Kvar karakter er utvikla frå intime intervju, utført av Støldal med nøye utvalde individ, og blir materialiserte gjennom to kolleksjonar kor klesplagg og tilbehør blir presentert.

Siv Støldal jobbar i skjæringspunktet mellom kunst og mote. Ho undersøkjer folk sine relasjonar til klede med eit nærast sosiologisk utgangspunkt. Historiane rundt og betydingane av klede inspirerer til ein omfattande og open forskingsprosess kvar gong ho startar på ein ny kolleksjon. Støldal si djupe interesse for skreddarsaum for menn aukar interessa hennar for «kodane» som er bygd inn i plagg gjennom volum, stoff, lommer og saumar, i ei samanstilling mellom skreddarsaum og sportsklede.[1] 

Time will tell, she already does legg opp til eit nært tilhøve til tida, noko som opnar opp for å gå inn i seg sjølv, vurdere omgjevnader på nytt, så vel som tilhøyrsle i fellesskap. Tilhøvet belyser mogelege framtider frå ein bestemt notidssamanheng, samstundes som det involverer rekonstruksjonsprosessar. Det uttrykker tida sin lærdom gjennom menneskelege møte, materialar og utforming av objekter.

Meir informasjon om utstillinga finn du her.

Om kunstnaren og samarbeidspartnarar

Siv Støldal (f. 1973, Bergen, Norway) er designer og kunstnar fra Tyssøy i Bergen. Ho har ein master i Menswear Fashion Design fra Central Saint Martins, London, i tillegg til svennebrev i skreddarsaum for menn. Ho jobbar i skjæringspunktet mellom kunst og mote, med konseptdrivne klede til kvardagsbruk. Gjennom garderobestudiar og dybdeintervju, utforskar ho kleskodar og relasjonen folk har til klær. Nære historiar dukkar opp, og gjennom det personlege vert også det universelle avslørt. Arbeida hennar er presentert i fleire bøker og representert i samlingane til Nasjonalmuseet, Oslo og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. Ho er medgründer av Kiosken Studio og Bioregion Institute.

Samarbeidspartnarar (begge kolleksjonar): Scott Wilson, Kim Jacobsen To, Synne Sofi Bårdsdatter Bønes, Morteza Vaseghi, Merete Rein og Jan Kåre Myklebust, Rudi Valdersnes, Mouhcine El Khamlichi, Rashid Omar Said, Victor Emilio Valdez, Ramsi Omar Said, Thom Murphy, Ruby Eleftheriotis, Tor Erik Bøe, Sjølingstad Uldvarefabrik og Else Karin Tysse Bysheim.

New Life Dressing er støtta av:

Time will tell, she already does er støtta av Kulturdepartementet, Kunsthåndverkernes fond, tidsskriftet Kunsthåndverk, Norwegian Crafts, Norsk kulturfond og Globus.

Om Temautstillingen og NK

Kvart år sidan 2011 har Norske Kunsthåndverkere (NK), i samarbeid med ein leiande kunstinstitusjon, arrangert Temautstillingen for å undersøke kunsthåndverket sitt særeigne potensial.

Norske Kunsthåndverkere (NK) jobbar for å styrke kunsthandverkarane sitt virke og synleggjere materialbaserte kunst i samtida, og er Noregs største medlemsorganisasjon for materialbaserte kunstnarar. NK har vore dei profesjonelle kunsthandverkarane sin fagorganisasjon sidan 1975.

Om Hordaland kunstsenter

Hordaland kunstsenter er eit ressurssenter for samtidskunst for Vestlandsregionen i Noreg. Kjerneaktiviteten deira blir utgjort av eit offentleg program med utstillingar, arrangement, samtalar og prosjekt knytta til formidling, utdanning og kunst i offentlege rom. Kunstsenteret driv dessutan ein kafé og ein bokhandel, samt eit heilårs gjestekunstnarprogram.

Om Tekstilindustrimuseet

Tekstilindustrien var blant dei første industrigreinene som blei etablert i Noreg. Hordaland vart eit kjerneområde i bransjen, med tekstile tungvektarar som Arne Fabrikker, Janus og Dale Fabrikker. Mange av fabrikkane produserte strikka klede. Salhus Tricotagefabrik var kjend for slitesterke kvardagsplagg og bomullsundertøy, og merket Krone Maco vart ein klassikar. Fabrikken produserte islendarar, undertøy, sokkar og fritidsplagg i 130 år. No held Tekstilindustrimuseet til i fabrikklokala, og fortel historia om norsk tekstilindustri med utgangspunkt i industribygda. Salhus Tricotagefabrik var ein av dei første fullmekaniserte trikotasjefabrikkane i Noreg, og ein del av den første industrialiseringsbølga. Tettstaden illustrerer dei store kulturelle og økonomiske endringane i Noreg frå 1850 og fram til i dag: vegen frå bondesamfunn til moderne industrinasjon. I Galleri Salhus finn du ny norsk tekstilkunst, og utstillingar om tema som tekstil, industri, arbeid og berekraft i løpet av året.


Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1