Hopp til hovedinnhold

Barnas fabrikk!

Ta barna med på museum i sommar. Barneomvising, aktivitetar og badeplass.

Omvising for barn: kor er Bændik?

  • Bli med inn i fabrikken! Tove Lise Mossestad

Bli med på jakt etter sauen Bændik. Saman med omvisar ser vi på maskiner, og Bændik fortell oss korleis ull blir til klede! Kanskje du får prøve ein strikkemaskin? Omvisinga går kvar laurdag og søndag kl. 13.30, og kvar opningsdag i skuleferien kl. 13.30. Omvisninga passar for barn fra 3-8 år og varer i ca 25 min.

Aktivitetsbord i kaféen

  • Lag smykke med papirperler Tekstilindustrimuseet

Kvar søndag og kvar dag i skuleferien har vi eit aktivitetsbord i kaféen med ulike aktivitetar.

Kulturminneløype og badeplass

  • to jenter ser på plansje
    Oppdag industristaden Salhus gjennom kulturminneløypa. Hanne Dale/Tekstilindustrimuseet

Bli kjend med industribygda Salhus. Du kan følgje kulturminneløypa frå museet, til arbeidarbustaden og skulen. Svar på spørsmål som du får i kaféen. Gevinst til dei som klarer alle spørsmåla!

Ta ein pause i løypa med eit bad på badeplassen like ved museet. Her finn du eit lite basseng og stupebrett. Spør oss gjerne om vegen.

Kafé med heimebakst og sjøutsikt

  • menneske i kafé, lamper og vimplar i taket

 Her finn du våre heimebakte rundstykker, kaker, og is. Sitteplassar inne eller ute på terrassen med sjøutsikt. Kaféen er ope i opningstida til museet.

Opningstider i sommar


23.05.–26.06: 
ons–fre 11–15,  laur–søn 12–17

27.06.–14.08:  tys–søn 12–17

15.08.–28.08:  ons–fre 11–15, laur - søn 12–17

29.08.–13.12:  ons–fre 11–15, søn 12–17