Hopp til hovedinnhold

Gruppeutstilling: Stemmer

I utstillinga Stemmer viser Galleri Salhus arbeid frå dei 3 kunstnarane Daniela Bergschneider, Gro De-Martine og Kwestan J. Bawan. Dei har alle tydelege og sterke kunstnarstemmer, og dei arbeider med tema og formspråk som har vore interessant og spanande å setje saman og opp mot kvarandre.

  • 1/1
    Utstillinga Stemmer Thor Brødreskift
  • Verk av Daniela Bergschneider Daniela Bergschneider / Thor Brødreskift

Bergschneider (f. 1986) sine skulpturelle arbeid av keramikk og tekstil gjev assosiasjonar til noko organisk og levande, og framstår som aktive og tilstadeverande former i rommet. Dei er gjenkjennelege og ugjenkjennelege på same tid. Dei kan like godt gje assosiasjonar til futuristiske skapningar som til arkeologiske funn frå fortida.

  • Verk av Gro De-Martine Gro De-Martine / Thor Brødreskift

De-Martine (f. 1981) jobbar m.a. med korsstings-broderi, der motiva er figurative, uttrykksfulle og talande. Det nitidege og sakte, nesten meditative arbeidsprosessen, står i kontrast til dei «høglytte» og ekspressive motiva. I arbeida til De-Martine kjem vi tett på det å vere menneske i vår tid, i eit kryss-press mellom indre og ytre forventningar frå ein sjølv og frå samfunnet/kulturen.

  • Verk av Kwestan J. Bawan Kwestan J. Bawan / Thor Brødreskift

Bawan (f. 1965) jobbar med ganske abstrakte motiv, der ho t.d. broderer fram linjer og former med hår som broderi-tråd, eller med nål som blyant. Ho samlar hår frå kvinnene i sin eigen familie, og verket veks fram over tid. Materialet og tida som arbeidet tek, bidreg til å gje ein slags intimitet og kroppsleg oppleving av verket. Bawan har også fleire arbeid måla med tusj og akryl på fiberduk. Formspråket i desse er mjukt, organisk, flytande, flyktig.

  • Utstillinga Stemmer Thor Brødreskift

Alle dei tre kunstnarane har noko organisk og kroppsleg med seg i sine arbeid, og arbeida glir nesten litt over i kvarandre og skaper ein flyt gjennom utstillingsrommet. Dei ulike arbeida gjev også rike assosiasjonar utover seg sjølv. Bergschneider, De-Matine og Bawan lagar alle verk med sterk identitet, og tydeleg stemme. Det å skape er ikkje berre ein einvegs prosess der kunstnaren planlegg og utfører eit arbeid;- det er også ein dialog kunstnaren har med dei involverte materiala og med sin eigen idé om det tilblivande verket. Såleis får verket sakte men sikkert også si eiga «stemme», og kan gå i dialog med den einskilde som vitjar utstillinga.

Utstillinga er kuratert av Anneli Belsvik Aras, som også kuraterer utstillingsprogrammet for Galleri Salhus.


Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1