Hopp til hovedinnhold

Heim kjære heim

Pyntehandkle, benkeduk, sofapute, festremse, klokkestreng og brikke. Kor mange tekstilar treng ein for å skape ein heim?

Det folkelege broderiet var svært populært i første halvdelen av 1900-talet, gjerne i form av pyntehandkle, broderte åkle, veggbilete, dukar og klokkestrengar til bruk i heimen. Mønstera vart spreidde gjennom vekeblad og mønsterpakkar på postordre, eller ein kopierte mønster frå andre. På dette området vart Gunnar Pedersen ein viktig aktør i Noreg. Broderi var ikkje lenger ein overklassesyssel, men skulle no kunne utførast av folk flest på lik linje med nyttesaum. Slik sett har vekeblada vore med på å demokratisere handarbeidet.

«I de tusen hjem»

Bedrifter som Gunnar Pedersen AS retta seg mot det breie lag av folket. Broderia skulle passe inn i ein kvar heim. Mønstera kunne vere moderne, men ikkje så vågale at folk ikkje ville akseptere dei. Denne typen handarbeid, og spesielt det som følgjer ferdiglaga mønster, vert sjeldnare omtala i forsking på handverk og handarbeid. Det finst unnatak, men generelt kan ei forståing av estetikken som sentimental, overdekorativ og nostalgisk, ha bidrege til at dette ofte har blitt oversett som forskingsfelt. Sjølv i våre dagar kan ein snakke om hierarki på dette området, der handarbeid lagd etter ferdige mønster ofte blir nedvurdert som handverk fordi dei manglar eit originalt design som kjem rett frå skaparen.  

Sofapute er en kjærkommen julegave til hybelboeren – den skaper hjemmehygge i et kanskje nokså spartansk utstyrt rom.

Norsk Ukeblad, 1960-talet
  • stilisert broderimønster med dyr og border
    1/1
    Stilisert: "Funkis"motiv (nr. 5777) frå Gunnar Pedersen på 1930-talet.

Koseleg i sofakroken

Broderiet var ein måte å fornye og forskjønne heimen på. Interiørval er knytte til spørsmål om stil, smak og estetikk, no som før. Å brodere eigne sofaputer og dukar kunne vere ein enkel måte å tilpasse interiøret sin eigen smak og gjere det meir personleg. «Koseleg», «moderne», «delikat» og «lekker» er ord som går igjen i vekeblada sine omtalar av interiørtekstilane på 1950- og 60-talet. Tekstane spelar på ynsket om noko nytt i stova, spenninga og avkoplinga ved eit godt handarbeid – og at det er enkelt å få til. 

  • To merkevarer med motiv av ein mann som drep ein drage, og eit reinsdyr.
    1/1
    Gunnar Pedersen Sr. sine varemerke på 1930-talet: Laila og St. Georg.

Smaksdommarane

Det kommersielle broderiet har tidvis fått hard medfart frå kunstfagleg hald, noko som var spesielt tydeleg på 1930-talet. I mellomkrigstida var Jakob Tostrup Prytz (1886–1962) og Thor Bendz Kielland (1894–1963) i Foreningen Brukskunst blant dei fremste forkjemparane for funksjonalismen. Prytz var gullsmed og seinare direktør for Statens Håndverks- og Kunstskole, og Bendz Kielland kunsthistorikar og direktør ved Kunstindustrimuseet i Oslo. Inspirert av den britiske Arts & Crafts-rørsla, ville foreininga skape ein norsk dekorativ stil som foreina folkeleg tradisjon med det praktisk brukbare og moderne. Dei la vekt på estetisk oppdraging framfor moderne masseproduksjon. 

«Kampen mot dragen»

I 1932 gjekk Kielland direkte ut mot vekeblada, og kryssa stiar med Gunnar Pedersen sr., som representant for mønsterprodusentane. Kielland meinte vekeblada hadde gode intensjonar, men like fullt bidrog til å øydeleggje smaks- og kvalitetsinstinktet til det norske folket.  

I 1932 arrangerte han utstillinga Kampen mot dragen ved Kunstindustrimuseet i Oslo, og peikte ut gode og dårlege eksempel til publikums opplysing. Etter dette lyste både Hjemmet og Allers Familie-Journal ut konkurransar for å få tak i nye og «betre» mønster. Det same gjorde Gunnar Pedersen sr., for å imøtegå kritikken. 

…denne smaksgift som trengte seg inn i hvert tiende hjem

Thor Bendz Kielland om mønstersidene i vekeblada (Brukskunst, 1932, nr. 4, 53)

Smak og behag

Konkurransen gjekk under namnet «St. Georg», helgenen som oftast vert framstilt i det han drep ein drage. St. Georg og drakemotivet var på denne tida ei av merkevarene til Gunnar Pedersen. Resultata av konkurransen vart premierte bidrag med enkle flater, stiliserte figurar og geometriske former. Desse vart lagt ut for sal, men i følgje Pedersen jr. selde dei dårleg. Han såg kampanjen som den utdanna klassen, brukskunstnarane, mot marknadskreftene og smaken til vanlege folk.  


________

Teksten er eit utdrag frå utstillinga Klostersaum til folket! Nål. Tråd. Kjærleik. (Tekstilindustrimuseet 2016, utstillingsansvar Ann Kristin Ramstrøm, prosjektansvar og tekst Hanne Dale).​

Kjelder: Intervju med Gunnar Christian Pedersen (2008, 2011) og andre tilsette i bedrifta, tekst av Ellen Sjursen om Gunnar Pedersen (Sr.) og materiale i samlingane til Tekstilindustrimuseet. Hylbak, Marianne. (2007). Foreningen Brukskunst 1930-1946 : Folkeopplysning og agitasjon for god smak og moderne stil. UiO.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1