KMD: berøringspunkter

Fakultet for Kunst, Musikk og Design ved Universitetet i Bergen presenterer igjen nye arbeid av kunststudentar som på ulike måtar forheld seg til tekstile materialer og teknikkar. Utstillingsopning 18. april 2021.

Berøringspunkter

  • punkt eller rom der ulike idear og innfallsvinklar møtes, der ein berører og blir berørt.

Tid: 18.04 – 9.05 2021

Utstillingsopninga kan du sjå her. 

Fokusområde tekstil ved KMD har eit mangfaldig og vitalt miljø av studentar, verksmeistarar og kunstfaglege tilsette som saman utforskar eit breitt spekter av emne innan kunstnarisk praksis.

Utstillinga er satt saman av studentar frå dei fleste årsklassar mellom fyrste Bachelor og avgangsstudentar frå Master 2. Dei syner arbeid frå eit breitt spekter av utrykksformer; analoge og digitale, konseptuelle, handverksbaserte, utført innan teknikkar som stofftrykk, farging, vev, strikk, saum, foto, nye media samt eigenutvikla metodar for formålet. Arbeida representerer tankar og refleksjonar knytt til tema som kommunikasjon, identitet, berekraft og natur. Stemmene er ulike, men dei berører kvarandre. Saman håper dei også å berøre andre.

Berøringspunkt følgjer ein lang tradisjon for samarbeid og markerer med dette eit nytt kapittel. Utstillinga er kuratert av professor Tim Parry-Williams, førsteamanuensis Tone Saastad og kunstnar og nylig alumn, Daniela Bergschneider.

  • Abstrakte mønster i grønt og oransje, plakat for utstillinga Berøringspunkter (Foto/Photo)
    1/1
  • 1/1

Galleri Salhus høyrer til Tekstilindustrimuseet, Museumssenteret i Hordaland (MUHO). Galleriets profil er å vise tekstilkunst av høg kvalitet. Utstillingsprogrammet er også ope for andre materialer eller uttrykk som omhandler tekstile teknikkar eller tema i eit utvida perspektiv.

Kontaktpersonar:


Tim Parry-Williams
Professor i tekstilkunst
Fakultet for kunst, musikk og design
Universitetet i Bergen
(+47) 922 14 424
tim.parry-williams@uib.no

Anneli Belsvik Aras
Fung.avd.leiar ved Tekstilindustrimuseet og programansvarleg for Galleri Salhus, Museumssenteret i Hordaland

anneli.belsvik.aras@muho.no


  • 1/1