Hopp til hovedinnhold

Konsert med Bøen/Fiskaaen Duo: Piazolla og Giuliani

Velkommen til gratis konsert med Bøen/Fiskaaen DUO i Krone kafé på Tekstilindustrimuseet fredag 24. november kl. 19.00. 

Astor Piazzolla: Adios Nonino (Farvel bestefar)
Mauro Giuliani: op.85 Grand duo ConcertantePiazzolla:Oblivion
Piazzolla: Le Histoire du tango

Når det gjeld repertoaret for fløyte/gitar-duo er det to komponistar som har vore standard i ein kvar fløyte/gitar-duo med respekt for seg sjølv sitt program, nemleg Mauro Giuliani (1781-1829) og Astor Piazzolla (1921-1992). Sjølv om desse komponistane kom frå kvar si tidsepoke og land (Italia og Argentina), evnar begge å utnytte styrken til ensemblet, og har skrive musikk som gjer at fløyte/gitar-duo formatet lét stort og fyldig, og ikkje står tilbake for andre kammermusikkensemble. 

I denne konserten vil Bøen/Fiskaaen Duo spele eit standardverk av kvar komponist, nemleg “Grand Duo Concertante, op 85” av Giuliani, og “Histoire du Tango” av Piazzolla. Ein vil óg få høyre frittståande stykker av Piazzolla som “Oblivion” og “Adios Nonino”. Sjølv om begge komponistane tilhøyrer sekkebegrepet “klassisk musikk”, kunne ikkje musikken vore meir forskjellig.

Mauro Giuliani var eit born av si tid, og føl den wienerklassiske sonateformen strengt, medan Astor Piazzolla såg det som si livsoppgåve å ta tangoen frå gata til konsertsalen. Det er denne utviklinga han syner i “Histoire du Tango” kor fyrstesatsen er “Bordel 1900” og sistesatsen er “Concert d´Aujourd´hui”.

I kafeen kan du kjøpe indisk daahl med foccacia, smørbrød, kaker og kaffi. 

Konsertstart kl. 19. Dørene opner kl. 18.

Gratis inngang!


Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1