Kulturminneløypa

Bli kjend med industristaden Salhus!

Vandre gjennom Salhus og bli kjend med fabrikken og liva til dei som arbeidde der. Kanskje møter du òg på sauen Bændik? Du kan besøke kulturminneløypa sjølv om museet er stengt. Løypa startar utanfor museet og leier deg vidare gjennom ni postar. Kart, oppgåver og premie til barna får du i kafeen.

Du kan òg bestille omvising i kulturminneløypa i samband med omvising i fabrikken.