Hopp til hovedinnhold

Mønster til massane

På 1900-talet hadde broderiet blitt allemannseige, og formidla både gjennom spesialforretningar og landhandlarar, veke- og mønsterblad.

Tidlegare blei broderi ofte laga etter nøyaktige teikningar, og det var først i 1804 at den tyske broderiforhandlaren Hertz & Wegener lanserte masseproduserte korsstingsmønster på rutepapir. Dei blei ein stor suksess, og vart eksporterte til England og USA. Ikkje lenge etter vart dei selde i ferdige broderipakkar med stoff og garn inkludert. Motiva blei sydde i merinoull, og broderia gjekk difor under namnet Berlin woolwork.

Det kommersielle broderiet

Trykkekunsten gjorde det mogleg å spreie mønstera til mange, sjølv om popularisering, forenkling og marknadstilpassing ikkje fall i like god jord hos alle. Korsstingsbroderi vart svært populære etter dette, og slik vart grunnsteinen lagt for den bransjen Gunnar Pedersen AS representerer: det kommersielle broderiet.

Forretningens arbeide er anlagt paa at teikne og brodere paa stoffer efter skandinaviske mønstre, og (…) samtidig at ta kunsten i sin teneste forat fortrænge den daarlige smak og de frå utlandet importerte mønstre.

om broderifirmaet Nordisk Industri. Norges Handel-Sjøfart og Industri i tekst og billeder, bind. II, 1915.

Ein spesialisert bransje

Samanlikna med tekstil- og klesindustrien er dette ei lita nisje, med eit par norske engrosleverandørar og mønsterprodusentar mellom mange små spesialforretningar. Dei større aktørane produserte mønster og leverte broderiartiklar i store kvantum. Det fanst eit knippe slike norske bedrifter på 1900-talet: den siste forsvann i 2012, då Berge M. Bertelsen utanfor Sandnes la ned drifta.

Mange av butikkane ber namnet til kvinna som starta dei, og teikna gjerne eigne mønster på bakrommet. På 1920–30-talet er det rundt 60 slike butikkar og teiknekontor i adressebøker for Oslo. Talet er aldri langt under 40 i åra mellom 1916 og 1955, og fell til rundt 30 på 60–80-talet.

Til samanlikning er det rundt 14 brodeributikkar i Bergen mellom 1920 og 1940. Dei siste åra har det blitt færre reine brodeributikkar, sjølv om mange sel broderitråd og anna utstyr, som strikkegarn. 2016 var Flittige Hender i Markeveien den einaste reine broderiforhandlaren i Bergen, i tillegg til Bergen Broderi-Service og Nilssen på Bryggen, som òg sel andre produkt. Alle tre har eksistert i over 40 år, og sel no broderi frå danske Permin og Cewec.

Andre store aktørar innan broderi:

Nordisk Industri (1907– ca. 1990)

  • Stad: Oslo.
  • Dotterselskap av svensk firma. Etablert av danske Gustav Eriksen, tidlegare seljar for P. Lindhorst i Berlin.
  • 70 tilsette i 1956, og 5 reisande seljarar.
  • Engrossal av påteikna, påbegynte og ferdige broderi. Førte seinare òg ryer, dekketøy og pyntevarer.

Berge M. Bertelsen (1962–2012)

  • Stad: Hommersåk, Sandnes, Rogaland
  • Opp til 60 tilsette, hjørnesteinsbedrift i Hommersåk.
  • Selde broderisett og importerte ferdige tekstilar
  • Satsa òg på festdrakter og bunadar frå og med 1995.
  • Glanstid på 1970- og 80-talet, stor innan diamantsting og korssting.

Azora Gjertsen (1903–1970-talet)

  • Stad: Oslo
  • Etablert som personleg firma av Azora Gjertsen i 1903, Einar Eek tek seinare over som dagleg leiar.
  • Selde bl.a. påteikna juledukar, kjøkkensett

O. Oehlenschläger Eftf. (1916–1980-talet)

  • Stad: Oslo
  • Dotterselskap av dansk firma starta i 1874. Etablert i Noreg 1916.
  • Leiar: N. Harder.
  • Engrossal av broderi og forlag for Beyers handarbeidsbøker og tidsskrift.



Teksten er eit utdrag frå utstillinga Klostersaum til folket! Nål. Tråd. Kjærleik. (Tekstilindustrimuseet 2016, utstillingsansvar Ann Kristin Ramstrøm, prosjektansvar og tekst Hanne Dale).​

Kjelder: Intervju med Gunnar Christian Pedersen (2008, 2011) og andre tilsette i bedrifta, tekst av Ellen Sjursen om Gunnar Pedersen (Sr.) og materiale i samlingane til Tekstilindustrimuseet, adressebøker og bransjeoversikter, samtale med Ingebjørg Olsen hos Flittige Hender.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1