Omvising: Tekstilindustrien og busetnaden i Salhus

Bli med på omvising i Salhus med omvisar og arkitektstudent Tina Athari.

Omvising i Salhus søndag 27. juni kl. 14:00

  •  (Foto/Photo)

Før etableringa av Salhus Tricotagefabrik i 1859 hadde Salhus nokre få gardsbruk og eit gjestgiveri. Tekstilindustrien førte til ei stadsutvikling av området som gjenspeglar seg i dagens busetnad. I bygdevandringa besøkjer vi område og bygg som har spelt ei aktiv rolle i kvardagslivet i Salhus fram til trikotasjefabrikkens nedlegging i 1989.

Tina Athari er omvisar på Tekstilindustrimuseet og student på Bergen Arkitekthøyskole. 

Omvisinga starter på Tekstilindustrimuseet kl. 14.00 og varer 1,5. time.

Førehandsbestill billett her. 

Oppmøte på Tekstilindustrimuseet. Betal billett i kaféen.