- 1/1
Utstillinga Undring & erindring (2021) Thor Brødreskift
Galleri Salhus v/Tekstilindustrimuseet lyser ut Open Call for 2 utstillingsperiodar i 2022:
- 6.februar – 27.mars
- 16.oktober – 13.desember
Pandemien har ført til litt uføreseieleg planlegging for Galleri Salhus, og me ønskjer difor å lyse ut to to periodar av utstillingsprogrammet vårt for 2022.
Galleri Salhus har normalt 4 utstillingar pr.år, og har i hovudsak programmert gjennom direkte invitasjon.
Me inviterer hermed profesjonelle kunstnarar til å søkje om utstillingsplass i våre særeigne lokaler på Tekstilindustrimuseet i Salhus, Bergen. Museet held til i det nyleg freda industriminnet Salhus Tricotagefabrik, og sidan galleriet er nært knytt opp mot museet og såleis også tema som t.d. tekstil, klede, industri, arbeid m.m., ønskjer me særskilt kunst/kunstnarar som kan relatere sitt arbeid til eitt eller fleire av desse temaa velkomen.
- 1/1
Utstillinga Ferd av Aud Bækkelund (2021) Thor Brødreskift
Søknaden skal innehalde
1. Grunngjeving:
Grunngjevinga skal innehalde ein kort tekst om din/dykkar kunstnarlege praksis og kvifor du/de tenkjer at din/dykkar kunst høver å vise i Galleri Salhus.
Dersom søknaden din/dykkar kun gjeld ein av utstillingsperiodane må
dette kome tydeleg fram i søknaden.
2. CV med oversikt over kunstfagleg utdanning og verksemd.
3.Dokumentasjon med inntil 10 bilete. Dokumentasjonen må være merka med
tittel, årstal, teknikk og storleik. Legg alle bileta inn i ei og same
PDF-fil.
Lever alle filer i PDF-format.
Søknad (og ev. spørsmål) kan sendast til anneli.belsvik.aras@muho.no
Merk emnet i e-posten med Open Call Galleri Salhus
Søknadsfrist: 1. oktober 2021