Salhus Tricotagefabrik

Bli med oss inn i strikkefabrikken frå 1859!

Bli med på omvising i tidlegare Salhus Tricotagefabrik (1859–1989), og lær meir om klesproduksjonen i fabrikken. Fabrikken er berre tilgjengeleg med omvisar (omvisingar kvar time).

Tid: ca. 40 min. + filmvisning 24 min

Ei oppleving for alle sansane

Eit besøk i fabrikken tek deg med inn i den eldste delen av fabrikkanlegget, og følger produksjonslinja frå karding, spinning og spoling til strikka metervare og ferdigsydde plagg. Kjenn karda ull mellom fingrane, høyr maskinstøyen, kjenn luktene i dei gamle lokala og sjå maskinene i drift. Ei omvising her viser arbeid og sosiale forhold, produksjon og maskiner i tekstilindustrien.

Museet tilbyr skreddarsydde formidlingsopplegg for ulike grupper, og har arrangement om tekstil, industrihistorie og kultur for store og små gjennom heile året. Det er ein perfekt stad for barnefamiliar, med eigne omvisingar, leikekrok og tekstilaktivitetar for barn.

  • Bygda Salhus utanfor Bergen, med den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen. (Foto/Photo)
    1/8
    Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen. Helge Sunde (Bilde 1 av 8)
  • Mann og barn ute ved fabrikkskorstein (Foto/Photo)
    2/8
    Tove Lise Mossestad (Bilde 2 av 8)
  • Strikkemaskiner i gammalt fabrikklokale (Foto/Photo)
    3/8
    Trond Isaksen /Riksantikvaren (Bilde 3 av 8)
  • Mann og barn går opp trapp i fabrikklokale (Foto/Photo)
    4/8
    Tove Lise Mossestad (Bilde 4 av 8)
  • kvinne og barn med strikka gensarar sveivar på lita maskin (Foto/Photo)
    5/8
    Tove Lise Mossestad (Bilde 5 av 8)
  • blond gut med stripete strikkegenser sveivar på maskin (Foto/Photo)
    6/8
    Tove Lise Mossestad (Bilde 6 av 8)
  • kvinne demonstrerer gammal hespemaskin (Foto/Photo)
    7/8
    Trond Isaksen /Riksantikvaren (Bilde 7 av 8)
  • Bygda Salhus utanfor Bergen, med den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik. (Foto/Photo)
    8/8
    Salhus med Salhus Tricotagefabrik. Trond Isaksen (Bilde 8 av 8)