Hopp til hovedinnhold

Ullveka - Strikkekafé: Rett i garnet

Velkommen til strikkekafé tirsdag 26. oktober.
Rett i garnet - Historia om fiskarens ullklede, med nye strikkeoppskrifter. Forfattar Line Iversen kjem for å fortelje om boka.

  • to menn i strikka genser
    1/1

Kjøp billettar.

I kulde, vind, regn og snø drog den norske fiskarbonden ut på sjøen. I open båt trong han beskyttelse mot havets kreftar og dei lunefulle farvanna. Boka «Rett i garnet» handlar om fiskarens kler på sjøen, frå 1700-tallet og fram mot 1900-talet. Dei tradisjonelle plagga fiskaren brukte har gitt inspirasjon til nye strikkeoppskrifter på genserar, jakker, luer, vottar, vest og undertøy – tilpassa notidas menn og kvinner.

Historia om strikkeplagga er òg historia om kjærleiken som låg bak. Frå sauehald for å få ull som råstoff, til ferdig utrusting før fisket tok til. Boka fortel om livet til fiskarbonden, familien hans og deira levekår. Historiske kjelder viser oss kva bekledning fiskarbonden brukte, kven som lagde den, kor dei ble brukt, om import og mote i fiskardrakten frå utlandet.

  • menneske på båt i strikka ullgensarar
    1/1

Boka "Rett i garnet" kjem ut på Museumsforlaget i oktober. Boka er skriven av Line Iversen og Margareth Sandvik. Line Iversen er konservator og fagansvarleg for tekstil i Musea på Sunnmøre. Margareth Sandvik er professor i norsk på OsloMet – storbyuniversitetet. Line Iversen kjem for å fortelje om boka.

Føredraget begynner kl. 19. Dørene opner kl. 18 og stenger kl. 21.

Kjøp billettar her.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1