Hopp til hovedinnhold

Strikkekafé: handspinning med Kristi Nilsen

Velkommen til strikkekafé med Kristi Nilsen 28. november. Juleutstillinga "Off the wall and off the table" er også open.

Kristi Nilsen er utdanna formingslærar og spinner like gjerne på tein som på rokk. Ved sidan av sin spinnepraksis gjennom fleire tiår, har ho vært lærar på fleire spinnekurs. Kirsti har utforska dei fleste spinneredskapar, teknikkar og fibertypar som finst, men fryder seg likevel alltid ved ny kunnskap.

På strikkekaféen 28. november vil Kristi inspirere deg som er nysgjerrig på handspinning. Kva må du tenke på når du vel materialar og teknikk?

Sjå fleire bilder på Instagram-profilen hennar @nilsenkristi.

Dørene opner kl. 18. Foredraget starter kl. 19

Juleutstilling

Juleutstillinga i Galleri Salhus er open frå 18-21. Her kan du kjøpe årets julegåver til dei du er glad i, noko heilt unikt, som er laga av profesjonelle kunstnarar, kunsthandverkarar og designere. Utstillinga er ein kuratert, salsorientert juleutstilling med fokus på kunstverk, kunsthandverk og design.

  • 1/4
    Anette Bergo / Abrado Wood
  • 2/4
    Elisabeth Rydland Nilssen
  • 3/4
    Marit Midtun / MIJO Design
  • 4/4
    Kristen Keegan
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1