Hopp til hovedinnhold

HAGEROM - Ingrid Aarset

Utstillinga Hagerom viser i hovudsak arbeid som spring ut frå eit tverrfagleg nordisk scenekunstprosjekt, «Livias rom», framført på Cornerteateret i Bergen oktober 2022. Utstillinga blir opna søndag 11. juni kl. 15 av Lene Therese Teigen, forfattar, dramatikar og kunstnerisk leiar for «Livias rom».

  • nærbilete av grønt tekstilkunstverk
    1/1
    Verk av Ingrid Aarset

Livia var gift med keisar Augustus og hadde eit underjordisk rom med fresker på alle veggane av tre og plantar, og som samla skapte ein illusjon av å vere inne i ein hage. Aarset utvikla tekstilar relatert til dette rommet, som danna den visuelle ramma rundt scenekunstprosjektet.

Aarset kombinerer tradisjonelt handverk med nyare teknologi: teiknar for hand, bearbeidar motiva digitalt, fargar, maler og laminerer stoffa for hand, for så å laserskjere i materialet. Felles tema for prosjekta hennar er organiske mønster og ornamentikk med fokus på tekstur og taktilitet. Bak alle arbeida ligg det ei undersøking av linje og form, overflate, lys og skugge.

Ingrid Aarset bur og arbeider på Askøy utanfor Bergen og i atelieret sitt på USF. Ho har hatt ei rekkje utsmykkingar i offentlege bygg, og er kjøpt inn av blant andre Nasjonalmuseet og det norske Utenriksdepartementet. Ho arbeider også som førsteamanuensis på Institutt for samtidskunst ved KMD/UiB.


  • tekstilkunst i eit kvitt utstillingslokale
    1/2
    Frå utstillinga "Hagerom" av Ingrid Aarset i Galleri Salhus. Øystein Klakegg
  • tekstilkunst i eit kvitt utstillingslokale
    2/2
    "Hagerom" av Ingrid Aarset er årets sommarutstilling i Galleri Salhus. Øystein Klakegg
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1