Hopp til hovedinnhold

Veve-workshop med tekstilkunstnar Ida Westberg

På dette kurset får du prøve å veve på vevramme. Du vil lære deg det mest grunnleggande innan veving slik at du kan jobba vidare med det etter kurset.

På kurset får du prøva nokre forskjellige teknikkar innan veving.

Du får låne vevramme på kurset og alt av materiell vil vera tilgjengeleg.

Du treng ikkje ha nokon forkunnskapar for å delta. Dette er ei perfekt moglegheit til å prøva veving for å sjå om det er noko for deg.

Målet med kurset er å leikent utforska veving på ein liten vevramme. Forhåpentlegvis opnar kurset for vidare utforsking etterpå!

Ida Westberg er biletkunstnar med mastergrad frå KMD - Fakultet for kunst, musikk og design.
Ho er medlem av NBK, Norske Tekstilkunstnere og Norske Kunsthåndverkere, ho har deltatt på Haustutstillinga og stilt ut på mellom anna Nye Bokboden, Studio K og Rijksmuseum Twenthe.

Pris for kurs: 200,-
Pris for kurs ink. lunsj, kake og kaffe/te: 350,-

Kurset passer frå 12 år og oppover.

Workshop er støttet av Bildende Kunstneres Hjelpefond

  • 1/3
  • 2/3
  • 3/3

Foto: Madihe Gharibi

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1