Tekstilindustrimuseet/Galleri Salhus – Artist in Residence PILOT
Kunstnaropphald ved Tekstilindustrimuseet i Salhus, Bergen, Noreg.
- For kunstnarar som arbeider tema/materialer som tekstil, industri, arbeidarhistorie o.l.
- PILOTEN er open for søkjarar frå dei nordiske landa (Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Færøyane, Island, Grønland)
Tekstilindustrimuseet/Galleri Salhus utlyser tilbod om kunstnaropphald ved Tekstilindustrimuseet i Salhus, Bergen, Noreg. Salhus er ein industristad bygd opp rundt den gamle freda fabrikken Salhus Tricotagefabrik AS (1859-1989). Tekstilindustrimuseet ønskjer i 2023 å teste ut ei residency-ordning tilknytta museet/samlinga/staden. Vi ønskjer å skape/vere ein arena for fordjuping og konsentrasjon, samstundes som vi bidreg til å utvikle å synleggjere kunstnarskap og fremjar kontakt mellom kunstnarar med ulik tilnærming til museet/samlinga/staden.
PILOTEN for denne Artist in residence-ordninga vil finne stad frå ca. 15.august – ca. 15.september 2023. Vi vil bruke erfaringane frå PILOTEN til å spisse og justere ordninga inn mot utlysing av kunstnaropphald for 2024.
SØKNAD
For PILOTEN i 2023 vil søknadar bli vurdert av 3 fagpersonar ved Tekstilindustrimuseet/Galleri Salhus.
E-post: Galleri.Salhus@muho.no
Søknadsfrist 4 . juni. Svar kan forventast senast 15. juni.
KVEN KAN SØKJE?
Alle profesjonelle kunstnarar som arbeider med tekstile medier eller har eit prosjekt relatert til tekstil/industri/arbeidarhistorie. Ein kan søkje som enkeltperson eller som kunstnarduo. Opphaldet er personleg, og det er ikkje høve til å ta med seg familie, partnar etc…
Kunstnaropphaldet er ope for søkjarar frå alle dei nordiske landa (Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Færøyane, Island).
KVA KAN TEKSTILINDUSTRIMUSEET/ GALLERI SALHUS TILBY?
Vi tilbyd delt bustad for to personar i det fyrste skulehuset i Salhus frå 1878. Her er det 2 soverom, felles kjøkken, toalett og stove. Dusjkabinett og vaskemaskin i kjellar. Det er installert internett i bustaden. I tillegg kan vi tilby eit felles arbeidsrom for dei to kunstnarane. Vi har til utlån symaskinar og manuelle strikkemaskinar.
Utover dette er fabrikken med sine unike rom og samlingar, tilgjengeleg innafor normal arbeidstid (kl. 08-15:30) på kvardagar. Salhus med sin unike beliggenhet, karater og natur er tilgjengeleg døgnet rundt. Vi ønskjer å legge til rette for ulik utforsking av kunstnarleg praksis kombinert med tid for refleksjon og fordjuping.
Et viktig element i kunstnaropphaldet er møtet mellom to ulike kunstnarskap. Dei to som vert valt ut til PILOTEN vil dele bustad og får dermed også høve til å både dele og lære av kvarandre.
Det er ønskjeleg at mottakarane av kunstnaropphaldet mot slutten av opphaldet deler sin praksis i form av t.d. ein kunstnarpresentasjon i regi av Tekstilindustrimuseet/Galleri Salhus.
Opphaldet er for to personar med varighet på 4 veker. Opphaldet inkluderer eit honorar på NOK 5000 pr. person (for 4 veker), samt fri bustad og arbeidsplass.
Skulehuset har det mest naudsynte av møblement og utstyr:
- Soverom 1: 120 cm brei seng, garderobeskap, stol, nattbord.
- Soverom 2: 140 cm brei seng, garderobeskap, stol, arbeidsbord og nattbord.
- Kjøkken: Spisebord for 2-4 personar, komfyr, elles basis kjøkkenutstyr.
- Stue: Sofa, salongbord og 2 lenestoler, bokhylle.
HVOR LIGGER TEKSTILINDUSTRIMUSEET/ GALLERI SALHUS?
Vi ligger i utkanten av Bergen kommune, helt i sjøkanten med utsikt over Salhusfjorden. Ta buss nr. 3 eller 4 til Åsane terminal, deretter buss nr. 35 til Salhus kai.