Hopp til hovedinnhold

Salhus Tricotagefabrik er freda!

Det er ein milepåle for Bergens industrihistorie og Bergens einaste profesjonelle industrimuseum når Salhus Tricotagefabrik (1859–1989) blir freda av Riksantikvaren den 23. oktober.

Med det er Norsk Trikotasjemuseum og MUHO det einaste profesjonelle museet i Bergen med eit freda teknisk-industrielt kulturminne med nasjonal verdi i sin portefølje. Riksantikvar Hanna Geiran var i Salhus på den offisielle markeringa, og den same dagen skifta museet namn frå Norsk Trikotasjemuseum til Tekstilindustrimuseet.

– Det er mange som har gjort ein stor innsats i å etablere museet og setje i stand fabrikkanlegget, heilt sidan 1990-talet, og når vi no går over i ein ny fase vel vi oss eit nytt namn, seier Ann Kristin Ramstrøm, leiar ved museet. Vi formidlar produksjon og arbeidsvilkår i tekstilindustrien i Noreg med utgangspunkt i fabrikken i Salhus, og det skal vi halde fram med. I tida framover vil vi opne opp kulturminnet og gjere det synleg for endå fleire.

Dette er heilt klart ein stor dag for oss. Fredinga vil gjere det lettare for oss å ta vare på industriminnet Salhus Tricotagefabrik, også i framtida.

Ann Kristin Ramstrøm, leiar Tekstilindustrimuseet
  • Den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen.
    1/8
    Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen. Trond Isaksen
  • Bygda Salhus utanfor Bergen, med den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik og arbeidarbustadar..
    2/8
    Arbeidarbustadar og produksjonslokale i Salhus. Trond Isaksen
  • Bygda Salhus utanfor Bergen, med den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik og arbeidarbustadar..
    3/8
    Salhus. Trond Isaksen
  • Bygda Salhus utanfor Bergen, med den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik, fabrikkpipa og ein arbeidarbustad til høgre.
    4/8
    Velkomen til Salhus! Trond Isaksen/Riksantikvaren
  • strikkemaskiner i fabrikklokale, mann arbeider med maskin
    5/8
    Trond Isaksen /Riksantikvaren
  • kvinne demonstrerer gammal hespemaskin
    6/8
    Trond Isaksen /Riksantikvaren
  • Detalj på tvinnemaskin med garn
    7/8
    Trond Isaksen /Riksantikvaren
  • Strikkemaskiner i gammalt fabrikklokale
    8/8
    Trond Isaksen /Riksantikvaren

Vil løfte industrihistoria

– Vi skal vere ein aktiv aktør i industriminnevernet i Vestland, og ynskjer å arbeide tettare med dei andre konsoliderte musea i regionen for å løfte denne delen av historia. I haust ferdigstilte vi rappporten INDUSTRILØFTET, Fagstrategisk innspill om museumsutvikling innen industriminnefeltet i Vestland. Vi vil undersøke industrihistoria og løfte fram industriminna i Vestland for å få fram interessante og gløymde sider av historia, legg Ramstrøm til.

– Det nye namnet reflekterer vårt engasjement for industrihistoria. Dette er eit grep vi tek no for å gjere oss meir synlege som museum, forvaltar av eit freda kulturminne og som aktør innan industriarven, understrekar ho.

I tråd med den usikre smittesituasjonen i landet for tida, blei fredinga markert med ein middag saman med eit knippe inviterte gjestar.

Frå Krone-Maco til tekstilkunst

Tekstilfabrikken i Salhus var i drift frå  1859 til 1989, og produserte maskinstrikka klede av ull og bomull. Fabrikkanlegget blir i dag formidla av Norsk Trikotasjemuseum, ei avdeling i MUHO. Museet har òg har eit eige utstillingsrom med fokus på ny norsk tekstilkunst: Galleri Salhus. I andre enden av fabrikkanlegget held Bevaringstenestene til – eit kompetansemiljø innan konservering av tekstilar og gjenstandar – og administrasjonen til MUHO har kontor i den tidlegare direktørbustaden og gamleheimen «Kveldheim». Slik har dei gamle fabrikklokala fått ny bruk.

Sidan slutten av 1990-talet har Salhus Tricotagefabrik vore ein del av Riksantikvarens verneprogram for industrielle kulturminne, og fått støtte til vedlikehald og istandsetting. No blir sjølve fabrikken og fleire arbeidarbustadar, skulehus, uthus og uteområdet rundt freda med heimel i Lov om kulturminner §§ 15 og 19. Saman med hageanlegg, stiar og murar rundt bygningane, og badeanlegget fabrikken anla i 1959, dannar dei eit heilskapleg industrimiljø rett utanfor Bergen sentrum.

Takka vere støtta frå Riksantikvaren har vi no ein godt bevart bygningsmasse, med maskinpark og viktige delar av produksjonslinja intakt. Dette er med på å gje anlegget høg autentisitet og stor formidlingsverdi.

Ann Kristin Ramstrøm, leiar Tekstilindustrimuseet

I høyringsforslaget vektlegg Riksantikvaren fabrikkanlegget som eit døme på industrialiseringa av norsk tekstil- og konfeksjonsindustri i siste halvdelen av 1800-talet. Dette var ein bransje som fekk mykje å seie, både for sysselsettinga i Noreg, kvinners deltaking i arbeidslivet og framveksten av forbrukarsamfunnet. Det viser både utviklinga av eit lokalsamfunn og ei hjørnesteinsbedrift, men òg framveksten av det moderne Noreg og vår plass i verda.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1