Hopp til hovedinnhold

Kurs i toving av smykker, Ullveka 2023

Kurset går over 2 dagar: 5. og 6. oktober. Start torsdag kl 17.30 og utover kvelden. Fredag frå kl 9 til ca kl 15. Det er mogeleg å få kjøpt lunch og middag på Lyngheisenteret. Dette avtalast med Karin på Sommerakademiet. Overnatting på Magnusgarden kan tingast hjå Lyngheisenteret. Send e-post til lyngheisenteret@muho.no.

  • 1/1

Finfibra ull i fleire fargar blir blanda saman på fint vis når Judit Pórcs frå Kecskemét i Ungarn tovar og tryllar fram nydelege små skulpturar ein kan smykke seg med. Judit har utvikla sin spesielle teknikk og stil. Ho er dyktig til å kombinere og blande fargar til ein miks som resulterar i spesielle fargevalørar. Dette er noko ho er blitt godt kjent for. Korleis ho jobbar for å få fram desse fantastiske resultata vil du lære på kurset.

Les meir og meld deg på her!

Stad: Lyngheisenteret
​Kursstart kl 17.30
Kurshaldar: Judit Pórcs
Pris: 1250,- (900,- ved påmelding)
Arr: Sommerakademiet
Mail: sa@somak.no
Mobil: 952 15 399

Overnatting på Magnusgarden på Lygra:
Kr 450 pr seng pr døgn. Send e-post til lyngheisenteret@muho.no

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1