Sauesanking på Lurekalven

Dette er sauesankinga for dei spreke!

Lygra Villsaulag (som Lyngheisenteret er ein del av) inviterer til den tradisjonelle vårsankinga for klipping og ettersyn samt merking av lam. Denne dagen er det villsauene på Lurekalven som skal sankast inn. 

Stikkord for sauesakinga er:

  • SAU,​
  • SILKEmjuke lam
  • SØTE sauebønder
  • STRÅLANDE SOL(sjølvsagt)
  • SPREKE SPRUDLANDE sauesankarar
  • SUPERFLINK sauefrisør
  • STAUTE sekretærar
  • ullSORTERING,
  • SUPPE & SAFT
  • Skikkelege SKO !

Oppmøte på Lyngheisenteret kl 10.00

Lenke til arrangementet på fb kjem. Trykk "Skal" berre hvis du HEIL SIKKERT kjem!

Send gjerne ei melding til Johan Lygre, mobil 41450531.

  • villsauar i kystlandskap (Foto/Photo)
    1/3
    Foto: Leif Arne Furevik Leif Arne Furevik
  • oversiktsbilete over Lygra i Nordhordland med påskriven tekst (Foto/Photo)
    2/3
    Lyngheisenteret
  • to menn og ei kvinne vurderer ein sauefell (Foto/Photo)
    3/3
    Lyngheisenteret