Sauesanking på Lurekalven, del 2

Lygra Villsaulag og Lyngheisenteret inviterer til sauesanking - igjen!

Villsauene var ikkje så villige til å samlast på første sauesanking i år, så no må vi gjere eit nytt forsøk. Det er villsauene på Lurekalven som skal sankast for klipping og ettersyn samt merking av lam. Dette er ei sauesanking for dei spreke!


  • Stikkord for sauesankinga er:

    • SAU,​
    • SILKEmjuke lam
    • SØTE sauebønder
    • STRÅLANDE SOL(sjølvsagt)
    • SPREKE SPRUDLANDE sauesankarar
    • SUPERFLINK sauefrisør
    • STAUTE sekretærar
    • ullSORTERING,
    • SUPPE & SAFT
    • Skikkelege SKO !

Oppmøte på Lyngheisenteret kl 10.00

Lenke til arrangementet på fb her. Trykk "Skal" berre hvis du HEIL SIKKERT kjem!

Send gjerne ei melding til Johan Lygre, mobil 41450531.

  • Foto: Leif Arne Furevik (Foto/Photo)
    1/3
    Foto: Leif Arne Furevik
  • oversiktsbilete over Lygra i Nordhordland med påskriven tekst (Foto/Photo)
    2/3
    Lyngheisenteret
  • to menn og ei kvinne vurderer ein sauefell (Foto/Photo)
    3/3
    Lyngheisenteret