Hopp til hovedinnhold

Sauesanking for heile familien, Ullveka 2023

Bli med Lygra Villsaulag på haustsankinga av villsauene som beitar ved turstiane våre, heilt ytterst på Lygra, på Tangane

  • 1/1

Vi inviterer små & større sauesankarar til å vera med på villsausanking på Lygra, søndag 1. oktober. Oppmøte på snuplassen ovanfor Lyngheisenteret kl 11.00.

Den vesle flokken på Tangane skal samlast i sankebingen for helsesjekk og uttak til slakting. Villsauer og lam skal vurderast iht. rasestandard for gammalnorsk sau (villsau). Dei med godt rasepreg er best rusta til å leve ute i lyngheia. 

Kle deg etter veret og hugs gode sko eller støvlar! Det vankar beløning til alle barn som tek del i sankinga.

Det vert ikkje førehandspåmelding til denne dagen, berre møt opp. Sjå også arrangement på Facebook, på Lyngheisenteret og Lygra Villsaulag.

Informasjonsbygget er ope kl 11 - 14.30. 
Film & utstilling, museumsbutikk, mat å få kjøpt i Matstova. Varm mat til kl 14.

Velkomen til Lygra! 

  • sauesanking: sauar i båsar med folk rundt, sjø i bakgrunnen
    1/1
    Lyngheisenteret
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1