Familiesundag "Markens grøde"

Velkomen til familesundag på Lyngheisenteret. No er det haust og på tide å ta inn det vi har dyrka i åker og hage på Magnusgarden.

  •  (Foto/Photo)
    1/1

Kl 12.00 Møt opp ved steinhuset ved parkeringsplassen lite ovenfor Lyngheisenteret. Vi går bort på garden vår og tar opp poteter fra åkeren. No er det Asterix og Mandel-poteter som skal opp. Inne på sauebeitet har vi tre gamle epletre som er fulle av epler. Her er det nok til at alle får plukke. Vi smaker på dei ulike sortene og plukker med oss litt epler som vi tar med bort til informasjonsbygget.

Kl 13.30 - 15.00 Vi samlas i møterommet og lager noko godt å ete av det vi har hausta.

Andre aktiviteter: Du kan prøve deg på hesteskokasting og teste balansen med å gå på stylter. Kven er best? Barn eller vaksne? Eller kva med å teste styrke med å halde bøtter med strake armer så lenge du klarer? Vi har både store og små bøtter. Diplom til alle barn.

Informasjonsbygget og kafèen er ope kl 12-17. Varm mat kan bestillast til kl 16.30. I butikken har vi eit utval av kalde drikker og is. Vi sel også lynghonning, garn frå villsauene våre og ulike ull-produkt. Og så har vi eit lite utval av fine leikar. Blandt anna Skogbingo, Strandbingo og fine krabbesnører - perfekt å ta med seg ned til Naustvika og sjå om ein klarer å få ein liten krabbelur til å bite på.

Hjarteleg velkomen!