- 1/1
Julestemning, julehandel og god mat
Vi har pynta til jul og håper å setje deg i god julestemning. Ta deg ein kopp med gløgg og sjå på dei fine tinga vi har i museumsbutikken vår. Kanskje finn du nokre julegåver her. Kva med spiselege gåver som heimelaga lefser, ramslaupuré og vår eigen lynghonning? I Matstova serverer vi pinnekjøtt av villsau, ei varmande suppe og litt søte saker - blandt anna lefsene som vi bakar i november.
Program
Juleverkstad, Julemarknad, Nisseløype, Gardsbesøk og Julemat!
Kl 12 – 15 Juleverkstad: Pepperkakebaking, nålefilting, julekort og pyntegrønt
(kr 50,- for å delta på juleverkstaden)
Kl 12 – 17 Julemarknad med Elin Gaulen (Gaulen Gard/Letodesign) og Bente Karin Litleskare
Kl 13 – 14 Nisseløype & besøk hos sauene på Magnusgarden
Kl 13 – 16.30 Julemat i Matstova. Vi serverer årets pinnekjøtt av villsau, risgraut, riskrem mm.
Frisk luft og ope landskap
Ein tur i det opne kystlyngheilandskapet vårt kan anbefalast, anten for å jobbe opp ein god appetitt før maten eller som ein frisk avslutning etter eit godt måltid. Tek du med deg turfaldaren vår så kan du i tillegg lære meir om det du ser undervegs og historiene som ligg bak. Turfaldaren kjøper du i resepsjonen/ museumsbutikken eller i sjølvbeteninga i steinhuset ved parkeringsplassen.
Hjarteleg velkomen!
PS! Dersom du vil toppe dagen med å komme i endå meir julestemning, så ta turen til Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta på kvelden. Der vert det tenning av vinterlys i prærielandsbyen og utekino. Meir informasjon her.