Hopp til hovedinnhold

Jonsok-kveld på Lygra

Tradisjonen tru blir det Jonsokfeiring i Naustvika, like nedanfor informasjonsbygget på Lyngheisenteret, sundag 23.juni. Matstova er open kl 18 - 21. Rømmegraut og sveler står på menyen. Program nederst i artikkelen.

  • 1/1

Jonsok eller Sankthans

Sjølve Jonsok, eller Sankthans, er den 24. juni, men det er helst Jonsokaftan, den 23. juni, vi feirer her i landet.

Jonsok kjem av jónsvake, som er norrønt og tyder «våkenatt for Jon», der Jon er ei forkorting for Johannes. Sankthans er oppkalla etter døyparen Johannes sitt danske helgennamn, Sankt Hans. I Noreg knytter vi  Jonsok til ein tradisjonell, heidensk markering av sommarsolverv og midtsommar. Jonsoksaftan var sommarens viktigaste merkedag i Noreg med store bål, dans, rømmegraut og blomsterkransar. Leis meir på Wikipedia.

Bålet

Meir enn noko anna er det bålet som er det viktigaste symbolet på midtsommar i Noreg. Det brennast store bål i heile landet, og særleg mange langs kysten. Det var opphavleg ein skikk som skulle beskytte menneska mot onde makter. Ilden ligna sola og skulle forsterke sola si kraft, og folk dansa gjerne rundt bålet. Bålet skulle helst tennast på gamaldags vis ved å gni to trestykker mot kvarandre, eller snurre ein pinne i eit hol med knusk. Ein kunne bruke brennglas hvis det var sol. Ilden som oppsto blei kalla for nødild eller vrield, og den skulle ha magiske eigenskaper. 

Nokre stader hadde dei ei filledokke på toppen av bålet. Dokka symboliserte det gamle som folk ønskte å kvitta seg med. I Danmark er det vanleg å plassere ei heksedokke på båla. Det var viktig å verna seg mot hekser denne dagen, for det var ikkje berre menneska som feira. Jonsoknatta var nemleg ei av heksane sine viktigaste høgtider. Mange stader elles i Europa vart desse båla forbode då kristendommen vart innførd, båla vart sett på som heidenske. Jonsokbål vart blant anna forbode i Sverige, og det er nok ei forklaring på kvifor maistanga er så viktig når svenskane feirer midtsommaraftan.

Blomar og urter

Mange fletter blomerkransar som dei har i håret på Jonsokaftan. Denne skikken har sine røter i ein skikk som vart kalla "å vekke åkeren". Kona på garden gjekk denne kvelden rundt i åkeren og plukka kornstrå og markblomster som ho fletta til ein krans. Medan kona gjekk sakte rundt og fletta blomane, sang ho ein sang som skulle vekke åkeren.

Det var også vanleg å samle inn legeurter på Jonsoknatta. Hvis ei ung jente plukka sju eller ni ulike urter denne natta, som ho så la under puta si, ville ho drøyme om mannen ho skulle gifte seg med.

Vannet hadde også ei spesiell kraft Jonsokaftan. Dugg som vart samla denne natta kunne virke mot øyelidingar og anna. Les meir om Jonsokaftan sine magiske krefter her: I magiens tegn.

Feiringa på Lygra

Matstova på Lyngheisenteret er open frå kl 18 til 21. Vi serverer Rømmegraut med spekemat og sveler. I Naustvika er grillen klar kl 19, og då kan ein grilla eigen grillmat. Bålet vert tend kl 20. 

Hugs å ta med deg alt avfall heim igjen etterpå!

Hjarteleg velkomen!

  • 1/2
  • landskap i solnedgang
    2/2
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1