Hopp til hovedinnhold

"Open gard" på Magnusgarden

Sundag 22. mai vert det arrangert "Open gard" på Magnusgarden - Lyngheisenteret sin eigen gard.

  • 1/1

Dette skjer:

Garden er open kl 11 - 15. Arrangementer er gratis.

Du får møte både sauer, kyr, kaniner og  høns - og barna kan ri på hest. 

Dei minste kan ta traktor-lappen. 

Naboane våre, Anita og Johan, er også med og opnar fjøset sitt. Der kan ein få helsa på raudkollene deira. Raudkollene på Lygra har også si eiga Facebook side. Søk dei opp!

Det blir grilling på Magnusgarden og smaksprøver frå Tine.

På Lyngheisenteret kan du kjøpe mat. Informasjonsbygget har ope kl 11 - 17. (Varm mat til kl 16.30.) Her kan du prøve deg på stylter og kaste hestesko.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Alversund og Seim Bondelag og Lyngheisenteret.

Ver gode å bruke merka parkeringsplassar. Ingen parkering på private eigedomar eller snuplassen ved p-plassen nærast Lyngheisenteret. Vi venter ingen bussgrupper denne dagen så bussparkeringa kan nyttast. Men hugs at rutebussane må ha plass til å snu!!

Velkomen til Open gard på Lygra!


PS! Konsert med Seim Songkor i Matstova kl 15.30. Billetter i døra kr 200,-. Vipps eller kontant.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1