Sommarskule: Aktivitet i Kulturlandskapet

Bli med på sommarskule med aktiviteter i kulturlandskapet på Lygra - og èin dag på utvandringssenteret på Sletta. Velkommen til ei veke med leik og læring! Lær om insekter, dyr og plantar, livet på ein lyngheigard - då og no, livet på prærien, livet i fjøra og vær forskar for ein dag.

  •  (Foto/Photo)
    1/1

Bli kjent med dyr, planter og insekter på Lygra

Vi ser på korleis biomangfald endrar seg mellom innmark og utmark, og mellom enger som blir gjødsla og beita på ulike måtar. Vi fangar insekt og samlar planter. Nokre av plantene vi plukkar havnar på kjøkkenet.

Livet på ein lyngheigard i gamle dagar og i dag.

Lære om tidleg busetnad på Lygra og Lurekalven. Kvifor ville folk bu på kysten? Og korleis har menneska endra landskapet for å skaffe seg ressursar.? Besøke moderne gardsdrift med ulike husdyrrasar. Prøve reiskap og metodar for matproduksjon frå ny og gamal tid.

Livet på prærien

Lær om utvandringa frå Norge og nybygging på prærieni Midtvesten. I ein ekte amerikanske prærielandsby fortel vi om kulturmøte før og no, med utgangspunkt i utvandringa til Amerika. Bli kjent med utvandringa gjennom aktivitetar. Prøv deg på bogeskyting, gullgraving mm.

Livet i fjøre og på fjorden

Vi fangar tang og smådyr og artsbestemmer desse. Garn og teiner gjev oss innblikk i livet lenger ute i fjorden. Vi sløyer og studerer fisken før vi tar den med til kjøkkenet.

I veke 26 vert det også mogeleg å ta ein tur på fjorden i tradisjonsbåt, i samarbeid med den andre sommarskulen på Lygra.

Forskar for ein dag

I små grupper får elevane vere med å finne forskingsspørsmål under rettleiing frå lærarane. Elevane samlar og analyserer data, og presenterer funna sine for dei andre gruppene på slutten av dagen.

Praktisk informasjon