Hopp til hovedinnhold

Lyngsviing

Behovet for praktisk informasjon om lyngsviing er aukande i takt med attgroing i kulturlandskapet. Kontrollert brenning av lyng og einer er naudsynt for å halde kystlynghei i hevd og oppretthalde utmarksbasert beite langs kysten.

Lyngsviing er ein eldgamal tradisjon

Dei eldste spora etter systematisk lyngsviing frå Vestlandet er nesten 5000 år gamle. Det er ei av dei eldste driftsformene vi kjenner fra norsk landbrukshistorie, og lyngsviing var ein integrert del av kystlandbruket fram til 1950-talet. Sidan den gong har avtakande bruk av lyng- og andre utmarksbeiter ført til ei utbreidt attgroinga av kystlandskapet. I tillegg til tap av beiteressursar og leveområder i lyngheia, fører opphøyret av skjøtsel ein sterk auke av villbrannfaren i landskapet.

Beite og utegangardrift

Lyngheiene er primært ein beiteressurs for tradisjonelle, norske husdyrrasar. Langs kysten har det i fleire tusen år vore vanleg å basere mykje av husdyrhaldet på utegangerdrift. På grunn av Golfstraumen er vintrane her så milde at sauer, geiter og i nokre tilfeller ungfé kan klare seg utandørs heile året. For at dyra skal finne nok mat er det naudsynt at dei har tilgang på store nok areal med lynghei, og at lyngheia er i god stand. Røsslyngen som dyra beiter på held seg grøn gjennom vinteren og har omlag den same forverdien heile året. I svært kalde vintrar kan det vere naudsynt med tilleggsforing.

I dag er det stort sett berre Gamalnorsk Sau -- populært kalla Villsau -- som går med utegangardrift. Dette er den gamle norske sauerasen som var vanleg over heile landet fram til starten av 1800-talet. På 1950-talet var det nesten berre i Austevoll i Hordaland at rasen, samt den autentiske utegangardrifta knytt til rasen, var halde i hevd. Sauerasen vart redda gjennom ein storstilt innsats for å auke talet på dyr og samstundes bevare dei opphavlege eigenskapane til rasen. Villsauhaldet er i dag ei næring i vekst. På landsbasis utgjer den ca. 4% av det totale saueholdet, og det er drift i dei fleste kystkommunar frå Agder til Lofoten. Sjølv om dyra er mindre og gir lågare slaktevekter enn moderne rasar, er populariteten aukande. Kjøtet er ettertrakta og gir en høgare pris på marknaden, og kjøtet er produsert på lokale og stadeigne ressursar. Fordi dyra har ein breiare kost enn moderne sauerasar bidreg dei også til å halde kulturlandskapet ope. Utegangardrift skal vere godkjend av landbruksmyndighetene, og i likehet med andre sauer på beite i utmark, skal dyra ha tilsyn minst ein gong i veka gjennom heile året.

Ein anna sauerase som også eignar seg godt til utegangardrift er den Gamalnorske Spælsauen. Denne rasen vart avla fram for omlag 100 år sidan på grunnlag av to flokkar Gamalnorsk Sau fra ulike delar av landet. Nokre få stedar langs kysten finn ein framleis den gamle geiterasen Kystgeit som også kan haldast i utegangardrift. Den hadde tidlegare ei langt større utbreiing, men er i dag ikkje så vanleg. Til gjengjeld har ein del bønder innført Kashmirgeita som også kan klare seg utandørs gjennom vinteren på Vestlandskysten.

For å halde gode vinterbeiter ved like er det viktig at røsslyngen ikkje vert for gamal. Når røsslyngen eldast blir den gradvis meir forveda og grovare i veksten, og tapar fôrverdi. For å unngå dette har det til alle tider vore vanleg å sette fyr på den gamle lyngen og brenne den vekk. Når dette blir gjort på rett måte vil lyngplanta skyte opp att fra røtene same år, eller året etter brann. Samstundes spirar store mengder røsslyngfrø som over tid har bygd seg opp i frøbanken i jorda. Lyngsviing skapar foryngelse av lyngbeita som raskt får eit høgere fôrinnhald enn før brenning.

Påverknadar frå lyngsviing

Det er ikkje berre lyngfrøa i bakken som våknar til liv etter ein brann, også frø frå ei rekke gras og urter får ei lukurativ mogelegheit til å spire. Dette skapar gode sommarbeiter dei første åra etter brenning, og det bidreg til å oppretthalde artsmangfaldet i lyngheiene. Lyngbrenning skapar variasjon i landskapet og med det fleire ulike leveområder for ville dyr og plantar. Lyngheier som vert halde i hevd med regelmessig lyngsviing er mellom anna viktig for ei rekkje fugleartar, slik som svartstrupe og hubro. Under ein skjøtselsbrann trenger ikkje elden ned i jordsmonnet, og frøbankar, røter og karbonlager ligg beskytta frå flammane. Under brenninga vert noko av karbonet som er bunde i vegetasjonen frigitt, men den same mengda karbon blir bunde i ny plantevekst i løpet av få år.  

Kor hyppig det er behov for å brenne same areal avheng av lokale forhold, mellom anna beitetrykk og tilveksten til røsslyngen. For Vestlandet vart det for 100 år siden anbefalt å brenne mellom 5 og 10 prosent av lyngareala kvart år. Dette stemmer bra med våre erfaringar frå Lyngheisenteret, der ei gjennomsnittlig brannhyppigheit på omlag 15 år har gitt gode resultat.

Trygg og riktig lyngsviing

Kunnskap og erfaring har avgjerende betydning for eit vellukka resultat av lyngsviing. Framfor alt er det viktig å passe på at ein har  kontroll
over elden, og at brenninga ikkje får uønska skadeverknadar. Lyngbrenning skal føregå på frosen eller vassmetta mark i vinterhalvåret. Mellom 15. april og 15. september er det etter norsk lov ikkje tillete å gjere opp eld i utmark utan brannvesenet si godkjenning. I tørre år kan ein risikere at det frå midten av april har blitt så tørt at jordsmonnet tek fyr. Då brenn dei øvre jordlaga opp, og dei frøa og røtene som
skulle gi nytt liv til brannflata blir øydelagt. Slike problem risikerer ein ikkje tidligare på vinteren. Sjølv ikkje etter storbrannen i ‘tørkevinteren’ 2014, da 10 km2 med gamal lyng og einer brende opp på Frøya, tok jordsmonnet særskild skade. Også omsynet til hekkande fugl og
anna dyreliv tilseier at lyngbrenninga bør avsluttast rundt midten av april. I områder med bakkerugande fugl som startar hekkesesongen tidleg, t.d. hubro, bør lyngbrenning gjennomførast før midten av februar.

Et viktig mål ved regelmessig lyngsviing er å skape god mosaikkstruktur i landskapet. Dette gir dei beste beitebetingelsane for dyra, det gir eit rikare biologisk mangfald, og det gir den beste førebygginga mot villbrann på sikt. Der ein har brent eitt år, vil det i dei påfølgande åra vere lett å stogge elden. Kor store dei enkelte brannfelta bør vere er styrt av terrenget og landskapsformene, men mange stedar kan felt på omlag 20 daa vere passeleg.

Kontrollert lyngsviing krev god planlegging. Det må tenkast grundig gjennom kvar det skal tennast på og kvar og korleis elden skal slukkast. Vind og terrengforhold må vurderast nøye. Best kontroll med elden har ein ved å brenne mot vinden, men dette krev tørre forhold. Branngater, der elden ikkje kan kome vidare, må vurderast før ein set i gong. Vidare er det naudsynt å ha nok mannskap, tjeneleg slokkingsutstyr, og varsling til den lokale brannvakta. Sjølv med god kontroll på brannen vil det alltid bli mykje røyk, og ofte mottek brannvakta uromeldingar. Dersom brannvesenet ikkjer er varsla på førehand må dei rykkje ut for å kartlegge brannårsaka. 

Kurs

Lyngheisentert tilbyr teoretisk og praktisk kurs i lyngsviing og tradisjonell skjøtsel av lyngheier. Ta kontakt på siri.haugum@muho.no for meir informasjon og pristilbod. Våre kurs kan ofte arrangerast med støtte frå Statsforvaltaren, beitelag og liknande.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1