Frå Lyngheisenteret er det 4 minutt å gå til Magnusgarden, som har overnattingsplassar til 16 vaksne. Dette er ikkje eit hotell, men eit fint, gamalt gardshus frå 1913. Det er stille og fredeleg, med fin utsikt over fjorden, berre eit par minutt frå utmarka og dei flotte turstiane på Ytre Lygra.
- 1/1
Lyngheisenteret
Overnattingsplassar
I første etasje:
- Sørastovo (2 senger + 1 seng i kammers), + stove, kjøkken og bad m/dusj og toalett
I andre etasje:
- Sørelemmen (5 senger + 2 i kammers)
- Norelemmen (2 senger + 2 i kammers)
- Fjorden (2 senger) + bad med toalett