Hopp til hovedinnhold

Sauesanking på Tangane

No er det villsauene som går i området rundt turstiane våre som skal sankast. Denne sankinga passar for heile familien.

  • gruppe av menneske sankar sauar
    1/1

Me inviterer små & større sauesankarar til å vera med på villsausanking på Lygra, sundag 16. juni. Oppmøte på snuplassen ovanfor Lyngheisenteret kl 11.00.

Den vesle flokken på Tangane skal samlast i sankebingen for klipping, helsesjekk, parasittbehandling og merking av lam. Villsauer og lam skal vurderast iht. rasestandard for gammalnorsk sau (villsau). Dei med godt rasepreg er best rusta til å leve ute i lyngheia. 

Lyngheisenteret er åpent denne søndagen frå kl 12 -17. Her kan du bl.a lære meir om villsaudrifta og/eller ta deg ein matbit. Vi sel varm mat til kl 16.30. 

Det vert ikkje førehandspåmelding til denne dagen, berre møt opp. Sjå også arrangement på Facebook, på Lyngheisenteret og Lygra Villsaulag.

Velkomen til Lygra!

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1