Hopp til hovedinnhold

Slåttesundag

Tradisjonen tru så er det Slåttesundag siste sundag i juni. Bli med på slått slik det føregjekk i "gamle dagar".

  • barn slår gras med ljå
    1/1

Velkomen til Slåttesøndag på Lyngheisenteret, søndag 25.juni kl 12-14!

Graset slår vi med ljå,  bankeljå og stuttorv, vi raker og hesjer - akkurat slik dei gjorde det før i tida, og alt kan du få vere med på! Du kan også besøke Magnusgarden; sjå på alt vi dyrker der og helse på flaskelamma våre. 

Det blir hesteskokasting, du kan gå på stylter og teste styrken med å holde "melkespann" (bøtter) - diplom til alle barn. Nede i Naustvika er det fint å bade og sjå etter skjel og småkrabbar. Krabbesnører får du kjøpt i Infomasjonsbygget. Gode fiskeplassar er der óg.

Program for dagen:
12.00 – 13.00 Slåing av blomsterenga ved info bygget.

12.30 – 13.00    Mat:  Vi steiker sveler og pølser på takke v/ Infobygget.

13.00. – 13.30   Leik v / Infobygget.

13.30 – 14.00   Naturløype med oppgåver.

14.00 – 15.00   Besøk i Naustvika med bading for dei som vil.

Aktivitetane er gratis.

I Matstova serverer vi rømmegraut og spekemat i tillegg til den vanlege lunchmenyen  vår. Varm mat til ein halvtime før stengjetid.

Vi held ope til kl 17. Bestilling av varm mat til kl 16.30.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1