Fugl

Nokre av fuglane du ser på Lygra er standfuglar, det vil seie at dei held til i området heile året. Andre fuglar er trekkfuglar som besøker lyngheiene for å kvile under vår- og hausttrekket, eller som hekkar hjå oss om sommaren.

Fuglelivet på Lygra trivast i kulturlandskapet som blir halde ope av brenning og beiting. Husk likevel at fuglane er sårbare for forstyrringar i hekkesesongen som på Lygra strekk seg frå april til august. Dersom du held deg på turstiane i lyngheia unngår du å forstyrre reir og ungar som ligg skjult i vegetasjonen. Slik kan vi ta vare på lyngheia som gode leveområder for fuglefaunaen vår også i framtida.