- 1/1
Storspoven er den største vadefuglen vi har i Noreg, og den er eit kjend innslag i kulturlandskapet langs kysten. Av den grunn kjenner mange storspoven under lokale namn, som kystspove, heispove, regnspove, spue, spoie, spuv, gåsbue, gåsebue, gåsbu, gåspui, langkørr og guri. Dessverre er arten i sterk tilbakegang, og mange stadar har lyden av storspove stilna heilt. Den norske raudlista for artar har følgd bestandsutviklinga til storspoven i mange år, og i 2015 endra dei status frå «Nær truga» til «Sårbar». I 2021 hamna den for første gong i kategorien «Sterkt truga». Det betyr at det er svært høg risiko for at storspoven vil forsvinne heilt frå norsk natur i løpet av dei neste tiåra. Den same utviklinga ser vi i dei andre landa der storspoven finnast, og arten står derfor også på den internasjonale raudlista over artar som risikerer å døy ut.
Den viktigaste årsaka til at det går dårleg med storspoven er omleggingar i jordbruket. Når beitemarker og lyngheier gror att, blir planta til med skog, byggast ut eller dyrkast opp forsvinner hekke- og fødeområda til storspoven. For å finne mat treng storspoven ope terreng og jord som er mjuk nok til at han kan stikke det lange, tynne nebbet ned i jorda på jakt etter smådyr. I dag reknar vi med at har vi litt over 2000 par med storspovar som kvart år besøker Noreg, men hekkeutfordringar gjer at dei ikkje greier å produsere nok ungar til å oppretthalde bestanden. I løpet av 2000-talet har meir enn halvparten av storspovane forsvunne frå jordbrukslandskapet i Noreg.
På Lyngheisenteret blir kulturlandskapet halde i hevd, og her likar storspoven seg godt. Allereie i april, ofte i god tid til den internasjonale storspovedagen 21. april, kjem dei første fuglane flygande frå overvintringsområda sine i andre Nordsjøland. Her møter dei gjerne att ein make dei har hatt i mange år. Storspoven kan bli kring 30 år gamal, og vender nesten alltid tilbake til dei same hekkeområda. I mai og juni er dei travelt opptekne med flørting og formeiring, og ei vellukka hekking resulterer som regel i fire egg. Når ungane er klekka gjer mødrene seg klar til ferie, og allereie rundt jonsok samlar hoene seg i små flokkar og set kursen sørover. Fedrane må vere att og passe på ungane, og først på seinsommaren trekker årsungar og vaksne hannar sørover i samla flokk.