Hopp til hovedinnhold

Einstape

Bregna einstape (Pteridium aquilinum) er ein av verdast mest utbreidde plantar. Einstape finnes naturleg på alle kontinent utanom Antarktis, og den trivast både i skog, på grasmark og i lynghei. Den store toleransen for ulike miljø gjer også til at einstapen kan ta fullstendig overhand somme stadar, og i kulturlandskapet ser vi einstapa som ein problemart når den dannar tette førekomstar.

Under kan du lese meir om økologien til einstape, og om tradisjonelle og nye metodar for å halde einstapen i sjakk i kulturlandskapet.

Økologi

Uovervinnelige rhizom
Einstape har eit stort, trekanta blad som hos oss kan bli over ein meter høgt. Blada spirar opp på forsommaren, og visnar bort på hausten. Kvart blad er festa på ein underjordisk stengel - eit rhizom - som ligg 20-50 cm nede i jorda. Eitt rhizom kan dekke fleire hektar og vekse med opp til ein meter i året. Sjølv om rhizomet botanisk sett er ein stengel er det meir nærliggande å tenke på det som er tjukk rot. Denne inneheld opplagsnæring og kvilande bladknoppar som planta kan sende opp som nye bladskot. Rhizomet utgjer omlag 80% av biomassen til einstapa og kan bli fleire hundre år gamal. 

Fortrenger andre artar
Einstape trivast i djup og veldrenert jord, og midtsommars kan den danne tette skogar av bregneblad. Desse store og tette blada skyggar ut andre artar. Når blada visnar om hausten dannar dei eit tjukt strølag på bakken som vidare fortrenger andre artar. I tillegg har einstape truleg allelopatiske sambindingar - kjemikaliar som hindrar frøspiring eller vekst hos andre artar - i både rhizomet og bladet. Desse sambindingane blir verande i strølaget og jorda sjølv etter at bregneblada har visna bort. Einstape spreier seg i stor grad ved at rhizomet veks inn i nye områder og sender opp nye blad. Samstundes produserer bregna eit stort tal sporar som spreier seg med vinden og kan kolonisere nye områder. Eitt bregneblad kan produsere så mykje som 300 millioner sporar!  

Giftig
Einstape er giftig for både husdyr og menneske. Akutt forgifting kan gi anemi og auke faren for spontanabort, og ved langvarig inntak har einstape vist seg å vere kreftframkallande. Sjølv om beitedyr i stor grad unngår å beite på einstape kan storfe halde nede bestanden av bregna. Einstapa toler nemleg tråkk og ligging frå store dyr dårleg.

Ressurs og plage

Mange bruksområde
Til trass for at inntak av einstape er giftig i store mengder eller over lang tid har bregna historisk sett blitt brukt til mat, også i Noreg. Einstape har også blitt nytta til ei rekkje andre bruksområder, mellom anna tilproduksjon av glass, såpe og blekemiddel, å gjere opp eld med høg temperatur, farging av ull, garving av lær, taktekking, kveling av ugras i åkeren og som strø under dyra i fjøset. Særskild tradisjonen med å bruke einstape som strø til dyr har vore ein utbreidd tradisjon for den norske lyngheibonden i lang tid, men brukan har avtatt og sidan opphøyrt i løpet av det siste århundret.  

Bekjempelse
Endra bruk av utmark, kombinert med auka nitrogengjødsling gjennom avrenning frå landbruk og surt nedbør har ført til at einstapen har breia seg i kulturlandskapet dei siste hundre åra. Manuell bekjempelse med sprøyting eller slått er naudsynt for å avgrense utbreiinga der einstapen trivast godt. 

På Lyngheisenteret har bekjemping med sprøyting og slått blitt systematisk undersøkt i som ein del av doktorgradsarbeidet til Inger E. Måren. Funna frå dette studiet syner at sprøyting med sprøytemiddelet asulam i kombinasjon med ein årleg slått gir raskast tilbakegong av einstape, men effekten varer berre få år. Slått to gonger i året (ved jonsok og i august) utan bruk av sprøytemiddel gir det beste resultatet på lang sikt. Slått utan sprøytemiddel er sjølvsagt også meir skånsomt for miljøet. For å sikre eit godt resultat av slått må den gjentakast systematisk i minst fire år.

Fram til no har ljåen vore vårt viktigaste verktøy for slått av einstape, men vi har også nytta elektrisk kantklippar. Våren 2022 utvidar vi utstyrsstallen vår med ein Breimaler beitepussar.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1