Hopp til hovedinnhold

Årringar

På den fysiske utstillinga kan du sjå tverrsnitt frå åtte tre, eitt frå kvar kommune i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde. Her kan du lese om dei ulike treslaga, og nedst på sida kan du tippe alderen på trea du møter på utstillinga.

Osp frå Vaksdal

Ospa er eit svært vakkert tre med blank bork og ganske runde blad. Blada er friskt grøne om sommaren, og med klåre haustfargar i gul, orange or raudt om hausten. Du har kanskje høyrt uttrykket "å skjelve som eit ospelauv"? Bladstilken til ospeblada er heilt flat, slik at sjølv det minste vindpust skubbar på den og får bladet til å vippe fram og tilbake. 
Ospa er særbu, det vil seie at kvart tre er enten ein hann eller ei hoe. Veden til ospa er lys, og årringane kan vere uttydelege. Ospa har hatt, og har framleis, mange bruksområder for oss menneske, men er også viktig for mange ville artar. Veden inneheld ikkje harpiks, og er godt eigna til både innredning av badstuer og til fyrstikker. Mange artar av lav, mose, sopp og insekt kan leve i og på osp. Mange treslag kan bli svært gamle, men ospa vert sjeldan over 100 år gamal.

Or frå Modalen

Kanskje kjenner du or under namnet older? I Noreg har vi to artar av or: gråor og svartor. Gråor er ganske vanleg i låglandet, men ikkje så vanleg på kysten. Svartor krev varmare temperaturar og finnast i lune lier inne i fjordane, men også langs kysten. Alle plantar treng nitrogen, og dei fleste plantar må finne nitrogenet dei treng i jorda. Ora skil seg frå dei andre norske treslaga ved at ho har inngått eit samarbeid med ei gruppe bakteriar som skaffar nitrogen til ho. Desse bakteriane lev i små klumpar på røttene til ora, og dei har evna til å omdanne nitrogen frå atmosfæren (lufta vår er 78% nitrogen) til nitrogenformer som plantane kan bruke, slik som nitrat og ammonium. Som betaling får bakteriane sukker frå ora sin fotosyntese.
Om hausten skiftar blada til trea farge fordi trea syg til seg viktige næringsstoff frå blada for å spare dei til neste år. Fordi ora har så god tilgang på det viktige næringsstoffet nitrogen er ho ikkje så oppteken av å spare, så ora sine blader skiftar ikkje farge om hausten, men er grøne heilt til dei fell av.

Einer frå Fedje

Kanskje kjenner du eineren best som brake eller sprakje? Eineren er eit lite tre som kan vekse opp til 15 meter høgt, men som oftast veks den som ei busk. Blada er forma som små, spisse nåler som sit på heile året. Eineren er særbu, som betyr at kvar plante er enten ein han eller ei hoe. Fordi det er eit nåletre lagar den små kongler når den skal formeire seg. Desse konglene ser svært annleis ut enn konglene til gran og furu, og kongla til hoplantane kjenner vi som einebær. 

Bjørk frå Gulen

Bjørka er eit av dei vanlegaste treslaga i Noreg. Vi har tre artar av bjørk som alle finnast i Nordhordland. Dunbjørk er den aller vanlegaste av dei, og kan vekse nesten kvar som helst så lenge ho får nok lys. Oppover i fjellet blir dunbjørka lita og krokete, og vi kallar ho fjellbjørk. Hengebjørka vil ha det litt varmare enn dunbjørka, og passar godt til namnet sitt med sine lange, tynne, hengande greier. Dvergbjørka finn vi berre på fjellet, der den veks som ei lita busk.
Om våren lagar bjørka lange raklar som dinglar i vinden og sender ut store mengder pollen. Dei store pollenmengdene kan vere plagsomme for alle som har bjørkeallergi. Om sommaren kan ein finne store mengder bjørkefrø som også er tilpassa vindspredning. Dei små, gulbrune frøa har nemleg stive, flate venger som gjer at dei kan segle langt avgarde med eit vindpust.

Alm frå Osterøy

Alma er eit varmekjært treslag som vi ikkje har så store mengder av i Nordhordland. Når alma veks ein stad ho trivast kan ho bli over 30 meter høg og meir enn 4000 år gamal. Alma sitt bladverk er svært nåringsrikt, og almetre har vore mykje brukt til lauving eller styving, der tynne greiner med lauv vart skåre av for å nyttast som dyrefor. Slike tre kan vi sjå mange av i kulturlandskapet, og dei er karakteristiske med ein tjukk stamme med mange tynne greiner. Alm er også eit viktig treslag for mange artar av lav, mose, sopp, insekt og fugl.

Bøk frå Alver

Visste du at den nordlegaste bøkeskogen i verda står på Seim i Alver? Bøka er eit av dei siste norske trea som har kome til Noreg etter at isen forsvann etter den siste istida. Bøkeskogen i Nordhordland står langt unna andre bøkeskogar, og forskarane trur at denne skogen vart planta her i vikingtida. På bakken inne i bøkeskogen veks det nesten ingenting, og det kan vere tørt og opent å gå rundt i ein slik skog. 

Gran frå Masfjorden

Grana er det vanlegaste treslaget i Noreg og i Nordhordland. Etter at isen forsvann etter førre istid vandra grana inn i Noreg frå aust. På det meste av vestlandet har faktisk ikkje grana kome seg hit på eigahand, men fått hjelp av menneske til å flytte seg. I Nordhordland er det berre til Modalen at grana har kome seg av seg sjølv. I tillegg til den norske grana, som vi menneske har hjelp å spre til alle kantar av landet, har vi store bestandar av gran som kjem heilt frå Nord-Amerika, som sitkagran. Sitkagrana trivast godt på vestlandet, og er ein viktig art for skogbruket. Samstundes spreiar ho seg villig og somme stader fortrenger ho dei heimehøyrande artane. Sitkagrana blir derfor vurdert som ein trugsel for naturmangfaldet vårt. 

Rogn frå Austrheim

Rogna er eitt av dei trea som forandrar seg mest gjennom året. Tidleg på sommaren har rogna store, iaugefallande, kvite blomar, som dukkar opp att som raude bær om hausten som både menneske og ville dyr set pris på. Blada til rogna er svært flikete, og skiftar frå grøn om sommaren til mange ulike fargar om hausten. Rogna har ein tydeleg plass i kulturhistoria vår, og ofte har ein brukt rogna si bløyming og bærproduksjon til å spå om veret seinare på året. 

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1