Hopp til hovedinnhold

Dinosurar i Nordhordland

Det har aldri blitt funne dinosaurar i Nordhordland, eller andre stadar på fastlands-Noreg, og faktisk er det heilt umulig at vi kan finne dikosaurfossil her. Likevel trur forskarane at det gjekk dinosaurar rundt i Nordhordland for 200 millionar år sidan.

Kvifor kan vi ikkje finne dinosaurfossilar på fastlands-Noreg?

Dinosaurane levde for 245 millionar til 65 millionar år sidan. Den gongen låg Noreg lenger sør, om lag der Frankrike ligg i dag. Truleg vandra det dinosaurar rundt her, og lenge etter at dinosaurane forsvann kunne ein kanskje finne spor av dei. I dag finn vi ingen spor etter dinosaurar i Noreg, fordi voldsomme istider har endra landskapet vårt dei siste 2,5 millionar åra. Før istidene hadde Noreg fjell som var like høge som dagens Himalaya. Isen har slipt og skura og samstundes fjerna alle potensielle fossilar og spor etter dinosaurar. Det vi i dag ser som fjell i Noreg er skikkelig gamalt grunnfjell som vart danna for fleire hundre millionar år sidan. Dei høge fjella som vart danna etter dette er slipt ned og ligg i dag på botnen av Nordsjøen. 

Plateosaurus

2256 meter under havbotnen i Nordsjøen har forskarar funne ein knokkel frå ein plateosaurus. Pleteosaurus levde for mellom 210 millionar og 199 millionar år sidan. Plateosaurusen var ein planteetar som kunne gå på både to og fire bein. Denne dinosauren hadde ein lang hals, og eit ganske lite hovud, og kunne bli 9 meter lang og vege 4 tonn. Den gong plateosaurus levde var dagens Nordsjøen eit tørt landområde mellom Noreg og Grønland, og det er funne fossilar av plateosaurus både på Grønland og i Europa. Sjølv om ein ikkje vil kunne finne bevis for det, er forskarane ganske sikre på at plateosaurusen også vandra rundt i det vi i dag kjenner som Nordhordland. 

Oljen vi pumpar opp frå Nordsjøen vart danna den gong dinosaurane levde. Men, det er ikkje daude dinosaurar som har gjeve oss olje, men planteplankton som levde i havet på same tid som dinosaurane. Planteplanktonet sank til botnen og vart begravd i sediement, og blitt omdanna til olje. 

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1