Hopp til hovedinnhold

Kronemanet

Kronemanet (Periphylla periphylla) kan bli 30 år gamal og finnast i heile Atlanterhavet. I Lurefjorden er det uvanleg mykje av den – minst 50 000 tonn! Her har kronemaneten utkonkurrert fisk som den viktigaste planktonetaren.

  • 1/1
    Foto: Erling Svensen

Kronemaneten har ein kjegleforma kropp som er om lag 30 cm høg, samt 12 tjukke tentaklar. Den er raud på farge, og kroppen har bioluminescens - altså er den sjølvlysande! Kronemaneten toler ikkje dagslys, og gøymer seg ofte djupt nede i havet. Om natta bevegar den seg oppover i vassøyla for å finne små dyreplankton den kan spise, og om dagen synker den ned att i djupet. Ein av grunnane til at kronemaneten trivast så godt i Lurefjorden er at Lurefjorden er svært mørk. Lurefjorden er ein terskelfjord som berre så vidt heng saman med havet utanfor kysten. Under vassoverflata er det nemleg høge fjell og djupe dalar, og eitt av dei undersjøiske fjella når nesten heilt opp til vassoverflata ved munningen til Lurefjorden,. Denne terskelen gjer at vatnet i liten grad blir skifta ut, og det blir mange partiklar i vatnet inne i Lurefjorden. Dette gjer at dagslyset ikkje trenger så langt nedover i vassøyla. Faktisk er Lurefjorden 10 000 gonger mørkare på 200 meter djup enn dei fleste andre vestlandsfjordane.

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1