Hopp til hovedinnhold

Kystlyngfestivalen 2024

Kystlyngfestivalen samlar menneske med ulik bakgrunn, særleg innanfor forsking, birøkting, sauehald, forvaltning og turisme, for å feire kulturlandskapet langs kysten og diskutere utfordringar. Festivalen er arrangert av Lyngheisenteret og Hordaland Birøktarlag, med støtte frå Fana Sparebank.

Årets tema er MAT.

Program

Fredag 23. august, 18-21.
Guida tur i lyngheia på Lygra med påfølgande honningsmaking med honningsensorikar Ragna frå ByBi (påmelding).
 
Laurdag 24. august: Festivaldag (påmelding).
9:00     Registrering og kaffi

10:00   Opning av årets festival

  • Siri Haugum, Lyngheisenteret: Innleiing til årets tema

​10:45   Mat, natur og kultur i kystlyngheia

  • Kari Loe Hjelle, Museumsdirektør ved Universitetet i Bergen: Framveksten av dei matproduserande systema i Noreg
  • Film: «Lyngheiene – eit kulturlandskap som forsvinn»
  • Inger Måren, UNESCO Chair og Professor ved Universitetet i Bergen: Mat som kulturberar

12:15   Lunsj med lokale råvarer

13:15 Marknadsføring, merkeordningar og nettverksbygging
  • Hildegunn Opdal, Nordhordland UNESCO Biosfære: Smak av Nordhordland
  • Hilde Buer, Sørværet Villsau: Slow Food og Villsau
  • ​Anne Zondag, Matprat: Kva veit vi om forbrukaren?
  • Jorunn Kårvatn, Innovasjon Noreg: Fremming av norsk mat
14:45 Beinstrekk

15:00 Norsk mat på norske ressursar

  • Aud Slettehaug, Vestland Fylkeskommune, Kompetansenettverket Vest i Vestland Fylkeskommune​: kvar kjem maten vår frå?
  • Vegard Helland, Hordaland Birøktarlag: Om (lyng)blomster og (honning)bier
  • ​Jostein Husa, Sankaren på Fedje: Bli med meg i kystlyngheia

16:30   Kaffipause

17:00   Panelsamtale

Transport:
Lyngheisenteret ligg ein time i bil frå Bergen. Kom gjerne til oss med ekspressbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen sentrum. Avgang laurdag morgon kl 8:00 (ankomst Lygra Kai kl 8:50). Om kvelden går ekspressbåten frå Lygra Kai kl 19:55 med ankomst på Strandkaiterminalen i Bergen kl 20:45. Frå Lygra Kai til Lyngheisenteret er det 600 meter å gå på flott turveg.

Søndag 25. august
Familiesøndag på Lyngheisenteret med faste aktivitetar.
Pollinatorvandring med La humla suse kl 13 (spesielt tilrettlagt for barn) og kl 15 (gratis).

Om honningsmaking

Kystlyngheia er eit karrig landskap med skrinn og næringsfattig jordsmonn. Røsslyngen og dei andre lyngartane i kystlyngheia er nøysame og trivast i dette landskapet. Lyngplantane, med røsslyngen og klokkelyngen i førarsetet, fristar pollinerande insekt med vakre blomar og nektar med komplekse duftstoff. 

Honningbier som pollinerer lyngplantane finn aromamolekyl i nektaren, og desse set smak på honningen deira. Kvar lyngart har sin eigen duftsignatur. Røsslyngen har bitre og intenst krydra tonar, medan klokkelyngen er ein syrleg eksplosjon mot tropiske frukter og søtkirsebær. Bærlyng som blåbær og tyttebær har ein treaktig, vaniljeprega djup sødme. Og så må vi ikkje gløyme purpurlyng, Erica cinerea, med sin milde og sarte nektar.

Kursholdar er Ragna Ribe Jørgensen, sertifisert birøktar og fagleg rådgiver i ByBi Oslo. Ho er utdanna honningsensoriker ved de italienske offentlege landbruksmyndigheiter, og har vore hovuddommar i NM i Honning i fleire år. Under denne smakskvelden vil du delta i ei sensorisk utforsking av honning fra norske kystlyngartar. Ei slik smaksvurdering av honning er ein like avansert disiplin som den som brukast for vin, olje eller ost. Du vil lære å identifisere aromaer i honning, samt få mogelegheita til å smake andre utsøkte norske honningar, blant anna gullvinnerar i NM, samt eit par underlege utenlandske honningar med overraskende smaksprofil

Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1