Hopp til hovedinnhold

Sild

Silda er ein art med stor betydning for økosystema i havet, men og for oss menneske. For hundre år sidan var"sild og pote" ryggraden i kosthaldet til folk i Nordhordland. Silda er delt i fleire bestandard som har ulikt levevis. I Nordhordland har vi ein eigen sildestamme kalla Lindåssilda.

  • 1/1
    Sildestim. Foto: Erling Svensen.

Store svingingar

Silda er ein av dei mest talrike fiskeartane på jorda, men storleiken på dei ulike bestandane varierer mykje. I tillegg kan den naturlege variasjonen i storleik av kvar bestand variere mykje frå år til år. På 1950- og 1960-talet fiska vi menneske likevel så mykje sild at nokre bestandar vart kraftig redusert og endra levemåten sin. I dag har vi eit meir berekraftig fiske av sild. 

Norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (NVG-sild) er verdas største sildebestand. Ho sym ut i Nord-Atlanteren for å beite på raudåte, men kjem til kysten av Noreg for å gyte om våren. På 1960-talet kollapsa bestanden av NVG-sild på grunn av overfiske og miljøutfordringar. Den vesle bestanden som var att fan nok mat langs kysten heile året, og trengte ikkje å bruke krefter på å vandre langt ut i Nord-Atlanteren. På denne tida blanda NVG-sild seg mykje med dei lokale sildestammane, inkludert Lindåssilda. Når bestanden av NVG-sild tok seg opp att starta også vandringsmønsteret opp att.

Også sildestammane som beitar i Nordsjøen har vandringsmønster. Her er den hausgytande silda den største bestanden, men det er også eigne bestandar av vinter- og vårgytande sild. 

At det finnast så mange ulike bestandar av den same arten, og at bestandane har svært ulike leveområder og levemåtar, gjev opphav til eit stort genetisk mangfald. Det genetiske mangfaldet er ein viktig ressurs som gjer at silda betre kan tole miljøendringar og sjukdommar. Det er derfor viktig at vi tek vare på dette mangfaldet.

Lindåssilda

Lurefjorden og Lindåspollane er eit marint fjordsystem som berre så vidt heng saman med sjømassane lenger ute. Då den tunge isen frå førre istid smelta, heva landmassane seg slik at havnivået i praksis sokk. Til trass for at Lurefjorden er 400 meter djup på det djupaste, er djubda i dag berre 10-30 meter på det grunnaste i dei smale sunda ut mot ope hav. Dette har gjort Lurefjorden og Lindåspollane til eit spesielt fjordsystem med lite utskifting av vatn.

I dette fjordsystemet finn ein også ei eiga sildestamme med nokre karakteristiske trekk. Til dømes er ho kortare enn anna sild, og veks langsamt. Lenge trudde ein at denne silda hadde vore heilt avskilt frå anna sild i 6 000 år.  

Forsking syner at Lindåssilda har levd delvis avskjerma, men ikkje isolert, frå andre sildebestandar. Mellom anna har NVG-sild svømt inn i Lurefjorden og blanda seg med Lindåssilda, og Lindåssilda har somme tider følgd etter NVG-sild ut av Lurefjorden. Grunnen til at Lindåssilda er liten og veks langsamt handlar truleg mykje om byttedyra ho finn i Lurefjorden og Lindåspollane, som i hovudsak også er små av vekst. 

Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1