Hopp til hovedinnhold

Naturfag og biologi

Lyngheiar er ikkje berre lyng. Sjølv om du raskt vil oppdaga at det er røsslyngen som dominerer i lyngheiane, veks det mange andre plantar her også. I tillegg er det mange smådyr og fuglar som nyttar lyngheiene som leveområde heile eller delar av året. Nokre av artane i lyngheia er vanlege og lette å kjenna att, andre er små eller vanskelege å leggja merke til med det same. På Lygra er det funne over 150 karplantar i tillegg til mosar, lav, sopp, fuglar, krypdyr, pattedyr, insekter og edderkoppdyr. Under artskunnskap kan du lese om nokre av dei.

Eit lyngheiområde inneheld mange ulike habitat eller leveområde. Kvart enkelt habitat inneheld sine eigne, karakteristiske planteartar og spesielle miljøbetingelsar. Dei viktigaste habitata i og i tilknyting til lynghei er:

Nybrend eller ung lynghei (pionerfase)
I nybrende område stikk det opp gråsvarte, avbrende røsslyngkvistar. Gras og urter dominerer medan røsslyngen er låg (under 5 cm) og finst spreitt. Det er gode tilhøve for mange artar dei første åra etter brann, og her finn du mange ulike planteartar, slik som tepperot, kystmaure, kystmyrklegg, flekkmarihand, tiriltunge, bråtestorr, blåbær og knegras. Det er lite mose i botnsjiktet. Den halvmeter høge bregna einstape veks ofte tett i desse områda. Røsslyngskota er 1-6 år gamal.

Lynghei (byggjefase)
I slike områder er det mest kortvokst røsslyng, med innslag av gras og urter. I mosesjiktet finn ein heiflette, etasjemose og furumose. Røsslyngen er 6-15 år gamal.

Gamal lynghei (moden/degenerativ fase)
Området har mykje høg røsslyng med tjukke stenglar. Anna lyng er også vanleg, slik som blåbær, tytebær, blokkebær og klokkelyng. Det er sparsamt med gras og urter. Botnsjiktet er tett med mosar eller lav. Røsslyngen er 15-50 år gamal.

Grashei
I grasheia dominerer gras og urter. Kystmaure og tepperot finn ein stort sett overalt. Det er lite eller ingen røsslyng og andre lyngvekstar. Botnsjiktet kan vera heilt tett med engkransemose.

Myr
Myrer ligg stort sett i forsenkingar i terrenget. Dei er våte og ofte prega av mange små og store tuer. På tuene veks ofte røsslyng saman med torvull. Mellom tuene veks mellom anna storr, bjønnskjegg og torvmosar. Det er framfor alt torvmoseartane som karakteriserer ei myr.

Strandeng og strandberg
Strandengene vert flødde over av saltvatn og har difor salttålande grasartar og urter.

Lauvskog
Før du kjem til lyngheiområdet på Lygra, ligg det ein rik lauvskog med mellom anna ask, eik, hassel, osp og bjørk. Her veks det mange urter og gras, og skogen har eit rikt fugleliv.

Granskog (planta)
Granskogen vart planta i 1960. Her er det svært artsfattig. Berre nokre mosar og lav trivst i skogkanten der ljoset omtrent ikkje slepp til, og inne i skogen er det nesten berre barnåler å finne på bakken. Granskogen består av både norsk gran og sitkagran. Norsk gran finnes naturleg i Noreg, men er framand på Vestlandet. Dei trea vi har er enten planta eller frøspreiingar frå planta tre. Sitkagrana er ein nordamerikansk art som ikkje finnes naturleg i Europa. Norsk gran er mørkegrøn på farge og har svakt bua greiner. Sitkagrana har eit blåleg skjær i grønfargen, og har stivare greiner og nåler som stikker skikkelig! 

Furuskog (planta)
På neset (Tongane) heilt nord på øya ligg det ein liten furuskog som vart planta i 1920 åra. Furutrea slepp meir lys gjennom enn granskogen, og det er eit samanhengande plantedekke på bakken. Du kan merke at det er tørrare på bakken under trea enn i området rundt.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1