Hopp til hovedinnhold

Plantar

Røsslyng (Calluna vulgaris)

Røsslyng er ein nøkkelplante for lyngheiene langs kysten. Den set sitt preg på heile landskapet. Mest iaugefallande er dette i august, når kysten ligg bada i purpur. Resten av året kan det variera noko, alt avhengig av kva tilstand røsslyngen er i. For lyngheiene er eit kulturlandskap; eit resultat av samspelet mellom røsslyng, eld og beitande husdyr over lang tid. Klimaet langs kysten er årsak til at det berre er her vi finn dei menneskeskapte lyngheiene, medan røsslyngplanta finst over det meste av landet.

Namnet røsslyng kjem av det gamalnorske ordet for hest «hross». Tidlegare var «hestelyng» eit ikkje uvanleg lokalnamn, likeeins «beitelyng», «beistalyng» og «bulyng». Alle nemningane syner at røsslyng var skatta som beite- og fôrplante. Lyngslått var vanleg fleire stader i landet. Men røsslyng vart òg nytta på anna vis, til dømes var den mykje brukt til plantefarging. Gamal røsslyng med grov stilk var dugande til brensel, især opptenning, og namn som «rivelyng» og «røskjelyng» var difor heller ikkje uvanleg.

Røsslyng er ein spesiell plante. I lyngfamilien ellers er det fleire store planteslekter med ulike artar spreidd over heile kloden. Men røsslyngslekta, «Calluna», har berre denne eine arten, og den finst berre i Europa. Røsslyng er òg ein folkekjær plante. Dette kom tydeleg fram i 1976 då ho ved ei avstemming i radioprogrammet «Nitimen» vart kåra til Noregs nasjonalblomst. Går du ut i lyngheia ein varm augustdag, vil du kjenna den søtlege nektarangen frå den blømande lyngen. For birøktarane er difor røsslyng ein viktig plante. Men det må ikkje vera for tørt i været. Blomane hos røsslyngen har eit svampaktig vev nederst på innsida av kronblada. I fuktig vær svulmar dette opp så blomane opnar seg og biene kjem til. Produksjonen av lynghonning vert difor ofte betre på Vestlandet enn på Austlandet, kor det lett kan verta for tørt under bløminga.​

Langs kysten er det likevel som beiteplante at røsslyngen har hatt størst verdi. Her har Golfstraumen til alle tider gjort at vintrane er så milde at dei gamle husdyrrasane, særleg sau og geit, kunne gå ute heile året. For at dyra skulle finna nok mat gjennom vinteren, sytte kystbøndene for at dei altid hadde store nok areal med røsslynghei i god hevd til rådvelde. Dette er grunnen til at vi berre har menneskeskapte lyngheier langs kysten. Dei er knytt til områda kor vinterbeite er mogeleg.Lyngheilandskapet er forma av ei landbruksdrift som var tufta på tre særtrekk hos røsslyngplanta:

• Den har vintergrøne blad og skot. Særleg dei unge plantene har like høg beiteverdi om vinteren som om sommaren. 

• Den spirer godt etter brann, på Vestlandet både frå røter og frø.

• Den har ein enorm frøproduksjon. Dei fleste hamnar ned i jordsmonnet kor dei kan halda på spireevna i mange ti-år.

Etter 15-20 år vert røsslyngen grovvaksen og mister mykje av beiteverdien avdi den då produserar meir ved enn blad. Heile planten svekkast og vert meir sårbar mot insektsangrep, tørke og frost. Men under optimale tilhøve kan røsslyngplanta verta omlag 50 år gamal. For å hindra at lyngplantene vert for gamle, har kystbøndene i tusenvis av år sett eld til lyngen der det har vore naudsynt. Etter brenning tidleg på året, vil røsslyngen spira frå frøa i bakken alt samme haust. På den måten vert plantene forynga, og bøndene tok på denne måten vare på beitekvaliteten i lyngmarka. Truleg er dette ei av dei eldste formene for landbruksdrift som enno vert praktisert her til lands. Forsking, mellom anna på Lyngheisenteret, har synt at røsslyngfrø frå kysten spirer betre og hurtigare om dei vert utsette for røyk. Røsslyngfrø frå innlandsdistrikt utan tradisjon for lyngbrenning, syner ikkje nokon tilsvarande reaksjon når dei vert utsette for røyk. Det ser altså ut til at røsslyng på kysten har tilpassa seg regelbunden lyngbrenning ved at frøa vert stimulert til å spira betre etter brann. Dette er eit sjeldant døme på at evolusjonen til ein viltveksande plante er påvirka av folk si liverging. På ein måte har kulturarven frå fiskarbonden sett seg i genane til røsslyngen ute på kysten!

Klokkelyng (Erica tetralix)

Klokkelyngen, saman med purpurlyngen, er åleine som norsk representant for den store klokkelyngslekta som på latin heiter Erica. Det er eit eldgamalt plantenamn som kjem av Ereike, som var namnet på klokkelyng alt i det gamle Hellas. Erica er ein svær planteslekt med over 800 artar, men nesten 700 av dei veks berre langs sørkysten av Afrika. I Europa er det likevel meir enn 100 artar å halda styr på, dei fleste finn vi kring Middelhavet og langs kysten av Atlanterhavet i Sør-Europa. Dei kan ha mange ulike fargar, og lyngheiane i Sør-Europa er difor langt meir fargerike enn vi er vane med hjå oss. Nordetter i Europa tynnast det ut med klokkelyngartar, i Storbritannia har dei fem, medan det i Danmark og Sverige berre veks vanleg klokkelyng. 

Klokkelyng er hjå oss ein myrplante som veks langs kysten og litt inn i landet frå Oslofjorden til Trøndelag. I lyngheiane veks den ikkje berre på myr, men i fuktig hei -- ja stort sett dei fleste stader med unnatak av sørvende tørrbakkar. Når klokkelyngen er heilt ung kan den somme stunder forvekslast med krekling. Men der kreklingen har heil snaue blad med ei kvit stripe på undersida har klokkelyngen mange små hår på bladet -- store nok til at du kan sjå dei med det blotte auge.

Klokkelyng har raudrosa blomar og startar bløyminga kring midten av juli. Klokkelyngen spirar villig etter lyngsviing, men vert svekka og forsvinn til slutt heilt når landskapet veks att. Det vil rett nok vera litt klokkelyng att ute på store myrar, men ikkje i same mengd som på ope hei, og ikkje der skogen står tett. I ope hei er både klokkelyng og purpurlyng store nektarprodusentar. Difor kjem ofte birøktarane med kubane sine ut i lyngheiane alt i byrjinga av juli for å få med seg denne bløminga, sjølv om det kan vera ein månad å venta før røsslyngen kjem i gang for fullt. I gode år skiftar dei gjerne vokstavlane i kubane nett når røsslyngbløminga tar til. Det dei då kan slyngja ut av tavlane er nesten rein klokkelyng/purpurlynghonning. Dette er noko av det mest eksklusive norske honningprodusentar har å by på — flytande, gyllen og velsmakande grøde frå lyngheiane.

Purpurlyng (Erica cinerea)

Purpurlyng er særs kjenslevar for vinterfrost, og difor veks den berre langs ytterkysten frå lengst nord på Jæren til søre Sunnmøre. Til og med vintrane på Lygra er for kalde, så du må ut i Austrheim og til Øygarden for å finna den. Sørover på Bømlo og Karmøy er den rett vanleg. I motsetnad til klokkelyng veks purpulyng helst på turre stader, gjerne med ly mot nordavinden. Den veks korkje i Sverige, Danmark eller Tyskland. Med unnatak av Storbritannia må du heilt sør til Nederland for å finna vinterklima som høver for purpurlyng. Her heime er purpurlyng kommuneblom for kystkommunane Karmøy, (tidl.) Fjell og Solund. Purpurlyngen sine blomar er djupt raude til raudfiolette på farge, dei har nesten eit lite blåstikk i seg. Når bløminga startar kring midten av juli lysar den opp som tende fyrlykter i lyngheiane. Sjølv om hovudbløminga er i slutten av juli, held purpurlyngen fram med å bløma langt ut i september. 

Einstape (Pteridium aquilinum)

Einstape er ein lite omtykt plante i lyngheiane. Den kan dekkja store område og veksa så tett at det kkje er plass til noko anna innimellom dei grove stilkane. Dette forsterkast av at dei vidfemnande røtene til denne bregnen skil ut kjemiske stoff som hemmar veksten til andre plante. Diverre har vi litt for mykje einstape på Lyngheisenteret. Det kjem av at her er eit godt jordsmon. Den lett forvitrande bergarten har opp gjennom åra gjeve mykje vitringsjord med framifrå veksetilhøve for einstape. I område med skrint jordsmon trivst derimot ikkje denne bregnen. Medan dei fleste bregnar har blad som kjem rett opp frå jorda, har einstape ein høg, kraftig stilk med eit digert trekanta, flika blad. Det finst andre bregnar som òg har slik stilk, men dei er mykje mindre.

Einstapen vert vanlegvis over meteren høg, trivst den godt kan plantane verta bortimot mannshøge. Då snakkar vi om bregnejungel! Det mest imponerande med planten ligg likevel under bakken. Der har den eit enormt og sterkt forgreina system av jordstenglar som bladstilkane veks opp frå. Desse jordstenglane ligg som ein vev av svarte, blyanttjukke ledningar litt ned i jorda. Der tilhøva ligg til rette veks desse jordstenglane vidare utover med god fart. Over bakken kan du sjå korleis fronten på bregnekolonien flyttar seg merkbart frå det eine året til det andre. Når du ser ein slik koloni med tusenvis av bregneblad, kan det heile godt vera eitt individ. Det vert omlag som eit underjordisk, utflytande tre eller busk, kor alle greinane ligg under jorda, og berre blada kjem opp i dagen.

Einstape er eigentleg ein fascinerande bregne, for den veks over heile kloden. Same arten. Vanlegvis har dei fleste plantegrupper ulike artar i dei ulike verdsdelane, men einstape er den same over alt. Og den er eit problem for sauebøndene enten dei bur på New Zealand, i Argentina, Skottland eller Tyskland. Ingen beitande dyr vil eta einstape. Den inneheld stoff som er giftige over tid, mellom anna er den kreftframkallande både for menneske og dyr.
Sjølv om bregnen ikkje kunne nyttast til fôr, kunne einstapen nyttast på andre måter. Den vart slege, turka og nytta til «undebreidsle» i fjøset under dyra, ofte blanda med turka, oppsmuldra torv (mold). Det heitte seg at udyr ikkje likte einstape, difor vart blad frå bregnen lagt i potetkjellarar for at rotter og slikt ikkje skulle komma til. Likeeins vart turka einstape nytta i sengehalmen for å halda loppene unna.

Einstape har spreidd seg kraftig både i lyngheiane og i anna type utmark dei siste tiåra. Dette har fleire årsaker, men over alt heng det saman med endra arealbruk. På Lygra veit vi at einstape spreidde seg mykje etter krigen, då lyngheiane ikkje lenger vart nytta til kubeite. Kyrne et ikkje einstapen, men dei trakkar den sund og legg seg på den. Sauene går derimot berre unna. Heller ikkje er det nokon som slår einstape lenger. I lyngheiane er det òg eit problem at einstape vert favorisert av lyngbrenning. Difor lyt brenning av lynghei med einstape følgjast opp i ettertid med avbøtande tiltak så godt det let seg gjera.For å fjerna einstape er det sjølvsagt utvikla ulike sprøytemiddel. Nokre stader i verda sprøytar dei mot einstape frå fly! På Lyngheisenteret har vi i årevis arbeidd med å finna ein brukbar måte å nedkjempa einstape utan å nytta gift. Det er fleire måter å gjera dette på. Det enklaste er å etterlikna ei ku med å trakka eller valsa ned bregnane. Ei anna måte er å knekkja stilken med ein kjepp, helst før bladet er heilt utvakse. Då vil bladstilken stå og trekkja ekstra næring opp frå jordstengelen ei tid, før den sender opp eit nytt blad. I store, tette førekomstar som dei vi har på Lygra, er det mest effektivt å slå bregnen. Om dette gjerast like etter at blada er fullvaksne i juni, har jordstengelen brukt mykje energi på å laga det store bladet, men har enno ikkje fått noko særleg næring attende. Etter ei tid kjem det eit nytt blad, vanlegvis ut i juli. Dersom dette vert slegen på same måte, omlag i byrjinga av august, vil ikkje jordstengelen makta å senda opp fleire blad den sommaren. Med systematisk bregneslått på denne måten over fleire år, vil kolonien av einstape vera merkbart svekka etter 2-3 år, og etter omlag 5 årer den så godt som borte. Vi har fleire døme på Lyngheisenteret kor tettvaksen einstapemark er omdanna til gras- og lynghei. 

Tepperot (Potentilla erecta)

Når du går ute i lyngheiane kan du sjå tepperota som nokre gule flekker som ligg strødd utetter innimellom lyng og gras. Dei fleste tenkjer vel at dette er nokre små smørblomstrar, men det er feil. Hos smørblomstrane dannar dei fem, lett overlappande kronblada ei lita skål. Her er det berre fire frittståande kronblad som dannar ein kross i den vanlegvis flate blomsteren. Dette er tepperot som høyrer heime i rosefamilien. Dei næraste slektningane kallast for «mure», den vanlegaste på våre kantar er gåsemure som i dei fleste viker langs sjøen dannar eit blågrønt teppe av flika blad i overkant av strandsona. 

Tepperot er ein nøysam plante og veks så godt som over heile landet. Ute i lyngheiane er den særleg vanleg på dei ferske brannflatene. Der kjem den fort opp og kan verta heilt dominerande før lyngen kjem skikkeleg i gang att. Når folk først vert merksame på tepperoten, undrar dei seg alltid over namnet. Sjølv om den er vanleg, dannar den aldri noko teppe slik slektningen gåsemure gjer det. For å skjøna dette merkjelege namnet, må vi sjå nærare på korleis tepperot har vore nytta av folk. 

Denne planten, som i dag er så lite påakta, har i uminnelege tider vore ein av dei mest nytta plantene i norsk folkemedisin. Som namnet tyder, er det rota det handlar om. Tepperot har ein kraftig rotstokk som kryp bortetter nedi jordsmonnet. Grev du opp ein slik rotstokk og brekker den i to, vil du sjå at den er blodraud inni. Dette kjem av eit garvestoff som har synt seg å vera verksamt mot fleire sjukdomar, og grunna fargen hadde folk særleg tiltru til planten ved blødingar og alle andre problem som hadde med blod å gjera. Blodrot har vore eit vanleg namn på planten. Mest kjent var planten avdi garvestoffa hadde god verknad mot diaré både hos folk og fé. Skitrot var eit anna populært namn. Det latinske slektsnamnet for tepperot og murer er «Potentilla», men salig Linné kalte tepperot for «Tormentilla». Det kjem av den latinske nemninga for mageknip, som gjerne høyrer saman med diaré. Latinske plantenamn var vanlegvis lite utbreidd mellom vanlege folk, men nemninga «tormentillerot» har hatt stor utbreiing. Men kva med tepperot? Nemninga «teppe» i dette namnet kjem av same opphav som ein «tapp». Altså, om du fekk diaré kunne du nytta denne rota, enten som avkok eller løyst i sprit. Det hadde same verknad som å setja ein tapp i tarmen.

Kystmaure (Galium saxatile)

Dersom du finn noko som liknar på glitter som ligg strødd utover i lyngmarka, så er det truleg kystmaure du har fått auge på. Du må bøya deg ned for å sjå at det er små kvite blomar på granne stenglar som buktar seg mellom gras og lyng. Plukkar du opp ein plante vil du sjå at det sit små bladkransar oppetter stengelen med fire små blad i kvar krans. Påblomsterskudda som veks opp frå stengelen har planten spandert seks blad i kransane. Slike bladkransar er typisk for maureslekta som inneheld fleire kjende artar som kvitmaure, gulmaure, klengjemaure og myske. Dei er alle mykje større enn kystmaure, men ingen av dei veks i lyngheiane. Kystmauren høyrer derimot heime her og på ugjødsla grasmark langs sørlands- og vestlandskysten nord til Trøndelag. Den er dessutan fast innslag i lyngheiane langt sørover i Europa.

Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata)

I juli er det mykje blømande flekkmarihand å sjå ute på Lyngheisenteret. Dette er ein plante som veks over det meste av landet, frå fjære til fjell. Den trivst best der det er litt myrlendt, på fukteg hei og liknande stader. Difor er den eit vanleg syn ute i lyngheiane.Flekkmarihand høyrer til orkidéfamilien og reknast som Noregs vanlegaste orkidé. Den har bleikraude blomstrar og nedst på stilken sit det to grøne blad med mange mørke flekkar. 

Det finst ein art som liknar, skogmarihand, men den er ikkje så nøysam og veks i skog. Det er lite truleg at du finn den på Lygra. Derimot kan du koma til å treffa på nattfiol. Den finst her ute her og der. Den ser heilt annleis ut med snøkvite orkidéblomstrar som lysar opp på lang lei.

Orkidéfamilien er ein av verdas største plantefamiliar med omlag 25000 artar på verdsbasis. Dei fleste høyrer heime i tropene, her i Noreg har vi mellom 30 og 40 artar, avhengig av kor fintreknande ein skal vera. Orkidéane er på mange måtar ei hugtakande plantegruppe. Ikkje berre har dei ein utruleg variasjon av vakre, fargerike blomar. Innan orkidéfamilien finn vi noko av det mest avanserte samspelet mellom blomster og insekt som finnast i naturen. Dei fleste orkidéslekter kan berre støvast og befruktast av «si» særskilde insektgruppe. Her er det snakk om tilpassingar som har gått føre seg gjennom millionar av år.

Orkidéane er òg avhengig av eit anna samarbeid. Hvis blomstrane først vert befrukta, har planten ein enorm frøproduksjon. Men dei einskilde frøa er ørsmå, hos nokre artar er dei så små at dei berre er synleg i mikroskop. Og dei inneheld korkje opplagsnæring eller kimblad som anna frø. Det heile er berre ein liten celleklump som fyk avstad med vinden. Desse frøa er sjanseløse med mindre dei havnar på overflata til «si» særskilde soppgruppe. Då spirer dei, men lever dei første åra under jorda, nærast som ein del av soppen. Soppen på si side hentar næringa som orkidéen treng frå samarbeid med andre grøne plantar eller tre.

Namnet orkidé kjem frå det greske ordet for testikkel. Dei fleste orkidéar har to jordknollar, og hvis du grev dei opp (ikkje gjer det! - dei fleste orkidéar er fredlyste, og alle lyt få stå i fred), vil du sjå at dei minner om - ja testiklar. 

Namnet marihand kjem av at jordknollane til dei fleste marihandartane har fleire fingerliknande flikar som kan sjå ut som ei hand. I folketrua fekk dei sjølvsagt namn etter omfru Maria. Dei to jordknollane er ikkje like. Den eine er ljos og full av næring for planta som skal veksa opp neste år. Den andre er mørkare og meir eller mindre innskrumpa, for her har årets plante henta si næring. 

Denne skilnaden har sjølvsagt folk lagt merke til, og medan den ljose knollen fekk namn etter jomfru Maria, fekk den mørke ulike namn etter djevelen. Eit anna populært namn var Adam og Eva. Og sjølvsagt, dei to knollane vart og nytta som potensmiddel. Namn som yksnegras, hugvendel og elskhugsgras talar sitt tydeleg språk. Som vanleg med slike middel finst det korkje medisinsk eller anna vitskapleg stadfesting på at det verkar. Knollane skal derimot ha ei viss slimløysande verknad ved hoste. Men det finst nok langt betre middel å få på næraste apotek. Så difor: neste gong du ser ein flekkmarihand eller ein annan orkidé, lat dei stå i fred. Dei er framifrå symbol på det vakre og kompliserte samspelet vi finn overalt i naturen.

Heiblåfjør (Polygala serpyllifolia)

Ser du ein liten blå eller blåfiolett flekk innimellom lyng og gras, så er det godt mogeleg at det er heiblåfjør du har funne. På same måte som kvitmaure er dette ein plante som kryp omkring i lyngen, og hadde det ikkje vore for den intense blåfargen hadde knapt nokon lagt merke til den. På voksestader med låg pH vert blomane fiolette på farge. Det mest særprega med denne planten er sjølve blomen. To begerblad lagar ein blå reklameplakat, og tre kronblad veks saman til eit blått røyr, ytst med nokre kvite frynsar. Inni dette røyret er det ein sinnrik mekanisme som skal sikra at planten ikkje befruktar seg sjølv, så sant kunnige humler og bier finn ut av systemet. Hvis ikkje har planten ein sikringsventil som gjer at den befruktar seg sjølv likevel. For frø skal det bli!

Når blomen er mjøla har den ikkje lenger bruk for reklameplakat, og då får dei to begerblada nye oppgåver. Dei mistar fargen og veks ut som ein flygevinge for frøkapselen. Når frøa er mogne flyr så heile kapselen av stad med vinden. Først når den landar på bakken opnar kapselen seg, og då harfrøa endå eit triks på lur. På kvart frø er det ei slik lita oljepute som maurene liker. Finst det maur i nærleiken kjem dei springande og tek med seg frøa, men når puta er oppeten hiv dei frå seg frøa. Det er ikkje mange planter som er tilpassa både til vindspreiing og maurspreiing. Heiblåfjør har ei storesøster og ei lillesøster. Storesøstera heiter storblåfjør og veks på gamal slåtte- og beitemark over store delar av Sør-Noreg, og er også ein vanleg gjest i kystlyngheia. Den har spreidde blad oppetter stengelen, medan blada hos heiblåfjør sit meir parvis. Lillesøstera heiter bitterblåfjør og finst berre på kalkrik berggrunn austpå og litt i Trøndelag. Heiblåfjør er som namnet seier først og fremst knytt til lyngheiane, og ho har eiutbreiing her i landet omlag som kystmaure. På same vis følgjer ho lyngheiane sør gjennom Europa heilt til Portugal.

Kystmyrklegg (Pedicularis sylvatica)

Kystmyrkleggen høyrer til ei stor planteslekt kor alle heiter noko med myrklegg. Namnet kjem av at blomen visst nok skal kunne minna om ein klegg (med litt godvilje). Kystmyrklegg er ein liten plante med oppflika blad og raud-rosa blomar. Myrkleggane høyrer til maskeblomfamilien kor blomstrane har ei overleppe og ei underleppe. Hos kystmyrklegg stikk underleppa vinkelrett ut i høve til den hjelmforma overleppa. Underleppa er dessutan noko vridd og nedoverbøygd. Blomstrane til myrkleggane er så komplisert oppbygde at det berre er kunnige humler som har stor lang nok tunge og nok kløkt til å finna ut av korleis dei skal nå heile vegen inn til nektaren. På same vis som fleire andre slekter i maskeblomfamilien, er myrkleggane såkalla halvparasitter. Dei snyltar på andre artar der dei veks ved at dei stel næring frå dei gjennom røtene.Slike slekter vert i nyare oversikter gjerne samla i snylterotfamilien.Kystmyrklegg veks i fuktig hei, men er ikkje nokon myrplante. Den kjem viljugt attende etter lyngbrenning. Kystmyrklegg kan berre forvekslast med vanleg myrklegg, men dette er ein mykje større plante som mest veks på myr. Den har rosa blomstrar kor både underleppe og overleppe stikkopp og fram og vantar soleis den tverre og vridde underleppa til kystmyrklegg. Vanleg myrklegg har dessutan frøspreiing med vind og vann. Frøa hos kystmyrklegg har derimot på same vis som heiblåfjør, ein oljehaldeg tilvekst som maurene er heilt ville etter. Dei klatrar endå til opp i planten og gneg seg inn i frøkapslane før dei har opna seg og tek frøa med seg. Maurspreiing er så vanleg hos mange artar i lyngheiane at det er viktig å ta omsyn til maurtuvene ved lyngbrenning.

Kusymre (Primula vulgaris)

Kusymra er eit sikkert vårteikn langs kysten. Med sine bleikgule blomar lyser imot deg på lang lei. Blomane er mellom vårens vakraste ovringar, og dei har til alle tider vore frakta heim til mor i sveitte små barnehender. Det er ikkje så lengje sidan det om våren enno var mogelegå få kjøpa nyplukka kusymre på blomstertorget i Bergen. Kusymre er ein god vestlending, planten finst berre i kyststroka frå Sørlandet til Trøndelag, og den var fylkesblom for Hordaland. 

Planten trivst best der det er litt le for vinden, og gjerne litt godt jordsmonn. Den finst i ope lauvskog, men jo lenger ut på kysten du kjem jo vanlegare vert den, og der veks den viljugt på ope mark, også i lyngheiane. Men etter kvart som lyngheiane gror att og forsvinn, er dette ein av plantene vi ser mindre til enn før. På Austlandet og i Sverige lyt dei klara seg utan kusymre, der har dei ei nær slektning —marianøkleblom. Begge desse plantene høyrer heime i nøkleblomslekta, som på latin har namnet Primula — «den første som blømer». Dette er ikkje heilt rett for kusymre. Namnet symre kjem av sumar, og frå gamalt heitte det seg at når kusymra blømde, då kunne kyrne sleppast ut på beite. Sjølv om dyra slapp ut monaleg tidlegare enn i dag, var det nok likevel anna som alt blømde. På den andre sida inneheld kusymre kjemiske stoff som gjer at korkje sau eller ku et den, så blomane fekk stå i fred og pynta opp i beita.

Kusymre er eit godt døme på dei mange ekstragledene litt kunnskap om botanikk kan gje ute i naturen. Ser du nærare etter på dei fine blomstrane, vil du sjå at det finst to slag. I nokre blomstrar sit støvbærarane like innafor den tronge opninga, medan arret endar langt nedi kronrøyret. Hos andre blomstrar er det omvendt, der ser vi knappen på arret i opninga medan støvbærarane finst lenger nede. Dette er eit knep som plantene nyttar for å unngå sjølvbefrukting. Kusymre vert vitja av mange insekt på jakt etter nektar, og dei får blomsterstøv festa til ulike stader på kroppen, avhengigav om dei har vitja den eine eller den andre typen blomstrar. Har dei først vitja ein blomster med støvbærarar i opninga, vil dei seinare kunne befrukte blomstrar med arrknappen i opninga, og omvendt for dei hine. Dette er ein av planteriket sine sinnrike metodar for å redusera innavl. Grovt forenkla kan ein seia at marianøkleblom er ei kusymre som sit på ein lang stengel. Dei einskilde blomsterstilkane er sjølvsagt mykje kortare, og bomstrane er litt mindre enn hos kusymre.

Når bløminga er over modnast frøa i kapslar øvst i denne stengelen, som står og vaiar i vinden. På den måten vert frøa kasta av stad. Kva så med kusymre?Mange forskarar meiner at kusymre er ei vidareutvikling av marianøkleblom. Evolusjonen har teke vekk stengelen, så dei einskilde blomstrane kjem rett opp frå bladrosetten på ein stilk. Men når frøa er mogne vert desse blomsterstilkane slappe som sytråd og ligg berre bortetter bakken med einfrøkapsel i enden som knapt nok opnar seg. Kan det verta nokon frøspreiing av dette? Her syner naturen nok ein gong sin mangfaldige verkemåte, for på kvart lite frø sit det ei lita oljefylt pute. Dette er det berre botanikarar og maur som interesserar seg for, og det er mauren som er viktig her. Dei kjem og hentar frøa, og når dei har ete opp den feite puta, kastar dei frå seg sjølve frøet. På den måten får kusymra spreidd frøa sine til nytte for seg sjølv og for mauren, og til glede for oss som veit kva som går føre seg. 

Nøkleblomane er ei planteslekt kor mykje underleg kan hende. Frå planteskulane kjem det hybridar og variantar som blømer til alle tider. I ein trappeoppgang i Bergen står ei krukke med ein vanleg kusymre frå Nordhordland som dei siste tre vintrane har blømt frå november til mai. Truleg vertplanten lurt av at det er ljos i trappa om natta. Den trur det er vår avdi nettene vert kortare! Nokon kvar kan verta forvirra om dei kjem i uvante omgjevnader.

Pors (Myrica gale)

På varme sommardagar er lyngheiene eit paradis av velduftande ange. Kjem du bort i kanten av ei myr kan det kjennast som ein aromatisk eksplosjon av krydderliknande duft. Då har du treft på pors, ein knehøg busk som veks i våtlendte parti i lyngheiene. Den står ikkje uti djupaste blautmyra, men vått nok til at du vanlegvis vert blaut på beina. Dei grågrøne blada er kileforma og endar i ein takka spiss. Pors er ein såkalla selskapeleg plante, der du finn ein finn du oftast mange, gjerne store kratt. Det kjem til dels av at den lett lagar krypande jordstenglar som sender opp nye planter. På røtene har planta nokre underlege knollar. Dei skuldast symbiose (samliv) mellom pors og ein spesiell type bakterie (actinobakterie av slekta Frankia, før kalla strålesopp) som bind nitrogen frå lufta. Det same finnst til dømes hos or. Blomstrane til pors er ikkje lett å finna, dei sit i raklar på greinane på same vis som hos rakletrea. Raklane svulmar opp utetter våren og opnar seg no i mai. Nokre buskar har berre raklar med støvbærarar. Dei sit på innsida av rakleskjella, og det er heile blomsteren. På tilsvarande vis har andre buskar berre raklar med støvvegar (arr) på innsida av rakleskjella. Her er det vinden som skal spreia blomsterstøvet, og då har planta ikkje trong for noko meir blomsterutstyr. Når støvbærarar og arr sit på særskilde planter kallast det særbu. 

Den sterke lukta til pors kjem frå harpikshaldege kjertlar som det er særleg mykje av i blada og dei brunaktege raklane. Aromaen har gjort planta ettertrakta til ulike føremål i uminnelege tider. Mest kjend er den som «godlukt» på utedoen og andre stader det var trong for slikt. Enno på 1930-talet sto det folk på blomstertorget i Bergen og solgte pors til dette føremålet. Lenge før det fantes møllkuler vart pors nytta i klesskåp og i lintøyskuffer for å halda møll og anna utøy unna. I dag er møllkulene forbodne, så no vert gjerne pors populær att. Likeeins vart planta nytta i sengehalmen for å halda lus og lopper unna. Namn som «lopperis» og «lusegras» fortel om denne bruken og er kjend frå fleire stader i landet. Pors er velkjend som smakstilsetjing i brennevin og øl. Rett nok har humle vore mest nytta til ølbrygging sidan mellomalderen, men det er ikkje alle stader at det er like lett å få mogen humle, og då vart pors brukt i staden for eller saman med humle. Pors har vore tilsett ulike former for drykk sidan bronsealderen, og ved det danske hoffet i 1230 vart pors omtala som «Nordens ølkrydder». Ved utgravingane på Bryggen i Bergen vart det funne eit lager med spira bygg/malt saman med pors og humle. Sjølv den store Linné tala om porsøl. Det var kjend for å gje sterk rus og kraftig hovudverk dagen derpå. Dette er ikkje sikkert. Porsøl er særs velsmakande, så mange meiner at hovudverken ikkje kom av porsen, men av at folk drakk for mykje av det.

Rome (Narthecium ossifragum)

Noko av det vakraste du kan sjå ute i lyngheiane er dei små gule blomstrane til romeplanten. Dei bløymer i slutten av juli. Rome veks på fuktig mark, gjerne i myrkantar og liknande stader. Sjølv om du risikerar å verta blaut på beina, gå bort og plukk opp ein blomsterstilk neste gong du ser ei blømande rome. Med sine knallgule blomsterblad og raudoransje støvknappar på lodne trådar, er dei små blomane ei openberring. Du ser lett at dette er ei lilje — på svensk heiter planten myrlilje. Hos oss er rome den einaste lilja som er vanleg i lyngheiane. Tankane går til bergpreika i bibelen: «Sjå liljene på marka,korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.» 

Til trass for sine vakre blomar er ikkje rome ein populær plante korkje i lyngheiane eller andre stader der den veks. Det latinske artsnamnet seier sitt — «ossifraga» — som tyder noko sånt som beinskjørheit. Det vart fyrste gong nytta i eit brev frå kommandanten på Bergenhus i 1667 kor hanomtalte rome som «Gramen norvegicum ossifraga». På dansk heiter planten «benbræk», og namnetrome kjem av gamalnorsk «hrumr» som tyder svak eller skrøpeleg. No kan det sjå ut til at den gamle trua på at smalen fekk svake bein av rome ikkje stemmer heilt. Truleg har det meir med kalkmangel i jordsmonnet å gjera, og det er typisk der det veks mykje rome. Men rome skaper fleire andre problem for beitedyra. Framfor alt er planten årsak til hudsjukdomen «alveld» hos sau. Den gjer at dyra ikkje tåler solskin, særleg går det ut over dei kvitelamma som kan få store sår i hovudet. I verste fall vert dei blinda og døyr. Namnet på sjukdomen kjem frå folketrua om at alvane om natta under alvedansen på myrane kasta eld på sauene. I våre dagar har sjølvsagt forskarane kome med fleire forklaringar på kva for kjemiske stoff i romeplantensom fører til sjukdomen, men dei treng vi ikkje utdjupa her. Om kyrne skulle rota seg bort på ei myr og eta for mykje romegras kan det få katastrofale fylgjer. Det har skjedd fleire gongar i dei seinare åra at kuflokkar har krepert av akutt nyresvikt etter å ha ete rome. Dette skjer særleg når dyra kjem inn på beite kor dei ikkje er vane med å vera. Dyr som veks opp og er vane med utmarksbeite kor det veks rome, slik som til dømes den gamalnorske sauen (villsau), ser ut til å vera mindre plaga med rome enn moderne husdyr som lever på kraftfor ogn æringsrikt gras. Dei er mindre «kunnige» om kva som kan etast når dei slepp ut i utmarka.Sjølv om rome eigentleg er ein myrplante, veks den viljugt på skrinn og ope mark der fuktinnhaldet i marka er høvande. 

Rome toler ikkje for strenge vintrar, så den er knytt til kysten og dei ytre fjordstroka. Her kan den breia seg i utmarka, ikkje minst i område med gamal beitemark og slåtteteigar som ikkje lenger vert haldne i hevd. Særleg trivast romen der det vert liggjande mykje daugras og andre planterester som held på væta og gradvis gjer marka fuktigare. I lyngheiane har rome lett for å spreia seg i fuktig lyngmark som held på å gro att. Dette er vanleg mange stader, samstundes som tilgrensande lyngbeite med aktiv drift, kor ellers alt anna er likt, kan vera så godt som fri for rome. Det kan sjå ut til at det beste botemiddelet mot denne planten i lyngheiane er tradisjonell drift — systematisk brenning og beite, eller hyppig slått der det er mogeleg. Lyngbrenning åleine hjelper ikkje, men i kombinasjon med beite vil det over tid føra til at romen går attende. Men det er viktig å nytta beitedyr som er vane med romen sine kjemiske løyndomar.

Revebjølle (Digitalis purpurea)

Når revebjølla blømer er det sommar, då kan du trygt hoppa i sjøen! Revebjølla er framfor alt ein kystplante som veks i kyststroka frå Ytre Oslofjord til Trøndelag, men på Vestlandet er den òg vanleg langt innetter i fjordane. Med sine eldraude klokker står den som lysande spir attmed steinar og på andre lune stader ute i lyngheiane, på beitemark og i ope lauvskog. Ikkje sjeldan kan du sjå revebjølle på gamle torvtak. Frøa skal helst ha ljos for å spira, og særleg der folk har rota litt i jorda kan den opptre i reine masseførekomstar. Dette er ein av dei mange plantene det vert mindre av etter kvart som landskapet gror att.

Planta lev vanlegvis i to år. Første året veks det fram ein krafteg bladrosett som står grøn over vinteren. Neste år kjem blomsterstengelen, og når bløminga startar visnar bladrosetten. Kvar einskild klokkeblome blømer ei vekes tid. Dei er avhengig av humler på jakt etter nektar for at befruktinga skal bli vellukka. I botnen av klokka sit det mange små hår som truleg skal hindra at mindre insekt stikk av med godsakene utan at planten vert befrukta. Revebjølle er ein folkekjær plante. Folk har til alle tider teke den heim og planta den i hagane, og i dei seinare åra har planteskulane tatt til med å selja eigne hagesorter. Dei er mykje lik på villformen, men kan oftare få andre farger. Dei spreier seg lett attende til naturen kor dei klarar seg fint. Når du finn kvit revebjølle er det plantar som opphaveleg har spreidd seg ut frå ein hage. Vill revebjølle med kvite blomstrar førekjem så godt som aldri ute i naturen. 

Sjølv om dette er ein kjærkomen og populær plante, har folk alltid hatt vørnad for revebjølla. Den er giftig, og det visste både folk og fe. Husdyr et den ikkje, difor står planten alltid att på utmarksbeita. Men dersom tørka blad av revebjølle hadde kome med i høyet, kunne det få katastrofale følgjer for dyra. Som alle giftplanter vart revebjølle brukt medisinsk. Blada vart lagt på sår på liknande måte som groblad. I folkemedisinen kjende dei òg til at planten kunne nyttast mot hjartesjukdom. Men dette har alltid vore ein risikosport. Du et ikkje mange blad frå revebjølle før det vert ditt siste måltid. Dei verksame stoffa frå blada til revebjølla er derimot mykje nytta i moderne hjartemedisin. 

Kjært barn har mange navn. Dei fleste har noko med bjølle, rev/røv eller finger å gjera, så som bjølleblom, reveblom, revehanske, fingergull, røvaleik osv. Bjølle er lett å skjøna, det kjem frå dei klokkeforma blomane. Dei fleste born som leikar der revebjølla veks vil før eller seinare freista å tre dei raude klokkene inn på fingertuppane. Då sit du med ti fingerbøl, eller ti raude klør (alt etter kva leiken går ut på). Heldigvis er det lite gift i blomene — det er ikkje kjend noko døme på at born har vorte forgifta på denne måten — for dette har vore ei særs populær leike til alle tider. Dette er opphavet til dei mange namna med hanske, leik eller finger. Det latinske slektsnamnet Digitalis kjem på same måte av fingerbøl.Men kvar kjem reven frå? Her har det vore mange teoriar. Nokre har hevda at det har med fargen å gjera, men det høver no ikkje heilt. Meir overtydande er det at «rev» ofte nyttast i mange namn om planter som reknast som mindreverdige, dårlege, lite smakfulle eller giftige. Dette er det fleire døme på i dei skandinaviske språka. Men med unnatak av nokre få stader i Bohuslän, finst ikkje revebjølle naturleg i Sverige eller Danmark. Så der har dei berre omsett namnet frå latin til ulike variantar av fingerbølblom. Heller ikkje i dei andre landa på kontinentet finn vi reven att i namnet på planten. Men på engelsk, der heiter den foxglove, altså revehanske som vi òg kjenner frå Noreg. Det er neppe tilfeldig, men om påverknaden har gått frå engelsk til norsk eller hin vegen, dette har språkforskarane ikkje heilt funne ut av enno. 

Torvmosar (Sphagnum spp.)

Torvmoseslekta tel kring 50 artar i Noreg, og mange av dei finnast i myrene i kystlyngheia. Lyngheiane vart ikkje berre nytta til beite. Ute i det opne kystlandskapet hadde folk fleire ressursar. Ein av dei var torva. Den var verdfull som brensel, og den vart nytta til strø i fjøset. Men kva er torv? Det er ei blanding av ufullstendig nedbrotne planterestar og humus — det brunsvarte sluttproduktet i naturen si nedbryting av plantar og dyr. Torv dannast på fuktig mark, avhengig av nedbør, temperatur, topografi og vegetasjonstilhøve. På tørr mark vil humusrestane stort sett gå inn i det naturlege krinslaupet på staden, og djupna på jordsmonnet vil halda seg nokonlunde uendra over tid. Men i torva vert det eit overskot av organisk materiale, og det gjer at den veks ørlite grann i tjukkleik kvart år. Og den viktigaste planteslekta for tilvoksteren i torva, det er torvmose. Sjølv om det er mange artar torvmose kan alle og einkvar lære å kjenne att torvmoseslekta, for dette er ein av dei vanlegaste planteslektane i Noreg. Er du i tvil, ta ein mosedott i neven og klem til. Hvis det kjem vatn ut av den, omtrent som når du klemmar ein svamp, då er det torvmose du har funne. Når vatnet kjem ut bleiknar mosen, pressar du alt vatnet ut vert mosen nesten kvit. Dette har gitt opphav til eit anna vanleg namn — kvitmose. 

Men kvifor er det så mykje vatn i torvmose? Inni bladet til torvmosen finst det to sortar celler. Dei «normale» plantecellene er smale og inneheld klorofyll. Men mesteparten av bladet er bygd opp av tomme «ballongceller» som heiter hyalinceller. Dei inneheld berre nokre ribbar til støtte for celleveggen og ellers er dei tomme. I desse cellene er det eit lite hol, ei pore, der vatnet kan strøyma inn eller ut. Helst inn. Planten har ikkje røter, så dette er einaste måten å sikra seg vatn og det lille den treng av næring. Normalt vil desse cellene vera vassfylte, og mosen har då si naturlege farge — grøn, raud eller brungul. Berre under ekstrem turke tek vasslageret slutt. Då stoggar veksten og mosen kvitnar. Men så snart det kjem regn vaknar planten til liv att og held fram som før.

Torvmosen veks berre i toppen kor den lagar nye greinkransar med dei særmerkte blada. Etter kvart vil dei gamle greinkransane døy og verta til torv. Men «ballongcellene» forsvinn ikkje. Dei vert verande i torva. Oppsmuldra, tørka torv, som vi kjenner som torvstrø, har difor ei fantastisk evne til å suga opp væte, opptil tjue gongar si eiga vekt. Sjølv i vår høgteknologiske tid har ein ikkje noko betre å nytta mot oljesøl på vegane. Og før i tida var dette høgt skatta som strø i fjøset. Folk hadde eigne plassar i torvmyrane kor dei gjekk i godversperiodar og raka saman torv som hadde tørka og smuldra opp. Dei kalla det «mold», og den vart lagra i små «moldhus» til vinteren kom. Ei anna side ved torvmosen er at den inneheld desinfiserande stoff. Er du ute og får eit mindre sår, kan ein god dott med torvmose vera vel så bra som noko anna. Forbinding med torvmose vart tidlegare mykje nytta av militære feltsjukehus. Under første verdskrigen hadde den britiske hæren eit månadleg forbruk av tørka torvmose på 500 tonn! Kompress med torvmose tilsatt litt saft frå kvitlauk, berga livet til fleire tusen soldatar. I ei tid med stigande otte for antibiotikaresistens kan dette vera nyttig å huska på. Dei antiseptiske kvalitetane til torvmose er òg årsaka til at ting som vert liggjande i torvmyra held seg så godt. Dei verdskjente moselika frå Danmark er framifrå døme på dette. 

Torvmose vart mykje nytta til tetting mellom stokkane i laftahus. Namn som tømmermannsmose og husmose fortel om denne skikken. Rett nok var det andre artar som eigna seg betre, til dømes etasjemose. Men den var det ikkje alltid så lett å finna nok av. Dessutan — i hus som var dytta med torvmose kom det ikkje veggdyr, sa dei gamle. I våre dagar er det kanskje meir matnyttig at tørr torvmose er ypparleg til å lagra rotgrønsaker i utover vinteren. I ei tid med aukande otte for framtidas klima, lyt vi sjå med vørnad på torvmosen. Det finst nok andre plantar som tek opp meir karbon frå lufta, men ingen som lagrar det dei fangar meir effektivt. På grunn av eigenskapane til torvmosen er nyrane det største karbonlageret vi har på jorda. Det er ei god grunn i seg sjølv til å ta vare på det lille vi har att av kysten sitt torvproduserande lyngheilandskap.

Engkarse (Cardamine pratensis)

Engkarsa er ikkje ein typisk lyngheiart, men det finnast i store mengdar på kringliggande enger. Når engkarsen blømer på bøane er det vår, samme kva vêrgudane finn på. Det heiter at gauken og engkarsen kjem samstundes, men det høver ikkje på kysten. Her kan vi gleda oss over engkarsen lenge før nokon har høyrd gauken. Det bleik-fiolette teppet som breier seg utover markene er det første fargestroket i vestlandsvåren sitt målarskrin. Engkarse finst nesten over heile landet, men ingen stader kan du sjå den i slike mengder som langs kysten av Vestlandet. Den er så vanleg at vi nesten ikkje tenkjer over det. I landbruket vert engkarse rekna som eit teikn på vassjuk jord, men utover mot kysten veks den ikkje berre der, men overalt på eng og kulturmark. Om agronomane ikkje er så glad i den, er ungane dessto gladare - endeleg kjem det ein blome som kan plukkast hemningslaust til å pynta med.

Blomane til engkarse har fire kronblad som sit i ein kross. Dette finst hos alle artar i den store krossblomefamilien som engkarse høyrer til. Den ekte karsen høyrer også til her, men det er ei heilt anna slekt. Krossblomefamilien inneheld mange artar som vert rekna som ugress, og mange som veks i strandsona. Men i denne familien finn vi òg ei lang rad ulike nytteplantar, i tillegg til karse kan nemnast reddik, sennep, vaid (nytta til å laga blåfarge) og framfor alt kålslekta. Den omfattar ikkje berre alle sortar dyrka kål, men òg plantar som nepe, raps og kålrabi. Engkarse produserar mykje nektar, og den er difor verdfull for dei første biene og humlene om våren. Den er òg høgt skatta av mange sommarfuglar, især Aurorasommarfugl, som legg eggene sine i blomsteren til engkarse. 

På våren kan både blomar og blad godt nyttast i salaten, engkarse har ein aromatisk, karseliknande smak og inneheld meir C-vitamin enn til dømes den berømte skjørbuksurten (også ein krossblome). Men utetter på sommaren vert engkarse meir bitter på smak. Etter bløminga veks det fram skulper (to-romma kapsel) der blomane sat. Kvar skulpe inneheld mange frø, og når dei er mogne opnar skulpa seg med ei lita eksplosjon så frøa vert kasta utetter marka. Men det er ikkje alltid at engkarsen rekk å få frøa mogne. Difor har den ei reserveløysing. På nokre av blada sit det såkalla yngleknoppar, små spirer som kan veksa fram til ei ny plante som er genetisk identisk med morplanta. Dette er ei form for ukjønna formering som ikkje er uvanleg i planteriket.

Blåknapp (Succisa pratensis)

Utetter seinsommaren og hausten kan du hist og her i lyngheiane sjå nokre halvkuleforma, fiolette blomsterhovud på ein lang stilk stikka opp frå lyngen. Dette er blåknapp. Den kan sjå ut som ein korgplante, men det er den ikkje. Det som derimot er lett å sjå, er at alle dei små blomstrane som sit i hovudet først er i ein hanleg fase med pollenknappane stikkande ut frå einskildblomane. Dei har rikjeleg med nektar og vert difor flittig vitja av alle slags insekt, både humler, bier, sommerfuglar, biller og flogar. Først når det er slutt på blomsterstøvet kjem blomsterhovudet i hunleg fase med griffel og arr stikkande ut frå småblomstrane. På denne måten unngår planten sjølvbefrukting, og avdi bløminga held fram langt utetter hausten, vil det alltid vera planter i begge fasar til å sikra krossbefrukting. Nokre stader vert blåknapp kalla for humleblom avdi det er den siste nektarkjelda humlene har før vinteren. 

Blåknapp finst over store delar av landet nord til Lofoten, men især er den vanleg i lyngheiane på Vestlandet. Den veks gjerne der det er litt fuktig, men nokon myrplante er dette ikkje. Frå gamalt vart blåknapp sett på som ein verdfull medisinplante. Alt i mellomalderen vart avkok av blåknapp nytta mot hudplagar som skabb o.l. I våre dagar stiller nok fagfolkene seg tvilande til om dette har nokon verknad. Derimot er blåknapp god til plantefarging og vart nytta til grønfarging at tøy. Når du ser noko som ser ut som blåknapp ute i lyngheiane, ja då kan du vera trygg på at det er blåknapp. Andre stader er det lurt å sjekka om det er raudknapp du ser. Dei to plantene kan vera like, men blomsterhovuda hos raudknapp er flatere. Dessutan har den sterkt flika blad oppetter stengelen, medan blåknap for det meste har heile blad. Dei to plantene har òg ulike voksestader, blåknapp veks som nemnt oftast på våtlendt mark og er især vanleg ute på lyngheiane. Raudknapp er ein tørrbakkeart som du finn på gamal slåttemark og i åkerkantar — men ikkje i lyngheiane her på Vestlandet. Raudknapp har truleg kome til landet med jordbruket, medan blåknapp har funnest i her sidan siste istid. Men kva med fargen? Diverre er ikkje blåknapp blå og raudknapp raud. Begge er fiolette, blåknapp er oftast litt mørkare med eit blåleg skjær, medan raudknapp er ljosare med eit raudleg skjær. Det kan vera stor overlapp i fargenyansar. I Danmark, kor begge plantene er vanlege, kallar dei vår raudknapp for blåknapp. Større er ikkje fargeskilnaden. Men vår blåknapp kallar danskane for «djævelsbid». Dette kjem seg av at rotstokken er tjukk, men særs kort, det ser ut som om nokon har hogd eller bite av den nedre delen. I fylgje folketrua var det sjølvsagt djevelen som hadde gjort dette. Han ville ikkje at folk skulle ha glede av den medisinske krafta til blåknappen.

Tiriltunge (Lotus corniculatus)

Tiriltunge er ein populær og velkjend plante som veks i store deler av landet. Den høyrer heime i erteblomfamilien, og tiriltunge er den einaste arten frå denne plantefamilien vi vanlegvis finn ute i lyngheiane. Med sine skinnande gullgule blomstrar er den lett å sjå, helst på tørr fastmark. Dei vene blomane har gitt opphav til eit anna namn på planten — Jomfru Maria gullsko. Den høyrer med mellom dei plantene som kjem rikeleg opp etter ein lyngbrann, og den er ein god beiteplante. I tidlegare tider vart den til dels dyrka som fôrplante på same vis som kløver. Blomane til tiriltunge er typiske for erteblomfamilien. Fire av kronblada lagar ein kjøl-liknande boks kor støvbærare og griffel er gøymd, medan det femte kronbladet står opp som ein reklameplakat for insekta. Berre insekt som har lang nok tunge, som oftast humler, greier å snike seg heile vegen inn til godsakene i blomen, samstundes som dei utførar den livsviktige bestøvinga. Nokon har meint at denne kjølen minnar om ei gamal, gulna tann, og det har gitt opphavet til namnet kjerringtann. I Sverige og Danmark er dette det vanlegaste og offisielle namnet på denne planten. 

Men kva kjem namnet tiriltunge av? Den siste delen av namnet kjem nok av den same kjølen, som like gjerne kan oppfattast som ei tunge. Tiril er meir komplisert. Dei som har granska dette meiner at det er fruktstanden som har gitt opphav til denne forstavelsen. Etter bløminga veks det fleire belgar vannrett ut frå toppen av stengelen som vert stiv og opprett. Ofte er det fire belgar som nærast utgjer ein kross. Dette minnar om ein kinnestav som dei nytta i dei eldste smørkinnene. Ei slik kinnestav, som var eit skaft med eintrekross i enden, vart gjerne kalla for tiril, tørril eller turul. Det kan sjå ut som om namnet tiriltunge har hatt sitt opphav på Vestlandet og har spreia seg til resten av landet herfra. På Færøyane og på Island heiter òg planten tiriltunge, og ikkje kjerringtann. Dette seier litt om kvar dei kom frå, dei som i si tid slo seg ned vest i havet.

Einer (Juniperus communis)

Einerbusker høyrer heime i lyngheiene langs kysten. For folk som budde her var den ein nyttig ressurs. Veden er knallande hard, og vert langsamt nedbroten. Difor vart einer ettertrakta som emne til gjerdestolpar, hesjestaur o.l. Likeeins vart einer alltid nytta til torvhaldskrokane, dei små krokane som held torvtaket på plass.Også bæra på einerbusken (som reint botanisk ikkje er eit bær) er høgt skatta til matlaging. I utlandet vert dei nytta til å setja smak på brennevinet; både Gin og Genever har namna sine frå det latinske namnet på einer: Juniperus. Det høge innhaldet av eteriske oljer gjer at alle deler av planten kunne nyttast til medisinsk og oppfriskande føremål. Opphakka einerbar vart til dømes gjerne strødd på golvet ved store høgtider. Einerrøyk har eit kraftig særpreg og vart nytta til mange føremål, både mot sjukdom og til konservering av mat. Einerlåg var eit avkok av einerkvister med bar og bær. Den vart rekna for å ha rensande og helsefremjande verknad både utvortes og innvortes. Låg frå einerbær tilsatt litt sukker og kokt inn til sirup, vart nytta til å laga treak, eit særnorsk snop. Då skikken med juletre nådde fram til kysten av Vestlandet på 1800-talet, hadde ikkje folk gran eller furu dei kunne nytte. Då tok dei heller ein einerbusk i hus og pynta (og difor syng vi "Så går vi rundtom ei einebærbusk..."). 

Hvis lyngmarka ikkje vert halden i hevd med beiting og brenning, kan einer lett ta overhand. Då skuggar den ut andre planter, og røsslyngen svekkast og døyr. Eit landskap overgrodd med høg einer er særs brannfarleg. Bryt det ut brann i slik vegetasjon ein tørr sommarsdag, er brannen nesten umogeleg å sløkke. Ved kontrollert lyngbrenning i vinterhalvåret, går det derimot fint å brenne små og mellomstore einerbusker. Men før me set eld i eit område med mykje einer på vårparten, lyt me alltid sjekke om det ligg hekkande fugl under buskane. Til skilnad frå røsslyngen, som spirer opp att etter brann, vil einerplanten normalt døy hvis den har brent skikkeleg. Men ofte står dei grovaste greinane att som utbrente «skjelett» i landskapet. Den harde veden gjer at dei brytast langsamt ned, og difor lyt dei fjernast manuelt ei tid etter brannen. Har einerbuskane vorte mannshøge eller meir, er det ikkje tilrådeleg å setja fyr på dei. Det er dessutan vanskeleg å få dei til å fatna skikkeleg på den tida av året me brenn lyng. Då lyt dei fjernast manuelt.

Jordnøtt (Conopodium majus)

Namnet jordnøtt er misvisande, for dette er ikkje ei nøtt i botanisk tyding, slik som hasselnøtter eller eikenøtter. Det er namnet på ein spinkel skjermplante som er utstyrt med ein nøtteliknande, knollforma rotstokk. Jordnøtt veks i ugjødsla eng, på beitemark og i ope skog langs kysten og litt innetter i fjordane mellom Stavanger og Molde. Den er med andre ord ein ekte vestlending. Skjermplantefamilien er ein stor plantefamilie, her i landet har vi omlag 50 viltveksande artar, og då har vi ikkje teke med dei mange kulturplantane som til dømes gulerot, dill, selleri og persille. Alle artane har det til felles at blomane sit i skjermar. I botanikkverda er ein skjerm ein blomestand som ser ut som ein paraply. Det finst flate og meir eller mindre kulerunde paraplyar, og hos nokre artar er ein stor paraply sett saman av mange mindre paraplyer med småblomstrar. 

I denne familien finn vi ikkje berre nytteplantar, her finst òg nokre av våre verste ugras, til dømes hundekjeks, og nokre av dei giftigaste plantane i vår flora. Mest frykta er selsnepe, og frykta for denne planten gjer at mange ikkje torer plukka ein einaste skjermplante. Men dersom ein veit kva ein skal sjå etter er dei viktigaste skjermplantane greie å kjenne att. Jordnøtt liknar korkje på selsnepe eller andre av dei giftige skjermplantane. Det er ein liten, grann plante, omlag 30 cm høg, med kvite blomstrar i skjerm og små blad som kan minna litt om tynne karveblad.Jornøtta har ein spiseleg jordknoll med tydeleg nøttesmak. 

Utover i juli visnar heile planten bort, og då er det fåfengt å leita etter jordnøtt. Utanom på Vestlandet, er jordnøtt berre vanleg i Storbrittannia, i vestlege deler av Frankrike og i Nord-Spania. I Frankrike og Spania har den namn som tyder ulike variantar av «jordkastanje», men ikkje i Normandie! Her heiter den «jarnott» og liknande variantar av det norske namnet. Dette fekk den kjende norske botanikkprofessoren Jens Holmboe til å hevda at det i Normandie ein gong må ha vore ein sterk kulturell påverknad frå Vestlandet, ettersom jordnøtt ikkje finst andre stader i det norrøne språkområdet. No er det vel kjend at hertugdømmet Normandie i si tid vart skipa av den vidgjetne vikingen Gange-Rolv, også kalla Rollo, som i dei franske mellomalderskriftene vart omtala som «Le Danois». I København har dei difor sjølvsagt hevda at han var dansk. Men ifølge Snorre var han son til Ragnvald Mørejarl, ein av Harald Hårfagre sine fremste menn på Vestlandet. Sriden om Rollo var dansk eller norsk har rast i over hundre år. Siste nytt har vore DNA-testing. Rollo er det ikkje noko att etter, men skjelettrestar frå fleire av etterkomarane hans har vore testa —til inga nytte. I denne striden var det at Holmboe hevda, lenge før DNA-testing var oppfunne, at jordnøttnamnet i Normandie tyder på at Snorre hadde rett. Seinare har det kome fram at det òg i England finst «norske» namn på jordnøtt. I Yorkshire, nord for byen York, heiter planten «yornut», «jurnut» og liknande. I resten av Storbritannia har den heilt andre namn som ikkje har noko med norrønt språk å gjera. Det var stor kontakt mellom Vestlandet og områda kring York både i vikingtid og tidleg mellomalder, og på same måte som i Normandie vart plantenamnet verande att som eit minne om denne kontakten.

Fagerperikum (Hypericum pulchrum)

«Där bränner jag mitt brännvin själv, och kryddar med Johannesört.»

Sjølv om «Öppna Landskap» vart folkeeige på 1980-talet, er det langt frå alle som veit kva johannesört er for noko. På norsk heiter planteslekta perikum, og den arten Ulf Lundell hadde i tankane var truleg prikkperikum. Den er vanleg i Sør-Sverige, i Danmark og på Austlandet, især kring Oslofjorden. Ellers finst den over det meste av Sør-Noreg. Her vest er nok firkantperikum meir utbreidd, men alle perikumartane har stort sett dei same ettertrakta kvalitetane som det handlar om i songen. Og på svensk kallast dei alle johannesört. 

Fagerperikum veks fyrst og framst i lyngheiane langs kysten, frå Agder til Trøndelag. Du finn den på liknande vaksestader som purpurlyng — tørre, solvarme lyngbakkar. Men fagerperikum er ikkje så kjenslevar for vinterfrost, så den går litt lenger inn frå kysten. På Lygra er vintrne for harde for purpurlyng, men vi har fagerperikum. Alle perikumartane har gule blomar, motsette blad og opp til halvmeteren høge. Fagerperikum er noko mindre enn dei to hine, slankare og med ei grann, raudledt stengel. Medan firkantperikum har fire tydelege kantar nedetter stengelen, og prikkperikum har to, har fagerperikum ingen. Stengelen er heilt glatt. Den har hjarteforma, blågrøne blad og intenst gule blomar med eit svakt raudskjær.Den har fått sitt namn med rette, dette er verkeleg ein vakker plante. Det er ikkje berre det norske namnet som syner det, på dansk heiter den «smuk perikon», og sjølv om det offisielle svenske namnet er «hedjohannesört», så vert den òg kalla for «skönpirk». Så her er det full skandinavisk semje. På latin heiter planten «Hypericum pulchrum». Og for å ta det siste først: «Pulchrum» tyder sjølvsagt vakker på latin. Men slektsnamnet «Hypericum» er òg interessant. Det er eit gamalt gresk plantenamn som har blitt latinisert. Opphaveleg kjem det av «hyp» som tyder mellom, og «ereicon»som tyder lyng. Altså «mellom lyng». Av dei norske perikumartane er det ingen dette høver betre for enn fagerperikum.

Alle perikumartane har det til felles at hvis du gnid ein blome eller ein blomsterknopp mellom fingrane, vert dei farga av blodraud plantesaft. Første gong du gjer det ser det ut som reinaste trolldom. Forklaringa på dette skal vera at planten i si tid stod att med den heilage krossen og tok til seg Kristi blod (I Sverige handlar det sjølvsagt om blodet til døyparen Johannes). Dette gjer at det ikkje var nokon ende på kva magiske krefter som perikumplanten inneheldt. Den kunne hjelpa mot alt frå mageproblem til lynnedslag, men især mot alt som hadde med blod å gjera. Fleire stader vart perikum difor kalla for manneblod! Då folk oppdaga korleis dei skulle laga seg brennevin, fann dei snart ut at turka blomsterhovud av perikum var ein framifrå måte å setja farge og smak på dei sterke dråpane. 

Smalkjempe (Plantago lanceolata)

Smalkjempe er ein plante som ikkje alle legg merke til, enno den er vanleg på grasmark ute ved kysten. På Lyngheisenteret veks det mykje smalkjempe på dei graskledde knollane kring informasjonsbygget. Fleire kjenner gjerne den nærskylde grobladkjempen, som finst på tun, i stigar og andre stader med mykje tråkk. Smalkjempe liknar, men har smalare blad og veks i enga. Heilt sidan oldtida har groblad vore kjend for sin lækjande verknad på sår. Smalkjempe innehel mykje av dei same stoffa, men dei smale blada er lite eigna som plaster. Derimot vart avtrekk av smalkjempe nytta mellom anna mot sår hals og hoste.

Smalkjempe blømer mest i mai/juni, og især ved jonsokleite. Den vart difor ofte kalla for «jonsokgras» og liknande. Namnet «kjempe» kjem frå ei gamal barneleike kor ein nytta blomsterstilken til å «kjempa» med. Før bløminga tek til fell blomsterhovudet lett av stilken, og den som først miste hovudet hadde tapt. Eit anna namn på smalkjempe var «livgras». For å skjøna dette lyt me sjå nærare på bløminga til smalkjempe. Det som ser ut som eit brunsvart blomsterhovud, er i røynda eit aks med ein heil blomsterstand av pitte små blomstrar. På evolusjonen si lange ferd, fann forløparane til kjempeartane ut at dei var best tent med vindpollinering. Då trong dei ikkje bruka energi på fargerike kronblad og nektar for å lokka tilseg insekt. Heile blomen er redusert til nokre små skalliknande blad. For å unngå sjølvbefrukting er kvar blomster først i hokjønna, deretter i hankjønna fase. Den hokjønna fasen er nesten usynleg, berre støvvegen (arret) stikk fram som eit langt gulvore, frynsa hår. Den hankjønna fasen er langt meir iaugefallande. Frå kvar lita blome stikk det ut fire lange støvbærare med kvite, fritthengjande pollenknappar. Bløminga startar nedanfrå i blomsterstanden med ein ring av hokjønna blomstrar. Etter kvart som denne ringen vandrar oppetter akset, startar ein ny ring med støvbærare å koma nedanfrå. Det er når smalkjempen står med ein kvit ring rundt hovudet at folk legg merke til planten. Då kan den nyttasttil ymse spådomskunster, særleg jonsoknatta. Ved å ta inn ein blomsterstilk, plukka av alle støvbærarane og leggja den under hovudputa, vil talet på nye støvbærare som kjem ut fortelja kor mange nye kjærestar du vil få. Og kjem det ingen nye støvbærare, kan du ikkje rekna med å leva fram til jonsok neste år. Difor namnet «livgras».

Dei fritthengjande pollenknappane til smalkjempen sørgjer for at blomsterstøvet vert spreidd vidt ikring. Berre ein liten brøkdel går med til å laga nye frø, resten hamnar rundt om i naturen. I torvmyrer og innsjøsediment kan blomsterstøv halda seg i tusenvis av år. Frå studiar av slike avsetjingar kan botanikarane syna at smalkjempen kom her til landet alt like etter siste istid. Men etter kvart som landet vart skogdekt, fanst denne lyskrevjande planten berre att hist og her i strandsona. Då landbruket tok til å opna opp att det skogkledde landskapet for 5-6000 år sidan, fekk smalkjempen sin store sjanse. Over alt kor folk rydda seg åker og eng, dukka den opp. Dette heng saman med frøspreiinga til kjempeartane. Når frøa vert mogne vert dei klebrige, især i fukteg vêr. Då set dei seg fast på alt som fær forbi, anten det er to- eller firføtingar, eit kjerrehjul eller kva som helst anna. Difor spreidde smalkjempe seg over heile Europa saman med det første jordbruket, som nissen på lasset. På den måten vert blomsterstøv frå smalkjempe i gamle avsetjingar ei viktig kjelde til kjennskap om den eldste jordbrukssoga.På same vis som smalkjempe vart òg groblad spreidd vidt ikring, heilt til Nord-Amerika. Her vart groblad innførd med dei første europeiske nybyggjarane, og den spreidde seg utover kontinentet der europearane slog seg ned og rydja land. Dei lokale innfødte la sjølvsagt merke til denne nye planta, og dei kalla han for «den kvite mann sit fotefar».

Tettegras (Pinguicula vulgaris)

Tettegras er ein av dei kjøtetande planten vi finn i lyngheiane. Slekta har tre artar i Noreg. Den arten vi har i lyngheiane heiter vanleg tettegras og har ein blå blome øvst på ein bladlaus stilk. I fjellstroka frå Trøndelag og nordetter finst ein annan art som liknar — fjelltettegras. Men den har gulkvite blomar. Den tredje tettegrasarten — dvergtettegras — er heller sjeldan og kjem aldri i nærleiken av lyngheiane. Tettegras har ein rosett av grøne, småfeite blad som ligg trykt ned mot bakken. Overflata av desse blada er dekt av eit seigt slim. Overflata av desse blada er full av kjertlar som produserar slim og fordøyingsenzym. For dei stakkars insekta som hamnar her er resultatet det same, dei kjem ikkje laus og går ei sikker daud i møte. Emzyma som bladet skil ut bryt ned insekta og tettgraset absorberar næringa frå dei. Tettegras vart nytta på mange vis i folkemedisinen, mellom anna til å farga håret gult. Falske blondiner er ikkje noko nytt! Men mest kjend er likevel bruken av planten i mjølkestellet. Tettemjølk, eller tjukkmjølk, er ein form for seig surmjølk som kan halda seg i lang tid. Det har tradisjonelt vore vanleg å tru at tettemjølk kan lagast av å leggja blad av tettegras i ein bøtte med nysila mjølk. Enzyma som planten nyttar til å løysa opp insekta får rett nok mjølka til å koagulera, men dette er ikkje eigentleg tettemjølk. Den vert laga av spesielle bakteriar, tilsett frå ein tidlegare mjølkekultur. Det er mogeleg at desse bakteriane på ein eller annan måte har samanheng med tettegraset, men korleis dette heng i hop har forskarane enno ikkje kome til botnar i.

Rundsoldogg (Drosera rotundifolia)

Av soldogg har vi eigentleg tre artar her i landet, men den vanlegaste i lyngheieane er rundsoldogg. Den har runde, små, gule blad som er dekka med raude kjertelhår. I enden på kvart hår sitt ei lita doggdråpe, sjølv i varmt og turt ver. Folk la sjølvsagt tidleg merke til dette, og dei mangla ikkje på gode forklaringar. Nokre meinte det var tårene til Jomfru Maria, andre heldt på Kristi svette. Ein slik plante måtte i alle høve ha magiske krefter, og dråpane frå soldoggblada vart difor ein viktig ingrediens i folkemedisinen. Dei vart nytta mot mange slags plagar som augnesjukdom, liktorn, helvetesild og ringorm. Fleire stader vart planten kalla ringormgras. 

Tek du fingeren borti eit blad vil du fort merka at dråpane ikkje er dogg. Det er ein klistrande væske, og hvis eit insekt rotar seg bort på eit slikt blad, sit det fast. For oss er dette klisteret ufarleg, men det stakkars insektet er dødsdømd. Medan det kavar for å sleppa laus klinar det seg berre til med meir av klisteret og lid ein langsam kvelningsdaud. Samstundes foldar bladet seg saman og skil ut ymse enzym som løysar opp insektet til næringstoff for planten. Når all nyttande næring er soge ut av dyret, foldar bladet seg ut og kvittar seg med restane av insektet. Så kjem det nye dråpar på kjertelhåra, og planten er klar til ny fangst.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1